Forside:Utsira kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Dalane • Jæren • Ryfylke • Haugalandet
Bokn • Karmøy • Utsira • Haugesund • Tysvær • Vindafjord

Om Utsira kommune
1151 Utsira komm.png
Utsira kommune er ein kommune i Rogaland. Kommunen består hovudsakeleg av øya Utsira samt nokre mindre skjer, og har inga grenser over land, men har sjøgrense mot Karmøy kommune. Kommunen vart oppretta i 1924, da han vart skilt ut frå Torvastad kommune. Med sine 210 innbyggjarar er Utsira kommune minst i landet etter folketal, og med sine 6,3 kvadratkilometer er kommunen nest minst i landet etter areal, berre slått av den noko meir tettbefolka Kvitsøy kommune. Utsira kommune har inga tettstader. Første ledd av navnet «Utsira» viser til at øya ligg langt til havs, mens sisteleddet «-sira» ikkje er sikkert forklart. Ifølgje Store Norske Leksikon kan det koma anten av verbet sjå eller av sær («sjø»). Kommunevåpenet har fire sølvfarga trekantar som dannar eit kors mot blå bakgrunn, og førestiller lys frå eit fyrtårn. Utsira fyr vart oppretta i 1844, og vart freda 1999.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Heradsstyret på Utsira 1926–1928, med elleve kvinner og ein mann. Aasa Helgesen er nummer 8 på biletet. Frå Inntrøndelagen sitt julenummer 1925.

Aasa Helgesen (fødd 11. februar 1877 i Bjelland, død 29. april 1968Utsira) var første kvinnelege ordførar i Noreg, i Utsira kommune frå 1926 til 1928. Ho var med dét også Europas første kvinnelege ordfører.

Ho var dotter av gardsarbeidar Ole Sørensen Røinesdal (1852–1938) og Sissel Johnsdotter Kåland (1841–1902), og voks opp på husmannsplassen Røinesdal i Bjelland, no i Marnardal kommune. Etter grunnskulen blei ho hushjelp hos ein bonde der. Med et garanti for eit lån på 300 kroner frå bonden og lensmannen kunne ho utdanne seg til jordmor i Kristiania. Då ho var ferdig utdanna i 1902 prøvde ho å få jordmorjobben i Bjelland, men blei innstilt som nummer to og måtte søkje andre stader.

Aasa Røinesdal fekk i 1903 jobben som jordmor på øya Utsira i Rogaland, utafor Karmøy. Den gongen tok det ni timar med båt ut dit, og det var ein stor overgang frå skogsbygda ho hadde vokse opp i. Ho blei raskt kjend med folk på Utsira, og fann seg godt til rette. Ho møtte mellom anna fiskaren Sivert Helgensen (1883–1941), som ho blei gift med den 24. juni 1907. Dei fekk åtte born: Karoline, Solveig, Johan, Olaf, Sigurd, Louise, Thomas og Arne.

Den 1. juli 1924 blei Utsira eigen kommune, etter å så langt ha vore ein del av Torvastad kommune. Det blei utpeika eit mellombels heradsstyre, og Sivert Helgesen blei første ordførar. Første val i den ny kommunen blei halde den 29. oktober 1925. Det var eit reint fleirtalsval, utan omsyn til lister. Det blei sett opp ei kvinneliste med tolv namn, mellom anna Aasa Helgesen. Så hende det at elleve kvinner og ein mann blei valde.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Forside:Utsira kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Utsira kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar