Husa (Fedje gnr 168 bnr 7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa
S106.168.7.CD 01 032.jpg
På Strengen, frå venstre bnr 87, bnr 7, bnr 83. Uthaugen bak til høgre.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 7

Husa er eit gardsbruk i Fedje kommune.

1. Herborg er nemnd som brukar på Husa saman med Ingebrigt på gnr 168 bnr 5 i 1563. Skatten var på 1 dalar. Som nemnt under bnr 5 er altså garden no delt i to bruk, bnr 5 og 7.

2. Steffen er ny brukar etter ei skatteliste frå 1603, med 1 dalar i skatt. Han er her framleis i 1608 og 1610, då han betalte leidang med 9 merker fisk. I 1614 betalte han tiend med 8 kanner korn. Siste gongen Steffen er nemnd, er i 1617. Året etter er det a. Arne Steffensen (3), sannsynlegvis sonen, som har teke over bruket.

3. Arne Steffensen f. på dette bruket (2a) g.m. Siri er dei neste brukarane. Arne er første gong nemnd i ei skatteliste i 1618, med 1 dalar i skatt. Han vert ført opp i dei årlege skattelistene heilt til 1660, så han fekk eit langt liv på Husa. Han må vera avliden før 1666, då han ikkje er med i manntalet for dette året. I 1640 fekk han ei bot på 20 rdl for «mistagelse» med sild. Kanskje han prøvde å lura unna noko? Han er nemnd i ei sak på hausttinget 1643 om bruk av beiteområde i Sulo, sjå innleiinga der. I koppskatten 1645 er han oppført som brukar saman med kona Siri, begge med 8 skilling i skatt. Ingen born over 15 år er med. Ei huskone Berta er nemnd med 6 skilling i skatt, ho kan ha vore ei husmannsenkje under garden. Ifølgje skattematrikkelen for 1647 hadde Arne det eine av to bruk på Husa. Skattelista for 1646 syner at han brukte halvparten av garden med 1 mæle malt og 1 våg fisk. I 1657 betalte han kvegskatt med 3 ort og 4 skilling for 5 kyr, 1 kvige og 2 sauer. Den siste kjelda Arne er nemnd i, er jordeboka for 1661.

4. Manntalet i 1666 syner at det då var tre brukarar som delte denne halvparten av Husa. Det var Ingebrigt f. 1616, Jakob f. 1634 og Per f. 1636. Dei brukte kvar 4 kanner malt og 1 pund fisk, som tilsvarer ⅟6 av landskylda til Husa. Ingebrigt er også nemnd i skattelistene frå 1656, som brukar ved sidan av Arne (nr 3). Ifølgje kvegskatten i 1657 hadde Ingebrigt 4 kyr og 4 sauer, og betalte 2 ort 5 skilling i skatt. Han hadde i 1666 sonen Jon Ingebrigtsen f. 1665, og tenaren Mons Guttormsen f. 1646. Jakob hadde tenaren Kristian Hansen 18 år (sjå Børo gnr 168 bnr 24 nr 7a og 8), medan Per er oppført med «enches dreng» Jakob Olsen f. 1632. Det kan ha vore enkja etter Arne (3) som hadde kår på garden. Ingebrigt er nemnd i tingboka 1681 i ei sak om beiterett, sjå Eide gnr 168 bnr 15-4.

Per var g.m. Brita Lassesd f. Husa (gnr 168 bnr 5-4b) og dei hadde borna: a. Gjertrud Persd g.m. Jørgen Olsen, brukarar på Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-5). b. Rasmus Persen f. 1668 (etter alder i 1701) d. 1713 g.m. Siri Nilsd, brukarar på Hopland i Austrheim (jf Austrheimb. II s 596).

