Forside:Time kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Jæren • Ryfylke • Haugalandet
Gjesdal • Time •  • Klepp • Sola • Sandnes • Stavanger • Randaberg

Om Time kommune
1121 Time komm.png
Time er ein kommune midt på Jæren i Rogaland fylke. Han grenser til Sandnes i nord, Gjesdal i aust, Bjerkreim og i sør og Klepp i vest. Delar av grensa til Klepp kommune går gjennom Frøylandsvatnet. Den største tettstaden er Bryne, som fekk bystatus 1. januar 2001. Andre tettstadar er Frøyland, Kvernaland (som også ligg delvis i Klepp), Lyefjell og Undheim. Avisa Jærbladet kjem ut på Bryne. Time kommune er med i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Torleiv Årrestad
Foto: Norske skolefolk (1952)
Torleiv Årrestad (fødd 18. desember 1905 på Årrestad i Time, død 30. september 1998) var lærar. Han skreiv seg fyrst for Aarrestad, men bytta til Årrestad, noko som òg står på gravminnet på Undheim kyrkjegard.

Han var son av bonde Peter Nilsen Aarrestad og Malena Napoleonsdatter f. Njølstad. Torleiv Aarrestad tok eksamen ved Stord lærarskule i 1926.

Som nyutdanna var han vikar i tre år, før han i 1930 vart tilsett i krinsane Leknesund og Austrefjord, Solund kommune. I 1933/34 arbeidde han i Straumen skulekrins i Solund. Etterpå var han lærar i Tunheim krins i Time.   Les mer …

Einar Aarrestad
Foto: Norske skolefolk (1952)
Einar Aarrestad (fødd 26. juni 1902 i Hetland kommune ved Stavanger, død 31. mai 1989) var lærar, kyrkjesongar og aktiv fråhaldsmann.

Han var son av lærar P.A. Aarrestad og Elisa Bertine f. Dyskeland. Einar Aarrestad tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1926.

Aarrestad var vikar i krinsane Talje og Hidle på Sjernarøy i to år, dinest var han eitt år ved Vigrestad folke- og framhaldsskule og eitt år ved Frue framhaldsskule. I åra 1932-40 var han tilsett ved Tine framhaldsskule, og var frå kring 1940 til 1947 ved Roaldsøy folkeskule i Hetland. Etterpå arbeidde han som lærar ved Hommersåk folkeskule i Riska, i noverande Sandnes kommune.   Les mer …

Hallvard Tjelmeland.
Hallvard Tjelmeland er en professor i historie, som fra 2005 ble instituttleder for historie og religionsvitenskap ved Universitetet i Tromsø. Han ble født på Jørpeland i 1952 og vaks opp på Bryne. I 1982 fikk han sin Cand. philol-grad på «Avradikaliseringa av Det norske Arbeidarparti i mellom-krigs-tida. Ei historiografisk drøfting». Han var amanuensisvikar ved Universitetet i Tromsø i studieåret 1982/83, 1986/87, 1990 og 1993. Samme stilling hadde han ved Sogn og Fjordane distriktshøgskole i 1984/85. Men han var også engasjert av Tømrer og Snekkernes Fagforening i Oslo fra 1983 til 1985, av Postdirektoratet fra 1985 til 1988 og Tromsø kommune fra 1988 til 1993. I perioden 1994-1996 var han tilsatt som midlertidig professor før han ble tilsatt som professor fra høsten 1997 og instituttleder fra høsten 2005.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Forside:Time kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Time kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar