Sneaths park

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sneaths park ligg i Åbøbyen i Sauda.

«Det er vel ikke så ganske få, som når de skal summere opp sine inntrykk fra Sauda, begynner med Parken. Det er da også en perle for den som elsker blomsterarrangementer og bed.»[1] Slik skriv Stavanger Aftenblad i 1956.

Sneath’s Park var eit flott postkortmotiv. Dette kortet viser parken på 50-talet. Foto: Normanns kunstforlag AS, Ryfylkemuseet

Visjonar om ein ny by

Då bedrifta Electric Furnace Company Ltd (EFP) i 1914, fekk konsesjon til å byggja ut industri i Sauda var det på visse vilkår, på same måte som ved etableringa av andre industristader i landet. Bedrifta kommenterte vilkåra slik:

Vi agter at bygge det sundeste og bedst utstyrte fabrikanlæg i sit slag i Norge – et anlæg som vil bli til ære baade for Norge, distriktet, regjeringen og os selv.

Når dei her seier «fabrikanlæg» er dette i vid forstand, altså ikkje berre sjølve fabrikken, men òg bustader, grøntanlegg, og det som høyrer til. Slik sett kunne ein seia at dei hadde som mål at staden Sauda skulle visa veg for resten av landet. Til ein viss grad var det også slik, og hovudstadsaviser og utanlandske media kom til Sauda for å sjå og læra. I 1928 var Dagbladet på besøk for å laga ei sak om den nye byen inst i Ryfylke. Slik skreiv dei då om den nye industribyen:

Det blir efter alt å dømme en sund og vakker by, som amerikanerne har regulert ut på Åbøflaten efter havebyprinsippet. Et lebelte av naturlig bjerkeskog ligger mellem selve fabrikkanlegget og den såkalte amerikanerby. Lengst borte og Innunder en morenebakke ligger selskapets nye helt moderne sykehus. På flaten fremover følger så meget systematisk de høiere funksjonærers og de lavere funksjonærers boliger og arbeiderboligene. Intet er spart for å gjøre det hele så vakkert og praktisk som mulig, og selskapet fortjener all mulig ros for byanlegget. I gatene er plantet alleer av poppel, lind og lønn, og flere tennisplasser er anlagt. På Sønnåhaugen er dessuten hittil bygget hus i gammel vestlandsstil for maskinfolkene ved den nye kraftstasjon. Hvert hus er forsynt med sitt jordstykke til have, poteter og grønnsaker.[2]

Her er parken fotografert ein vårdag i april 1928. Dei merkelege figurane ein ser rundt sirkelbedet i midten er truleg planter som har fått ein sekk over seg som vern mot tung snø. Foto: Sauda Lokalarkiv.

Hageby

I tråd med konsesjonsvilkåra måtte det først liggja føre ein godkjend reguleringsplan før bygginga av den nye industristaden kunne ta til. Med denne planen kunne industriherrane realisera sine visjonar og idear om ein «Company Town[3]» etter hagebyprinsippet.

Kva er så ein hageby? For å seia det kort kom ideen om hagebyar som ein reaksjon mot dei dårlege buforholda arbeidarane budde under i byar og tettstader mot slutten av 1800-talet. Engelskmannen Ebenezer Howard vert rekna som grunnleggjaren av hagebyrørsla, og lanserte sine idear om «hagebyen» i boka si «Garden Cities of Tomorrow». Ideane vart omset til lokale forhold, og tilpassa industriherrane sine visjonar og idear, og resulterte slik i hagebyar over nær sagt heile verda. Sjølv om det sjølvsagt er mange variasjonar og ulikskapar mellom desse byane, er det påfallande korleis byane har eit slektskap med kvarandre. Det er noko som gjer at ein kjenner dei att som hagebyar, og som gjer at Sauda kan ha meir felles med ein by i England, Tyskland eller USA, enn sei Vikedal og Suldal. Felles for hagebyane er at dei gjerne byggjer på organiske bystrukturar, der gata er eit viktig element, og der forhagar og plassrom gir grunnlag for god fysisk standard for arbeidarane. Husa er teikna av arkitektar, og er bygde over eit relativt kort tidsrom. Livskvaliteten skulle sikrast gjennom høg bustandard med varmt vann, elektrisitet og ein sosial infrastruktur som inkluderte skular, idrettsplassar, badeanlegg, og fellesareal som parkar og andre møteplassar.

Høyanger og Sauda

Arne Bjelland i Sneaths Park ein gong på slutten av 1920-talet. Fotografen spurde om han ville stilla seg opp. Bjelland var på søndagstur. Foto: Ryfylkemuseet.

"Hagebytanken slo til en viss grad igjennom ved utformingen av de nye fabrikkbyene, t.eks. Sauda og Høyanger"[4], skriv Magne Bruun. Å sjå på nettopp desse to industristadane i samanheng er både interessant, ikkje minst når ein snakkar om hagebyar. Sauda og Høyanger fekk konsesjon om lag samstundes, og ordlyden i konsesjonsvilkåra er nær identitisk. Utbygginga av dei to stadene går parallelt, og snart reiser det seg moderne fabrikkar, bustader og hageanlegg. Ein mann er sentral begge stader: Direktør Sigurd Kloumann.

Kloumann hadde erfaringar frå samarbeidet med Sam Eyde i bygginga av industristadene Rjukan og Notodden, før han sjølv tok regien i industrireisinga på vestlandet. Sigurd Kloumann er kanskje den som gjennom sin entreprenørverksemd gav flest industristader i Norge sitt fysiske uttrykk i første halvdel av 1900-talet[5]. For å få til dette hadde han hjelp av dyktige ingeniørar, arkitektar – og ein anleggsgartnar. Det er funne få kjelder som fortel noko sikkert om kven som sto bak planane, dei første husa, og hageanlegga i Åbøbyen i Sauda. Det er likevel rimeleg å tru at ein brukte fleire av dei same fagfolka i Sauda og Høyanger. Mellom anna stod Morgenstierne & Eide for planane, og grøntstrukturar vart planlagt av den anerkjende anleggsgartnaren Ingolf Eide. Eide sto for parkanlegga både i Sauda og Høyanger, og hadde moglegvis ein finger med i privathagane, ifølgje Magne Bruun[6]. Det var den same Eide som teikna hageanlegget på Kloumann sin eigedom på Snarøya i Oslo i 1922. Dei to samarbeidde om fleire hageanlegg, og det er difor ikkje overraskande at Eide òg vart involvert i Sauda.

Parken – hjartet i hagebyen

Eide sin plan for parken har me ikkje funne. Derimot er det tilgjengeleg mange foto som viser korleis parken har sett ut til ulike tider. Dette gir oss viktig dokumentasjon om historia til parken.

Generalplan for Åbøbyen (1920) viser skjematisk plan for parken. Her er gangstiane vist, og plassering av tre er markert med sirklar. Skraverte område er bed og plantingar. Resten er plen. Kjelde: Sauda lokalarkiv.

Generalplanen for Åbøbyen av 30. juli 1920[7] gir oss òg informasjon om korleis parken var planlagt, og – ikkje minst – korleis planen heng saman med resten av hagebyen. Sjølv om gatene med sine lindeallear var flotte nok, var vel kanskje parken sjølve kruna på verket, eller hjartet i hagebyen. Det kan ein mellom anna sjå ved at parken har fått ein framtredande plassering: Ytst på ein terrasse i terrenget, og langsmed «paradegata» i hagebyen: Haakonsgata. Den sentrale plasseringa midt i Åbøbyen gjorde òg parken tilgjengeleg for flest mogleg.

Sjølv om generalplanen er overordna, og ingen detaljplan, kan ein likevel lesa ein del av hagedesignet og strukturane i parken. Til dømes ser ein dei slyngjande vegane, det sentrale midtpartiet med eit rundt bed, og ei innraming med planter langs ytterkantane av parken. Det som ikkje er areal for gangstiar, plassrom, og bed har truleg vore tenkt som plen.

I ytterkantane rammar låge hekkar inn parken. Innaføre denne rama har ein hatt eit felt med prydplanter. Dette kan ha vore stauderabatter, buskgrupper og enkeltståande tre. Tepper av plen dannar «golvet» i parken, berre avbrote av grusa stiar. Nokre stader var det truleg sett ut benkar, slik at ein kunne setja seg ned og nyta parken i all sin prakt. Slike benkar ser ein på fleire bilete av parken, og særskild i det sentrale midtfeltet med det runde bedet.

Dei grøne veggene i form av buskar og trer, hekkar, buegangar og geometriske former er med å gi parken sitt arkitektoniske preg.

Med Sneath’s Park som sentrum er det tydeleg at tre og planter er brukte medvite for å binda gatenettet og heile Åbøbyområdet saman til ein heilskap. Treslag som lind, kastanje og hagtorn dominerer, slik dei gjorde i den barokke hagekunsten, og skil Åbøbyen også på den måten merkbart ut frå den naturlege blandingsskogen som susar i Sønnåliane og oppover i Fløgstadåsen.[8]

William Henry Sneath

Bysten av William Henry Sneath er gjort av bilethoggar Per Palle Storm, og vart høgtideleg avduka 12. juni 1951.

Sigurd Kloumann og Ingolf Eide er nå nemnd, men det må fleire namn med. Eit av desse namna er William Henry Sneath. Den mest sjølvsagte årsaken er at det er etter han Sneaths park har fått namnet sitt. Ein veit lite om kva forhold Sneath sjølv hadde til parken, men det er rimeleg å tru at den var svært viktig for han. I talen han haldt under seremonien der bysta vart avduka (og parken fekk sitt nye namn) kjem det fram at han hadde vidare visjonar enn berre det å byggja ein fabrikk. Han ville at Sauda skulle vera ein vakker stad: "jeg ville gjøre mitt beste for at Sauda også skulle bli et godt sted å bo" [9]

Amerikanaren Sneath kjende nok godt til hagebyrørsla, for det var reist ei rekkje hagebyar, eller «Company Towns», i USA på den tida utbygginga tok til i Sauda. I USA hadde ein òg City Beautiful-rørsla som sprang ut av verdsutstillinga i Chicago i 1893. Denne rørsla bygde på ideen om at ein vakker by fungerer betre enn ein som er mindre vakker. Ein trudde at vakre omgjevnader ville heva moralen til innbyggjarane og gi eit sterkare samhold i samfunnet. City Beautiful-rørsla meinte ein kunne oppnå dette ved å satsa på arkitektur, på vakre bygningar saman med parkar, torg og grøntstrukturar. Slik kan ein seia at City Beautiful hadde mykje felles med hagebyrørsla.

Slike tankar kan Sneath ha tatt med seg over Atlantaren til sitt store prosjekt i Sauda. Han var utdanna arkitekt, og denne bakgrunnen kunne nok koma godt med når han skulle reisa eit nytt moderne samfunn inst i ein fjord i Ryfylke. I 1928 fylte Sneath 50 år, og då skreiv Stavanger Aftenblad om jubilanten:

Hr. Sneath er som en vet amerikaner. Han er oprinnelig utdannet som arkitekt og blev utsett som byggeleder da Union Carbide Company i 1914 gikk igang med å organisere sitt datterselskap Electric Furnace Products Company Limited og opførte fabrikkanleggene i Sauda.[10]

Kjartan Fløgstad kallar Saudautbygginga “babyen” til Sneath[11]. Det er vel eit uttrykk for at Sneath la ned mykje arbeid og kjærleik i anlegget i Sauda. Men han fekk òg mykje attende, både i venskap og i heider og ære. Mellom anna vart han slått til ridder av St. Olav-ordenen. Kan hende var det for William Henry Sneath aller gjevast å få parken i Åbøbyen kalla opp etter seg - med ei byste i bronse som sitt ettermæle.

Parken i dag

På 1980-talet ønskte smelteverket å kvitta seg med eigarskap av bygningar og grøntanlegg utanføre fabrikkporten. Husa i Åbøbyen blei seld til privatpersonar, medan gater og grøntanlegg blei overført til kommunen. Det er framleis Sauda kommune som eig parken og har forvaltningsansvaret. Med knappe kommunale ressursar har parken vore nedprioritert i mange år, og ein har ikkje greidd å halda Sneaths park på same nivå som den gong smelteverket hadde ansvaret.

Det måtte mange mann til for å halda byanlegga på stell. Her er gjengen stilt opp for fotografering. Byavdelinga hadde ein fast funksjonærstab på 6-7 personar, og ein arbeidsstokk som på det meste var oppe i 55 mann. I sommarmånadane kunne mannskapet vera oppe i 60-70 mann. Ein del av desse arbeidde med grøntanlegga til EFP. Gartnararbeida var leia av bygartnaren. Foto: Sauda lokalarkiv.

Dette ønskte Åbøbyens venner å ta tak i. Med støtte frå Sparebankstiftelsen Sauda[12] gjekk ei gruppe frivillige i gong med å få parken tilbake til fordums prakt. Parken skal etter planen opnast igjen i 2022.

Referansar

  1. Stavanger Aftenblad, lørdag 04.08.1956
  2. Dagbladet 4. februar 1928, side 7.
  3. Omgrepet stammar frå USA, og er gjerne kopla til einsidige industristader der bedriften har tatt ei aktiv samfunnsrolle ved å både byggja og drifta ulike funksjonar i samfunnet (paternalisme).
  4. Bruun, Magne (1984). Hundre grønne år : våre hager i bilder 1884-1984. Det norske hageselskap, Oslo, s. 81
  5. https://nbl.snl.no/Sigurd_Kloumann
  6. Bruun, Magne (1984). Hundre grønne år : våre hager i bilder 1884-1984. Det norske hageselskap, Oslo, s. 81
  7. Teikning nr 9101-A. Kjelde: Sauda lokalarkiv.
  8. Fløgstad, Kjartan (1990). Arbeidets lys : tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. Det norske samlaget, Oslo, s. 110
  9. Smeltedigelen 4. årgang. Juni 1951, nr. 2
  10. Stavanger Aftenblad, 20. august 1928
  11. Fløgstad, Kjartan (1990). Arbeidets lys : tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. Det norske samlaget, Oslo, s. 43
  12. https://isauda.no/?fbclid=IwAR3AmVJXxN2yibFHBRTFBOYqoVKt2aCs7cT2bSqxcsB9DF2WAgxBvilbgXI

Artikkelen stod første gong på trykk i Sauda sogelag sitt årsskrift i 2018[1].