5. Enkja Brita Lassesd (4) g.2.g. m. Ola Jonsen f. 1652 (etter alder i 1701). Han er nemnd første gong her i tingboka 1681 i ei sak om beiterett, jf Eide gnr 168 bnr 15-4. Ola er òg nemnd i tingboka i 1682, sjå Knut Ertsholmen 3. Han er oppført i skattelistene 1691, 1692 og 1694, og manntalet 1701, då som odelsbonde, sjå ei odelssak i 1706 under nr 6 nedanfor. I 1694 og 1701 brukte han halvparten av Husa. I 1691 og 1692 er han oppført saman med Ingeborg, kanskje enkja etter ein av brukarane i 1666. I 1694 er ho borte. Ola var fadder i 1700 og 1701. Odelssaka i 1706 syner at kona var ovannemnde Brita Lassesd, og at ho hadde sonen Rasmus Hopland (nr 4b). Ola var då avliden. Brita er òg nemnd i ei sak i 1706 og 1707. Då vart ho stemna for å ha klipt ulla av ein sau som tilhørte Jon Kopper (gnr 168 bnr 1-11). Svigersonen Per (nr 6 her) skulle ha hjelpt henne med å setja hennar merke i sauen. Per møtte for retten for svigermora, og sa ho ikkje kunne reisa den lange vegen til tinget, då ho var ei gammal og svakeleg kvinne. Jon Koppers kone Brita og Ola Stuberg (gnr 168 bnr 19-7) møtte som vitne, medan Thomas Koppers kone Anna (gnr 168 bnr 2-2) ikkje møtte. I staden hadde ho sendt med eit skriftleg vitnemål, men då ho verken kunne skriva eller lesa, vart dette forkasta av sorenskrivaren. Ola Stuberg forklarte under eid at han var beden av Brita Kopper om å gå med henne til Sulo. Der synte ho han ein sau som gjekk mellom Brita Husa sine. Den var kvit, nyklipt og hadde merke i høgre øyre, som var Brita sitt merke, men om den var hennar, visste han ikkje. Per Husa sa at sauen retteleg tilhørte svigermor hans. Før hadde ho merke i venstre øyre på sauene, men då mange andre hadde det same, hadde ho teke seg eit anna merke, slik at begge øyra vart klipte. Saka vart utsett, då ein ville venta til Anna Kopper hadde møtt for retten. Både ho og Brita møtte på sommartinget 1707. Anna forklarte at ho såg Brita sitt merke på det eine øyret, men kunne ikkje hugsa om sauen hadde merke i det andre øyret. Ho visste ikkje kven sin sau det var. Brita vitna deretter, og sa at sauen ikkje var hennar, men tilhørte fostersonen hennar Mons Johansen (sjå Kopper gnr 168 bnr 2-1b), som hadde arva den etter foreldra sine. Retten sa at ettersom ingen kunne seia visst kven sin sau det var, skulle den, som Brita hadde hevda, tilhøra «den umyndige dreng» Mons Johansen.

Barn: a. dotter (ukjent namn) g.m. Per, neste brukar (6).

Flyfoto over Husa frå 1963. Vasstårnet og skulen bak til venstre. Smineset framme. Husavatnet med Måsholmen bak til høgre.
Foto: Widerøes Flyveselskap

6. Per var brukar her frå om lag 1705, g.m. dottera til nr 5. Dette året vart Per stemna på sommartinget i Lindås fordi han skulle ha merkt ein sau som tilhørte Jon Kopper (gnr 168 bnr 1-11), og slik ulovleg tileigna seg annan manns gods. Saka vart utsett fordi ingen av dei innkalla vitna møtte. I 1706 var det ei odelssak på tinget med Per og Mikkel Husa (gnr 168 bnr 5-6) mot lagmann Nils Knag (sjå kapitlet om Fedje sine eigarar). Per kunne syna fram eit skøyte som svigerfaren Ola Jonsen hadde fått på denne parten av Husa i 1700 for 68 rdl. Men Knag hadde òg fått skøyte på same jorda, tinglyst tidlegare i 1706. Knag hevda at Per og svigermora Brita Lassesd hadde teke han i handa og lova at Knag skulle få hand om garden, noko dei nekta på. Slutninga vart likevel at Per måtte avstå frå kjøpet mot å få pengane tilbake. I tillegg skulle familien få førsterett til å bygsla garden. Per er òg nemnd i ei anna sak på tinget i 1706. Futen skulda han for å ha gøymt unna eit skipsvrak som Per hadde funne tre veker før påske i ei vik sør på Husalandet. Vitna var Lars Eriksen (Holmen 8), Mikkel Husa (gnr 168 bnr 5-6) og Hans Ivarsen (Holmen 9). Mikkel sa at då Per kom heim om kvelden, fortalde han straks Mikkel om funnet. Dei tok med seg tau og belagde vraket, og der låg det enno. Vitna vart spurt om Per hadde teke noko, enten jern eller tre, frå vraket. Det svarte dei nei på. Per forklarte sjølv at han ingenting hadde teke frå vraket. Dommen var at då Per ikkje hadde prøvd å halda vraket skjult, så kunne futen si skulding ikkje følgjast. Tvert i mot vart Per tilkjend bergeløn frå dei som eigde skipet. Per er siste gongen nemnd i ei skatteliste frå 1727. I skoskatten 1711 er han oppført saman med kona, med i alt 12 skilling i skatt. Ho var òg fadder i 1726, men namnet hennar får me ikkje greie på.

Born: a. Haldor Persen, utskriven som soldat i marinen 1716, seinare lagnad ukjend. b. Ola Persen f. 1706. c. Gjertrud Persd f. 1707. Lagnaden til b. og c. er ukjend, dei kan ha døydd som små, då dødsregisteret ikkje byrjar før 1740. d. Rasmus Persen f. 1713 g.1.g. 1740 m. Kari Jensd f. 1715 Eide (gnr 168 bnr 15-6b) d. 1745. Dei flytta til Bergen straks etter giftarmålet. Rasmus g.2.g. 1750 i Bergen m. Anna Jonsd. Han var då nemnd som fiskar.

Matrikkelen i 1723 gjev desse opplysningane om heile garden Husa: Brukarar Per og Rasmus, landskyld 2 våger fisk og ½ tønne malt, bygsel frå Dankert Dankertsen. Garden hadde ei flaumkvern. Utsådet var på 5 tn havre og avlinga 15 tn, så det var dårlege tilhøve for korndyrking. Dyretalet var på 16 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Bruksnr 7 vart no delt i to, bnr 7 og nytt gnr 168 bnr 9.

7. Hans Nilsen f. 1709 (etter alder i militær rulle) Helland, Radøy (jf Radøyb. II s 549) g.m. Kari. Ingen av dødsfalla er førte i kyrkjeboka. Hans stod fadder siste gong i 1775, og Kari i 1761. At Hans var frå Radøy, kan ein sjå av eit skifte etter Jon Dalland, Radøy i 1785. Hans Nilsen Husa er då nemnd som hans morbror og er død. Hans hadde brørne Johannes Nilsen og Mons Nilsen Helland, og søstera Synneva Nilsd Haugland, og dei var frå Helland. Hans og Kari var brukarar her frå rundt 1732. Dei delte bruket mellom dei to døtrene Marta og Mari (bnr 7 og nytt gnr 168 bnr 8).

Born: a. Kari Hansd f. 1732 (etter alder ved død) d. 1798 g. 1767 m. Jakob Magnesen f. 1742 Keilegavlen, Lindås d. 1799, sjå Holmen (14). b. Magdeli Hansd f. 1734 d. same år. c. Magdeli Hansd f. 1735 g. 1760 m. em. Nils Nilsen f. 1732 Dyrneset, Austrheim, sjå Sulo (2) og Stuberg (husmenn 1). d. Nils Hansen f. 1739 d. 1793 g. 1760 m. Ingeborg Kristiansd f. Skotholmen (gnr 170 bnr 1-7a) d. 1793, brukarar der (8) og på Børo (gnr 168 bnr 24-13). e. Marta Hansd f. 1740 d. 7 dg gl. f. Marta Hansd f. 1741, neste brukar (8). g. Mons Hansen f. 1746 d. 1750. h. Per Hansen f. 1748 d. 1796, fekk med Ingeborg Ivarsd dottera ha. Petrikka Persd f. 1772 d. same år. Per g.1.g. 1774 m. Mari Knutsd f. 1742 Vika (gnr 168 bnr 28-8a) d. 1786, sjå Mulen 2. i. Mari Hansd f. 1752 g. 1774 m. Mikkel Knutsen f. 1747 Vika (gnr 168 bnr 28-8c) d. 1799, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 8-1). – Det var to tilfelle av søskenbyte.

8. Marta Hansd f. 1741 på dette bruket (7f) g. 1765 m. Nils Kristiansen f. 1743 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-7f) d. 1790. Marta tente på Nedst-Tangen i 1759. Ho døydde før 1784, utan at det er ført i kyrkjeboka. Nils fekk i 1764 tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen på 13½ mark smør (⅛ av Husa).

Born: a. Hans Nilsen f. 1766 d. 11 dg gl. b. Synneva Nilsd f. 1767, ho flytta kanskje til Bergen saman med stemora (9) og kan vera den Synneva Nilsd som døydde der i 1795 som ugift. c. Per Nilsen f. 1771 d. 1793, vart spedalsk og vart innlagt på St. Jørgens hospital i Bergen i 1792, og døydde der. d. Marta Nilsd f. 1774 d. 1782. e. Kristian Nilsen f. 1777 d. 5 veker gl.

9. Enkjemannen Nils Kristiansen (8) g.2.g. 1784 m. Synneva Jensd f. 1755 Stuberg (gnr 168 bnr 19-9g) d. 1800. Ingen born. Skiftet etter Nils i 1790 syner at enkja Synneva og dei to gjenlevande borna var arvingar. Men det vart ingen arv, då buet kom i minus med 13 rdl. Hovudårsaka var krav frå jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg for manglande vedlikehald av husa mv. for vel 26 rdl. Han eigde alle husa på Fedje, og dersom dei ikkje vart godt nok tekne vare på som avtalt i bygselbrevet, var han snar med krav om erstatning. Av sjøreiskapar hadde dei ein seksæringsbåt, eit fiskesnøre med stein, to håvar, eit småtorskegarn, eit småsildegarn, eit sildegarn og ein linevad. Dei hadde tre kyr og to oksar. Lausøyren elles talde m.a. eit skap med lås, ein eikekagge, ein furukagge, ei gryte, ein vasstamp, tre ambrar, to spader, ei kiste med lås, ei bomme, ei furutønne, ei øltønne, ei levertønne og åtte mjølkekoller. Ein brystduk, ei svart trøye, eit par grå hoser, eit par svarte bukser, eit par grå bukser og ei ullskjorte er førte opp som den avdødes klede. Av sølvvarer hadde dei ei sølvhosespenne, ei sølvsnor og eit par sølvstakar.

Enkja Synneva Jensd g.2.g. 1792 m. Arne Lassesen f. 1768 Utkilen, Austrheim d. 1795, sjå Opphaugen (gnr 168 bnr 13-14).

10. Even Larsen f. 1765 Litle Haugsøy, Masfjorden d. 1825 g. 1791 m. Olea Persd f. 1769 Fonnes, Austrheim d. 1837. Dei fekk bygsel frå Dankert Dankertsen Heiberg på denne åtteparten av Husa i 1793, tilsvarande landskyld 18 merker fisk og 3 kanner malt. Dei hadde først budd på Bakka i Austrheim, og var på Husa til 1801, då dei flytta til Moldøyna (gnr 170 bnr 3-14), der heile familien er ført.

