Frå venstre syskjena Margit Alida, Astrid Jørgina og Otto Hegelstad framfor driftsbygningen på Lille Svela, kring 1965.
Foto: Ukjend
Margit Alida Hegelstad (fødd 13. oktober 1911 i Bjerkreim, død 15. mai 1997 i Stavanger) var gardbrukar og sjukepleiar. Under andre verdskrigen vart ho arrestert for motstandsarbeid.
Under krigen vart ho involvert i motstandsarbeid. Saman med sine to syskjen på Lille Svela var ho med på å gøyme flyktningar som skulle sjøvegen til
Skottland. Den 29. november 1944 hadde
Gestapo ein stor razzia i bygda. Bakgrunnen var ei liste frå
Heimefronten som dei hadde fått tak i. Der stod namna på dei som skulle mobiliserast om det kom ein engelsk invasjon. Margit Hegelstad stod nok ikkje på den lista, men det var mistanke om at ho hadde gøymt flyktningar. Ho var difor arrestert og sendt til
Stavanger kretsfengsel i
Lagårdsveien. Der sat ho til 8. februar 1945, då ho vart overført til
Møllergata 19 i
Oslo med fangenummer 7044. Der vart ho sitjande til freden kom i mai 1945. Ni andre frå bygdefolket og sju som var på veg ut av landet vart også tatt i razziaen. Ei løe der dei hadde gøymd flyktningar på Svela vart skoten i brann.
Les mer …
Flyfoto av Vikeså frå 1961.
Foto: Widerøe / Nasjonalbiblioteket
Vikeså er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bjerkreim kommune i Rogaland. Med drygt 1000 innbyggjarar (2018) er meir enn ein tredjedel av de som bur i kommunen samla i Vikeså. Staden ligg ved E39 eit par mil sør for Ålgård og nord for Svelavatnet. Eit anna viktig vegsamband er riksveg 503 til Byrkjedal.
Namnet kjem truleg for norrønt
vikir, eit eldre namn på Svelavatnet, kombinert med naturnemninga
ås.
Les mer …Bjerkreim kommune er ein kommune i
Rogaland. Kommunen grensar til
Gjesdal i nord,
Sirdal i aust,
Eigersund i sør og
Hå og
Time i vest. Administrasjonssenteret er
Vikeså, som er einaste tettstaden i kommunen. Kommunenamnet er teke frå kyrkjestaden
Bjerkreim. Den norrøne forma
Bjarkareimr er sett saman av
bjǫrk, trenamnet 'bjørk', og 'heim'.
Bjerkreim er ein jordbrukskommune, med særleg vekt på husdyrbruk. Kommunen hadde i 2010 det høgaste talet sauer blant landets kommunar. Det er ein del industri, og kommunen har vore i vekst i seinare år. Særleg finn ein verkstadindustri, men òg næringsmiddel- og trevareindustri.
Les mer …