Norheim (Fedje gnr 168 bnr 40)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 40

Norheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Karl Rasmussen f. 1859 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15d) d. 1936 g.2.g. 1900 m. enkja Jørgina Sørensd f. 1867 Furebotn, Masfjorden d. 1954 fekk skøyte på denne tomta på Skarvøyna i 1921 frå Ole Bertelsen Koppen for 200 kr, frådelt Kopper gnr 168 bnr 2 same året. Dei budde tidlegare på Muren, jf husmenn 3 der. Dei flytta huset sitt frå Muren og hit i 1921, og budde her. Om lag 1930 flytta dei til Husa, sjå gnr 168 bnr 87-1 der. Under krigen vart huset her selt og flytta til Krossøyna i Austrheim (sjå Austrheimb. III s 626).

Karl sin son Johan Karlsen Husa (gnr 168 bnr 90-1) fekk skøyte på denne tomta i 1942, og han skøytte den vidare til svigersonen Leif Herøy (Husa gnr 168 bnr 90-2) i 1962. Sonen Erling Herøy er eigar frå 2004.


Fedje komm.svg Norheim (Fedje gnr 168 bnr 40) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nyheim (Fedje gnr 168 bnr 39) • Neste bolk: Husa