11. Anders Lassesen f. 1766 Rådmannsøyna i Radøy d. 1814 (jf Radøyb. V s 492) g. 1797 m. Marta Knutsd f. 1778 Litlås i Austrheim d. 1814. Bygsel 1800 frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs. Dei budde først på Straumstad i Austrheim (sjå Austrheimb. I s 101 og 433), der dei to eldste borna vart fødde. I folketeljinga 1801 budde dei her på Husa saman med borna Kari og Berta Marie og tenestejenta Olea Arnesd 15 år (jf Moldøyna gnr 170 bnr 3-14b). Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 får ein vita at garden hadde eit utsåd på 1 tn korn og kunne avla 2,3 tn, og nokre år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 rdl og landskylda 18 merker fisk og 3 kanner malt som før, tilsvarande ⅛ av heile Husa.

Born: a. Kari Andersd f. 1797 d. 1858 g. 1831 m. Erik Hansen f. 1805 Lauvås, Lindås d. 1879, budde på Smiholmen (1). b. Berta Marie Andersd f. 1799, hadde med Hans Olai Rasmussen f. 1807 Øksneset, Austrheim d. 1882 Bergen (jf Austrheimb. III s 438) dottera ba. Martina Hansd f. 1824 d. 1883 g. 1860 i Bergen m. arbeidsmann Jakob Kristian Olsen f. 1827 Bergen d. 1903, budde der. c. Andreas Andersen f. 1802 d. 14 dg gl. d. Knut Andersen f. 1803 d. 1849 (kolera), oppvaksen på Toftegård i Austrheim etter foreldras død, g. 1831 m. Anna Ivarsd f. 1804 Leikvoll, Austrheim d. 1874, budde der i Bergsvika (sjå Austrheimb. I s 666 og III s 241). e. Kristine Andersd f. 1806 d. 1890 g. 1831 m. em. Ola Jonasen f. 1786 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-1a) d. 1837, brukarar på Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-13). f. Andreas Andersen f. 1809 d. 1849 (kolera) g. 1838 m. Alis Johannesd f. 1790 Byrknes, Gulen d. 1857. Ho var enkje etter Hans Persen Langedalen (gnr 169 bnr 5-4), og ho og Andreas budde som kårfolk her på Husa. g. Martinus Andersen f. 1813 d. 1838, seinare brukar (13), fekk med Siri Rasmusd f. 1806 Fonnes, Austrheim d. 1888 (sjå Austrheimb. I s 243) dottera ga. Marta Martinusd f. 1834 Masfjorden. Marta fekk med Mons Hansen Svardal, Gulen f. 1819 d. 1907 (sjå Gulenb. II s 376) sonen gaa. Hans Monsen f. 1866 Svardal d. før 1908, skipstømmermann, g. 1896 Bergen m. Lovise Marie Larsen f. 1870 Fivelsdal i Gulen d. 1961 (jf Gulenb. II s 519 og 529), budde på Slettebakken, Salhus i Åsane, Bergen i folketeljinga 1900 (jf Åsaneb. IV s 206), seinare bustad Bergen. Enkja Lovise g.2.g. 1927 Bergen m. Jakob Johannessen f. 1883 Balsfjord i Troms d. 1965, jernbaneanleggsarbeidar, bustad Bergen.

Anders og Marta drukna «paa søen ved ulykkelig hændelse», som det står i skifteprotokollen. Han vart attfunnen, men ikkje ho. Det var felles skifte etter begge i 1814. I buet fanst m.a. ein sølvring med lauv, ei lita sølvsølje, tre gryter, ei bakstehelle, ei sag, ein skjerding, eit skap i stova, ein stamp, åtte kister, sju tretallerkar, tre smørkanner, tre sildetønner og to par vassbøtter. Dei hadde to kyr, ei kvige og to oksar. Båt eller sjøreiskap er ikkje nemnde, dei gjekk kanskje med i ulykka. Midlane vart stort sett brukte til oppfostring av dei seks mindreårige borna.

