Sauda sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sauda sogelag sin logo.

Sauda sogelag i Sauda kommune i Rogaland vart skipa 31. januar 1979. Laget skal «fremje interesse og forståing for historiske minne i Sauda, til dømes ved å samla segner, stadnamn og munnleg tradisjon om liv og arbeid, sed og skikk, arbeide for å verne materielle kulturverdiar og kulturmerke og fremje samarbeidet mellom ulike lag, utval og institusjonar i saker av kulturhistorisk verdi».

I 2019 hadde sogelaget 191 medlemmer. Ved oppstarten låg medlemstalet på om lag 30, og det har sidan vore ein jamn auke. Fleire eldre medlemmer er døde, men nye kjem stadig til.

Hovudaktivitetar

Wergelandsveien i Åbøbyen.
Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit (2014).
  • Møteverksemd: opne møte med aktuelle lokalhistoriske tema og kåsørar.
  • Laget arrangerer turar, mellom anna på gjengrodde stiar i bygda og ein jubileumstur til Telemark. Medlemmene har òg reist til Orknøyane og Midt-England.
  • Sauda sogelag har også stått bak fleire jubileumsmarkeringar, mellom anna Smelteverket i Sauda 100 år, Saudefaldene 100 år og Kjartan Fløgstad 70 år. I lag med kyrkja har ein skipa til Olsokfeiring på middelalderkyrkjegarden i Saudasjøen.
  • I 1980 tok sogelaget initiativ til å få verna bydelen Åbøbyen i Sauda. Hausten 2019 opna riksantivar Hanna Geiran skiltløypa i Åbøbyen, med informasjon om historie og arkitektur.
  • Samarbeid med Sauda fotoklubb om tre billedhefte frå gamle Sauda.
  • Innsamling av fleire hundre stadnamn, og dei er også merka av på kart.
  • Vertskap for tidlegare tvangsarbeidarar på Nordaganlegget frå Kvite-Russland og Frankrike på besøk i Sauda. Nordaganlegget var ein tysk fabrikk bygd opp i Sauda under andre verdskrigen. Arbeid med å gjera historia om Nordaganlegget kjent.
  • Litteraturhelg tre år på rad rundt 2010 med Kjartan Fløgstad og Ola E. Bø som kunstnariske leiarar.
  • Laget har uttalt seg om namnebruk på gater, vegar og bustadområde, om felling av tre langs kyrkjegarden og arbeidd for freding av Stasjon III, kraftstasjon frå 1930 og einaste i art deco-stil.

Eit par-tre år på 1990-talet var det lite møteaktivitet, men leiaren var då oppteken med andre sogelagsoppgåver.

Publikasjonar

  • Årsskrift, utgjeve kvart år sidan 1980.
  • Tre gater på Øyra, hefte om husa og butikkane.
  • To hefte med bilde frå gamle Sauda.
  • Hefte med bilde frå Nordaganlegget.
  • CD med gamle bilde frå Sauda.

Leiarar

  • Lars Viland 1979-1999, var også kåsør og mangeårige skriftstyrar av årsskriftet
  • Aslaug Astad 1999-

Andre sentrale personar

  • Torgeir Vetti, sekretær, kåsør og skriftstyrar.
  • Syvert Bruknapp, skriftstyrar i 10 år.
  • Roar Lund, skriftstyrar sidan 2015.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer