Time kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Time
1121 Time komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1121
Fylke Rogaland
Kommunesenter Bryne
Areal 183.26  km²
Areal land 170.94  km²
Areal vann 12.32  km²
Folketall 19 781 (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Koordinater: 58°43′22″ N 005°45′55″ Ø


Time er ein kommune midt på Jæren i Rogaland fylke. Han grenser til Sandnes i nord, Gjesdal i aust, Bjerkreim og i sør og Klepp i vest. Delar av grensa til Klepp kommune går gjennom Frøylandsvatnet.

Den største tettstaden er Bryne, som fekk bystatus 1. januar 2001. Andre tettstadar er Frøyland, Kvernaland (som også ligg delvis i Klepp), Lyefjell og Undheim.

Avisa Jærbladet kjem ut på Bryne. Time kommune er med i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Historikk

Kommunen (og soknet) er oppkalla etter garden Time (Norrønt språk Þímin, *Þímvin), der Time kyrkje ligg. Kommunen kom til i samband med formannskapslovene i 1837.

Næringsliv

Av kommunearealet på 182 km² er 13 km² ferskvatn og 68 km² jordbruksareal. Landbruket og husdyrhaldet er viktig i Time, med mellom anna hønse-, saue-, storfe- og svinehald. Industrien sysselset trass i dette kring dobbelt så mange. Bryne har eget vinmonopol.

Kultur

Kommunen sin tusenårsstad er Bryne Mølle. Bryne Mølle er saman med kulturhuset Storstova Jæren sitt regionale kulturhus. Tusenårstreet vart planta ved kyrkjegarden ved Time kyrkje. GarborgheimenGarborg og Knudaheio ved Undheim er museum.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet vart fastsett i 1977. Det syner ei vipe (Vanellus vanellus).

Kjelder/bakgrunnsstoff


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Time kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.