Tunsvoll (Fedje gnr 168 bnr 87)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tunsvoll
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 87

Tunsvoll er ein tidlegare bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Karl Rasmussen f. 1859 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15d) d. 1936 g.2.g. 1900 m. Jørgina Sørensd f. 1867 Furebotn, Masfjorden d. 1954 flytta hit frå Skarvøyna (Kopper gnr 168 bnr 40) om lag 1930 og fekk sett opp hus her. Tomta vart frådelt gnr 168 bnr 7 i 1944. Etter at Karl var død, flytta Jørgina til sonen Søren Berg på Rossland i Meland. Ho er gravlagd på Herdla i Askøy med etternamnet Berg.

2. Klara Husa f. 1917 (gnr 168 bnr 7-18a) d. 2022 g. 1940 m. Anton Ophaug f. 1915 Kopper (gnr 168 bnr 294-1b) d. 2000 budde her frå giftarmålet. Skøyte i 1949, Klara er dotterdotter til Karl (nr 1). I 1956 vart huset selt og flytta til Bøvågen, Radøy. Klara og Anton busette seg på Kopper (gnr 168 bnr 86-2), der familien er ført.

3. Oddvar Nilsen Husa f. 1943, bustad Husa (gnr 168 bnr 235-1), og sønene Olav f. 1972 og Asbjørn f. 1977 fekk skøyte i 2004. Eit naust er bygd på tomta.


Fedje komm.svg Tunsvoll (Fedje gnr 168 bnr 87) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nordtun (Fedje gnr 168 bnr 83) • Neste bolk: Sjøberg (Fedje gnr 168 bnr 90)