Myre (Fedje gnr 172 bnr 37)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myre
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 37
Adresse: Stormarkvegen 150

Myre er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Karl Gudmundsen Husa f. 1873 (gnr 168 bnr 6-3b) d. 1948 g. 1898 m. Gurine Karlsd f. 1872 Træsneset (gnr 171 bnr 1-lh) d. 1950. Dei kjøpte jord her i 1917, sjå gnr 172 bnr 16-1. Etter at jorda vart delt i tre, fekk dei skøyte på denne parten med bnr 37 i 1921. Dei budde først på Husa (husmenn 4), der dei sette opp hus, heile familien er ført der. I 1935 flytta dei huset hit.

2. Albert Karlsen Husa f. 1903 (husmenn 4c) d. 1996 g. 1934 m. Emma Olsd Husa f. 1912 (gnr 168 bnr 11-8g) d. 2007. Det var Albert som dyrka opp jorda her. Han fekk skøyte av faren (nr 1) i 1941. Unnateke var halve våningshuset, som han fekk skøyte på i 1955 (sjå gnr 172 bnr 103-1). Albert var fiskar, m.a. medeigar M/S «Feieøy». Dei hadde eit par kyr til slutten 1950-talet, og 7-8 sauer. I 1967 vart tomta med våningshuset frådelt, sjå gnr 172 bnr 124.

Born: a. Gerd Klara Husa f. 1936 d. 2023, ugift, busett her, sjå òg gnr 172 bnr 124. b. Oddmund Jan Husa f. 1939, neste eigar (3) c. Marie Husa f. 1942, ugift, tekstilarb., bustad Bergen, sjå òg gnr 172 bnr 124. d. Arne Husa f. 1947, butikkmedarb., g. 1978 m. Helga Hellestvedt f. 1948 Espetveit i Meland (sjå Stormark gnr 172 bnr 20-3ga), hjelpepleiar, bustad Espetveit, frå 2021 Frekhaug i Meland i Alver kommune.

Oddmund Husa (bnr 37-3) med ljåen

3. Oddmund Husa f. 1939 på dette bruket (2b), tømrar, g. 1961 m. Hildbjørg Aadland f. 1937 Fana, Bergen d. 1998, sjukepleiar. Dei bygde nytt hus her i 1967, etter at det opprinnelege huset var frådelt (sjå nr 2 ovanfor). Dei dreiv med sauehald.

Born: a. Harald Husa f. 1962, skatterevisor, g. 1990 m. Kari Jakobsen f. 1964 TimeJæren, sjukepleiar, busette der. b. Jostein Husa f. 1964 g. 1993 m. Linda Nesje f. 1970 Molde, bustad Bergen, bygde seinare på frådelt tom (gnr 172 bnr 212). c. Bjarte Husa f. 1965 g. 1991 m. Bjørg Karin Åsgård f. 1973 Leiknes i Lindås (jf Alenfitb. IIB s 191), begge kyrkjetenarar, bustad Bergen. d. Arve Ivar Husa f. 1967 g. 1990 m. Jorun Kjærstad Åsgård f. 1971 Leiknes i Lindås (søster til Bjørg g.m. c.), bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 200). e. Oddvin Husa f. 1971, industriarb., bustad Alversund i Lindås, seinare Åsane i Bergen.

Tomta med huset vart frådelt i 2009 med nytt gnr 172 bnr 226. Oddmund skøytte samstundes ein part av huset til to av sønene, slik at Oddmund og Oddvin eig ein firedel kvar, og Bjarte ein halvdel. Jostein fekk då skøyte på bnr 37 (jorda). Han er òg eigar av løa, som ligg på tomta bnr 243, frådelt bnr 226 i 2018. Løa er ombygd med husvære, kjøken og serveringslokale.


Fedje komm.svg Myre (Fedje gnr 172 bnr 37) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Storhaug (Fedje gnr 172 bnr 36) • Neste bolk: Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 100)