Husmenn på Husa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmenn på Husa tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Husa i Fedje kommune.

1. Johannes er nemnd i tingboka 1653 som husmann på Husa. Han skulda ½ rdl. for plassleige for 1651. Det er alt me veit om han.

Mathaugen

2. Denne plassen er første gongen nemnd i manntalet 1666, og låg under Husa. Då var det Knut Knutsen «i Madhoffen» 52 år som budde her. Noko meir veit me ikkje om han. I 1701 var det ingen husmenn på Husa.

3. Jon g.m. Brita var begge vitne på hausttinget i Lindås 1745. Dei fekk tre born på Mathaugen. Seinare er ikkje Mathaugen nemnd i kjeldene, så plassen vart truleg nedlagd. Sjå òg Sulo nr 1, som kanskje var same mannen.

Born: a. Ola Jonsen f. 1729, truleg død liten. b. Anna Jonsd f. 1731 (jf Sulo 1a). c. Ola Jonsen f. 1733, han kan vera den Ola Jonsen som er oppført som tenar på Husa i ei militær rulle frå 1749. Han reiste til København i 1755.

Plass under gnr 168 bnr 6

4. Karl Gudmundsen Husa f. 1873 (gnr 168 bnr 6-3b) d. 1948 g. 1898 m. Gurine Karlsd f. 1872 Træsneset (gnr 171 bnr 1-1h) d. 1950. Dei budde først hjå mor hans, og sette seinare opp eit hus på tomt frå gnr 168 bnr 6, utan at den vart frådelt. Huset stod om lag der som garasjen til gnr 168 bnr 245 er i dag. Karl var fiskar og fiskehandlar. I 1935 flytta dei huset til Nygård, sjå gnr 172 bnr 37-1.

Born: a. Gunhild Olina Karlsd Husa f. 1898 d. 1983 g. 1916 m. Hans Hansen Kjeilen f. 1896 Lindås d. 1970, bygde på Nygård (gnr 172 bnr 100-1). b. Karen Beate Karlsd Husa f. 1900 d. 1918. c. Albert Gregorius Karlsen Husa f. 1903 d. 1996 g. 1934 m. Emma Olsd Husa f. 1912 (gnr 168 bnr 11-8g) d. 2007, busette på Nygård (gnr 172 bnr 37-2). d. Hans Andreas Karlsen Husa f. 1906 d. 1980 g. 1938 m. Anna Nordfonn f. 1905 Fitjar d. 1962, bygde på Husa gnr 168 bnr 73-1. e. Johanne Matsina Karlsd Husa f. 1908 d. 2005, ugift, husmor i Sjømannsmisjonen, bustad Bergen. f. Konstanse Karlsd Husa f. 1912 d. 1995 g. 1941 m. John Johannessen Haraldseid f. 1911 Espevær, Bømlo d. 1982, fiskar, busette der, sjå Bømlob. III s 140. g. Gudmund Kristoffer Karlsen Husa f. 1914 d. 1993 g. 1940 m. Agnes Palmersen f. 1916 Radøy d. 2013, sjå Nygård gnr 172 bnr 103-1.


Fedje komm.svg Husmenn på Husa er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 12) • Neste bolk: Skansen (Fedje gnr 168 bnr 48)