Time historielag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Time historielag i Time kommune på Jæren ble vart stifta 14 februar 1980 som Time historie- og ættesogelag. Laget bytta seinare til det noverande namnet. Historielaget «har til føremål å fremja interessa for slekt- og lokalhistorie, registrere, samla inn og ta vare på alt som er viktig for soga til Timebygda».
Ved oppstarten i 1980 var det 35 medlemar, medan medlemstalet i 2019 låg på 250.
Leiarar
- 1980/1981: Signy Gro Hansen
- 1982/1983: Rolf Lye
- 1984/1987: Erling Sundvor
- 1988/1989: Roald Ørbeck Undheim
- 1990/1991: Liv Markhus
- 1992/1993: Solveig Hadland
- 1994/1995: Erling Sundvor
- 1996/1998: Signy Gro Sæland
- 1999/2000: Sverre Bryne
- 2001/2005: Mia Mossige Bjånes
- 2006/2011: Ragnvald Slettebø
- 2012-: Tarald Oma
Hovudaktivitetar
Laget driv med opplysingsarbeid om historia i Time gjennom ti medlemsmøte i året (100-150 deltakarar på kvart møte), ein sumartur og ei historisk vandring kvart år.
Historielaget har eit møte i året i samarbeid med kyrkja der det er fokus på viktige historiske hendingar og personar. Det kjem om lag 400 på desse fellesmøta.
Publikasjonar
- Historisk årbok for Time, sidan 2012. Boka er på 180 sider.
- Håland, Sjur: Varmen frå myra – torvskjæring på Jæren. Ueland Historiske Forlag 2015, i samarbeid med historielaga i Klepp, Time og Hå og Time Bygdemuseum. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).