12. Lars Johannessen f. 1781 Børilden, Austrheim d. 1857 (son av Johannes Johannessen f. 1751 d. 1814 og Brita Olsd f. 1737 d. 1807, jf Austrheimb. III s 528) g. 1811 m. Synneva Larsd f. 1771 (etter alder ved død) d. 1851. Synneva er kalla «Eide» ved giftarmålet, men ho er ikkje fødd på Eide i Fedje. Kanskje ho var tenar der? (Ho kan ha vore frå Mjanger i Masfjorden, sjå Masfjordb. II s 704). Ingen born. Dei fekk bygsel på denne gardparten i 1817 av Kristoffer Kahrs. Frå før hadde dei bygsel på gnr 168 bnr 8 frå 1812 (brukar nr 4), slik at dei brukte ¼ av Husa. Dei vart kårfolk i 1836.

Det var skifte etter Lars i 1858. Då han ikkje hadde born, gjev skiftet mange interessante slektsopplysningar om søskena hans. Her er teke med det som gjeld Fedje: 1. halvbror Erik Johannessen Børilden (far til Mikal Kopper gnr 168 bnr 1-25), 2. halvsøster Helga Eriksd (feilskrive Johannesd) Nordre Njøta, død, son a. Magne Johannessen Husa (nr 15 nedanfor), død, hans born Hans Magnesen Husa (nr 16 nedanfor), Johannes Magnesen, Magdeli Magnesd og Helena Magnesd, Helgas son b. Lars Johannessen Nordre Njøta, død, m.a. dotter Magnhild Larsd g.m. Hans Magnesen Husa (sjå ovanfor), Helgas dotter c. Brita Johannesd, død, born m.a. Anna Marie Klemetsd Rongeværet (sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 3-2), 3. halvsøster Elsa Eriksd (feilskrive Johannesd) Vika (gnr 168 bnr 28-11), død, borna a. Lars Olsen Eide (gnr 168 bnr 15-15), død, hans born Martinus Larsen og Elsa Larsd, b. Kristiana Olsd g.m. Mons Kristiansen Vika (gnr 168 bnr 28-13). Alle desse har opphavet sitt i Børilden i Austrheim. Netto til arv og deling var 23½ spd.

Husa og Kopper om lag 1910. Til venstre Husa bnr 7, bak Sulo bnr 51, bnr 57 (Kleiva) og bnr 65 (Kahrsneset), samt Uthaugen bnr 20. Så kjem Kopper bnr 35 og bnr 37. Koppersevja i midten.

13. Martinus Andersen f. 1813 på dette bruket (11g) d. 1838 g. 1834 m. Anna Marie Mikkelsd f. 1815 Eide (gnr 168 bnr 15-14f) d. 1849 (kolera).

Born: a. Helga Martinusd f. 1835 d. 3 veker gl. b. Anders Martinussen f. 1836, ikkje konfirmert i Lindås prestegjeld, truleg d. ung.

Martinus og Anna Marie fekk bygsel av Kristoffer Kahrs på dette bruket samt gnr 168 bnr 8 (5) i 1836, altså ¼ av Husa. Begge vart tekne over etter dei førre brukarane Lars og Synneva. I matrikkelen 1838 er Martinus oppført som brukar med ny skyld 4 ort og 8 skilling. Men dei vart ikkje lenge på Husa, Martinus døydde tidleg, og Anna Marie vart gift opp att (14) og flytta.

14. Enkja Anna Marie Mikkelsd (13) g.2.g. 1839 m. Gudmund Oddsen f. 1819 Nordøyna, Øygarden d. 1864 (son av Inger Gudmundsd f. 1787 d. 1848 og Odd Villaksen f. 1784 d. 1845, Odd var bror til Olina Eide gnr 168 bnr 15-14 og morbror til Synneva Opphaugen gnr 168 bnr 13-18). Anna Marie og Gudmund var såleis søskenborn. Dei fekk bygsel på dette bruket frå Kristoffer Kahrs i 1839, men vart her berre eit par år. Dei flytta til Skotholmen, sjå der (gnr 170 bnr 1-14). Gudmund kom seinare til Stuberg (gnr 168 bnr 19-16).

