Forside:Sauda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Sauda kommune
1135 Sauda komm.png
Sauda kommune er ein kommune i Rogaland. Han grensar til Suldal kommune i Rogaland, og Ullensvang kommune og Etne kommune i Vestland. Sauda kommune vart oppretta i 1842, då han vart skild ut frå Suldal kommune, og har hatt uendra grensar sidan. Dei fleste av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret og den gamle industristaden Sauda, som hadde 4272 innbyggjarar per 1. januar 2012.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Wergelandsveien i Åbøbyen, Sauda.

Åbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane.

Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er ”paradegata” mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.

Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som Odda, Tyssedal, Jørpeland, Flørli, Glomfjord, Rjukan og Eydehavn.   Les mer …

Ingeborg Søndenå med malmlass på hestekjerra. Dette er logoen til Ingeborg Handverk S.A., og logoen er teikna av Elisabeth Hellerdal Fosstveit.
Ingeborg Søndenå (1851-1891) kom frå Birkeland i Sauda. Ho arbeidde som hestekøyrar i sinkgruvene i Allmannajuvet. Ingeborg vart kjend for å køyra to hestelass frå der andre berre greidde eitt, og endåtil kunne ho spøta (strikka) medan ho køyrde[1].   Les mer …

Kraftstasjonen Sauda III stod ferdig i 1930. Arkitektane Bjercke og Eliassen stod for utforminga av stasjonen, og det var det lokale kraftselskapet A/S Saudefaldene som var utbyggjar.
(2016)

Kraftstasjonen Sauda III ligg som eit landemerke, sentralt i Sauda, og godt synleg når ein kjem inn fjorden. Vasskrafta var grunnlaget for industrireisinga i Sauda, og det var A/S Saudefaldene som stod for utbygginga. Kraftutbygginga med Sauda I-IV skjedde i ein femtiårsperiode frå 1919 (Sauda I) til 1967 (Sauda IV). Kraftstasjonen Sauda III starta å produsera kraft 15. februar 1931, og heldt det gåande fram til aggregata blei slått av for godt i 2008. Sauda III vart då erstatta av det nybygde Sønnå kraftverk.

Utbygginga Sauda III, med kraftstasjonen, røyrgata og dammen ved Storlivatnet, har nokre særeigne og særskilde løysingar som er verdt å ta vare på. Mellom anna er dammen ved Storlivatnet rekna som eit pionerarbeid innan norsk dambygging. Dammen vart planlagt av den kjende dameksperten og ingeniøren Christian Fredrik Grøner. Arbeidet og planlegginga av sjølve kraftstasjonen stod dei like kjende arkitektane Andreas Bjercke og Georg Eliassen for.   Les mer …

Allmannajuvet i Sauda kommune, frå anlegget teikna av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Her ser ein galleriet.
Foto: Knut Rage
(2017)

Allmannajuvet i Sauda kommune var i åra frå 1882 til 1898 eit gruveområde der det vart henta ut malm. I dag er dei nedlagde malmgruvene omgjort til ein turistattraksjon som årleg tiltrekkjer seg tusenvis av besøkande. Det første registrerte funnet av malm i Sauda vart notert 2. oktober 1881. Fram til drifta vart nedlagd i 1898, vart det produsert 12 000 tonn malm i gruvene. Dei første åra vart malmen frakta med kløvhestar ned til fjorden. Hestane bar 100 kilo malm, mens mennene tok 25 kilo kvar. Malmen vart transportert vidare med dampbåt langs Saudafjorden og eksportert til utlandet.

Det var husmannen og ferjemannen Gregoirus Hansson Tengesdal som i 1881 gjorde eit funn som skulle bli starten for industristaden Sauda, og dermed føra arbeidarklassen, industri og utanlandsk kapital dit. Han fann nemleg hovudåra i eit belte av sinkblende. I det solfattige juvet 6-7 kilometer aust for Sauda fekk bygda si første industriverksemd, Sauda Grubekompani.   Les mer …

Ragnhild (Margarit) Nergaard (født Raugstad 5. desember 1907 i Sauda, død 28. mars 2014 i Oslo) var datter av Elida Hansdatter og Johannes Raugstad. I 1910 bodde familien på Nes på Romerike, der faren var lærer ved Auli skole.

I 1944 ble hun gift med overingeniør Asbjørn Nergaard (1906-80), og de fikk barna Eli, Sidsel og Sverre. Familien bodde i Oslo; i 1965 var adressa Svingen terrasse 1Røa.

Ragnhild Nergaard ble hele 106 år gammel.   Les mer …

Faksmilie frå Stavanger Aftenblad, 22. juni 1957.

Severin Aabø (fødd 9. september 1888 i Sauda, død 21. juni 1957 i Stavanger) var ein lærar som hadde lengste bolken av yrkeskarrieren sin i Stavanger-skulen. Aabø var òg ein aktiv fråhaldsmann og sat som Venstre-mann i Stavanger bystyre.

Han var son av gardbrukarparet Signe og Knut K. Aabø og tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1910.

Som nyutdanna hadde Aabø eit stutt vikariat i Grotland skulekrinsVoss, før han i 1911 byrja Aabø som lærar i Frue i Hetland. Der var han til 1919. Deretter arbeidde han ved Nylund skule i Stavanger. Frå 1938 til 1947 var Aabø skulestyrar ved Buøy skule, ein annan Stavanger-skule. Seinara var han ved Sørvik skule på Lindøy og ved Johannes skole, der han var overlærar.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Forside:Sauda kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Sauda kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar