Husa (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartet syner grenselinene til dei åtte hovudbruka på Husa etter utskiftinga av innmarka i 1900. Seinare frådelingar er omtala i teksten.
Fedje med Husa avmerka
Utsyn frå Toskarhaugen (bnr 51) frå 1940-talet. Husavågen til venstre, framme til høgre bnr 59 og 62 på Husa. Bak til venstre Holmen.

Husa er, saman med Kopper, ein av dei eldste og største gardane på Fedje. Dei vart lagde på den beste og mest vidstrekte jorda. Husa har den største vidda av dei to. Den ligg mellom Husavatnet og Husavågen, som begge har fått namn etter garden.

Namnet Husa tyder den plassen der den eldste busetnaden på Fedje kom (O. Rygh), altså den staden der dei første husa var sette opp. Huse har vore ein vanleg skrivemåte opp gjennom tidene, i 1653, 1620, 1667, 1723, 1801, 1835, 1875, 1891 og 1906. Den har nokre variantar med Huuse (1700-talet, i 1838 og 1855) og Huusse (1600-talet). Skrivemåten som samsvarer med uttalen, Husa, fekk ein første gong i 1865, og seinare frå 1900 og framover.

Landskylda for Husa var på ½ tønne (= 2 mæler) malt og 2 våger fisk, eller 1½ laup smør. Garden vart delt i to bruk (gnr 168 bnr 5 og gnr 168 bnr 7) ein gong før 1563, med halvparten av skylda på kvart bruk (1 mæle malt og 1 våg fisk). I 1656 var det tre brukarar, og i 1666 fire brukarar på Husa. Då hadde bnr 5 det halve av landskylda, medan dei tre andre brukarane delte den andre halvparten (bnr 7). Frå 1694 var det igjen berre to brukarar, med skylda delt likt imellom seg. Vidare vart begge dei to bruka delt i to mellom ca. 1723 og 1746, slik at det vart i alt fire bruk. Desse vart igjen delt i to i perioden 1769 til 1809. Frå sistnemnde år var det dermed åtte like store bruk på Husa. Dette sluttførte delinga av garden. Seinare frådelingar skjedde ved utskiljing av tomter frå slutten av 1800-talet, etter kvart som folketalet auka. Bruksdelinga er illustrert i tabellen nedanfor.

Bruksdeling Husa 1723 – 1809
bnr 5

Mikkel Thomassen

brukar ca. 1694-1722

bnr 7

Per

brukar ca. 1705-1731

bnr 5

Ivar Thomassen

brukar 1725

bnr 11

Rasmus Larsen frådelt ca. 1723

bnr 7

Hans Nilsen

brukar ca. 1732

bnr 9

Bård Thomassen

frådelt 1746

bnr 5

Mikkel Rasmussen brukar

1791

bnr 6 Gudmund Monsen frådelt 1809 bnr 11 Ola Olsen brukar 1778 bnr 12 Lars Rasmussen frådelt 1769 bnr 7

Nils Kristiansen brukar 1764

bnr 8 Mikkel Knutsen frådelt 1771 bnr 9 Nils Bårdsen brukar

1787

bnr 10

Jon

Jakobsen frådelt

1778

Første gongen Husa er nemnt i dei skriftlege kjeldene, er i 1405, i eit «breff om Huss i Fediom». Av dette brevet går det fram at eigaren Munkeliv kloster (sjå kapitlet om Fedje sine eigarar) har overlate på livstid klosteret sine hus på Fedje til «Arna Andressyni oc Ingibiorghu Einarsdottir hans konu». Dei fekk rett til skoghogst og beite for sau. Dette er dei første namngjevne innbyggjarane på Fedje, og dei var altså brukarar på Husa.

Fedje komm.svg Husa (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Norheim (Fedje gnr 168 bnr 40) • Neste bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 5)