15. Magne Johannessen f. 1800 Nordre Njøta, Austrheim d. 1849 av kolera (son av Johannes Magnesen f. 1767 d. 1837 og Helga Eriksd f. 1768 d. 1841, jf Austrheimb. I s 555) g. 1821 i Gulen m. Brita Hansd f. 1795 Bårøyna, Gulen d. 1875 (dotter av Hans Olsen f. 1766 d. 1838 og Magdeli Mikkelsd f. 1771 d. 1849, sjå Gulenb. III s 349).

Born: a. Helena Magnesd f. 1821 d. 3 md gl. b. Hans Magnesen f. 1822 d. 1908, neste brukar (16). c. Johannes Magnesen f. 1825 d. 10 dg gl. d. Henrik Magnesen f. 1827 d. 3 md gl. e. Johannes Magnesen f. 1829 d. 1918 g. 1866 i Bergen m. Marte Marie Hansd f. 1842 Bergen d. 1909, budde der, han nemnd matros ved giftarmålet og sjauar i folketeljinga 1875, seinare var han fløttmann (ferjemann). f. Magdeli Magnesd f. 1832 d. 1913 g.m. Lars Olai Knutsen f. 1837 d. 1909, brukarar på Dumba i Solund, sjå Solundb. II s 379. g. Henrik Magnesen f. 1834 d. ½ dg gl. h. Helena Magnesd f. 1836 d. 1915, nemnd som fråverande ved moras dødsfall 1875. I folketeljingane 1875 og 1891 budde ho i Fana, Bergen og arbeidde på Fana spinneri. Ho døydde som ugift fabrikkjente på Brattaule i Radøy, fødestaden nemnd som Sogn.

To koner frå Husa, frå venstre Ragnhild «Strengen» (17) og Berta «Nøstebakken» (11), dei var søstrer. Huset til bnr. 7 bak.

Den eldste dottera er fødd i Lindås, og dei andre borna i Gulen, då foreldra m.a. var paktarar på Hjertås (sjå Gulenb. III s 475).

Magne var halvsøsterson til brukar nr 12 Lars Johannessen, sjå skiftet etter han. Magne og Brita fekk bygsel her og på gnr 168 bnr 8 (6) i 1841 frå Kristoffer og Arnold Kahrs, slik at dei brukte ¼ av Husa. Tidlegare var dei på Opphaugen gnr 168 bnr 13 nokre år, sjå nr 17 der. I 1845 hadde dei 8 storfe og 8 sauer, og sådde ¾ tn havre og ½ tn potet. Magne var los. Etter at han var død i 1849, overlét Brita bygsla på dette bruket til sonen Hans mot kår i 1850. I folketeljinga i 1865 er det nemnt at ho hadde lospensjon etter mannen og kår frå både bnr 7 og 8. Ved skiftet etter Magne i 1849 er enkja Brita og dei fire gjenlevande borna oppførte som arvingar. Det stod bra til, med 140 spd til deling. Det var 65 spd i reie pengar. Elles var det m.a. ei vevgogn med tilhørsle, seks sildetønner, fire halvtønner, ei tjæretønne, ein del kornstaurar, eit par vassbøtter, ei smørkinne, ein stamp, to rokkar, to gryter, ein skjerding, ein høvel, ei øks, ein hammar, ein spade, seksljåar, ein navar, ei bakstehelle, tre kister, ein mjølså, ein mjølstamp, ei mjøltønne, ei eikekanne, eit ølanker, fem ambrar, tolv mjølkeringar, to rømmebøtter, eit par vassbøtter, ei drikkekanne og ein sil. Husdyra talde tre kyr, ei kvige, ein sau og ein vêr. Av sjøutstyr var det ein fireåra båt utan segl, ein annan fireåra båt, ein seksåra båt utan segl, ein seksåra båt med tilhørsle, 1/9-part i ei jekt, 1/9-part i ein mortevad, eit fiskesnøre og eit par fiskehåvar.

16. Hans Magnesen f. 1822 på dette bruket (15b) d. 1908 g. 1850 m. Magnhild Larsd f. 1826 Nordre Njøta, Austrheim d. 1900 (dotter av Lars Johannessen f. 1804 d. 1855 og Anna Marie Arnesd f. 1806 d. 1895, jf Austrheimb. I s 555). Hans og Magnhild var søskenborn, ettersom fedrane deira var brør (sjå skifte på nr 12 ovanfor). Dei fekk bygsel her i 1850 på landskyld 2 ort og 4 skilling (1/8 av Husa) frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Bnr 7 og 8 fekk dermed ulike brukarar igjen. Dei sette opp det noverande huset, som seinare er påbygd i fleire etappar. Han vart kalla «Hans i Dammen». I 1855 hadde dei 4 storfe og 5 sauer og sådde 1½ tn havre og 1/8 tn potet. I 1865 var dyretalet 5 storfe og 5 sauer og utsådet 1 tn havre og 1 tn potet, og i 1875 hadde dei 3 kyr, 2 kalvar og 7 sauer, og sådde 1,5 tn havre og 1 tn potet. Så både dyretal og utsåd var mykje det same desse åra. Ny skyld ifølgje den nye matrikkelen i 1890 er på 0 mark 51 øre. Dette bruket går under namnet «Strengen».

Born: a. Hansina Hansd f. 1851 d. 1852. b. Berta Hansd f. 1853 d. 1926 g. 1876 i Manger m. Johannes Johansen f. 1843 Brattaule, Radøy d. 1925, budde der (jf Radøyb. IV s 100). c. Lars Hansen f. 1854 d. 1924 g. 1878 m. Berta Olsd f. 1859 Sanden, Øygarden d. 1926, nybrottsfolk på Stormark (gnr 172 bnr 11-1). d. Magne Hansen f. 1857 d. 1865 (vart funnen død i utmarka). e. Marthinus Hansen Feie f. 1860 d. 1940 g.m. Anna Olsd Velsvik f. 1871 Volda d. 1940 (jf Dalsfjordb. s 321), dei budde i Fosnavåg, Herøy på Sunnmøre og brukte Feie som slektsnamn (sjå Herøyb. II s 268). f. Marie Hansd f. 1863 d. 1951 g. 1889 m. Martinus Kristiansen f. 1860 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-17c) d. 1915, brukarar der (18). g. Andreas Hansen Husa f. 1865 d. 1946, neste brukar (17). h. Magnus Martin Hansen f. 1867 d. 1870.

17. Andreas Hansen Husa f. 1865 på dette bruket (16g) d. 1946 g. 1891 m. Ragnhild Rasmusd f. 1866 Husa (gnr 168 bnr 10-5g) d. 1954. Skøyte til Andreas i 1894 frå Fedje Torvkompagni for 1080 kr og kår til foreldra. Næringa var fiske og jordbruk.

Born: a. Hans Andreassen Husa f. 1892 d. 1957, neste brukar (18). b. Rasmus Andreassen Fedje f. 1894 d. 1967, reiste til sjøs i 1913 og kom til USA, metodistprest, først i Brooklyn, New York, så i Sør-Dakota, og til slutt i Salem, Oregon, kalla seg Roy Fedje, g. 1924 m. Norma Catherine Iverson f. 1905 Brooklyn d. 1988, av dansk slekt. c. Magnus Andreassen Hansen f. 1896 d. 1984 g.1.g. 1917 m. Ingeborg Eriksd Jamne f. 1895 Dale i Vaksdal, budde der (jf Vaksdalb. II s 335). Ho døydde i 1923, og Magnus reiste til New York, USA, g.2.g. 1929 m. enkja Martha Olsen f. Kristiansen 1894 Arendal d. 1939, g.3.g. 1943 m. Karen Wilhelmsen f. 1894 Hidra, Flekkefjord d. 1979 (søster til Vellina, sjå Moldøyna gnr 170 bnr 5-16d), dei busette seg i Flekkefjord som pensjonistar. d. Martinus Andreassen Hansen f. 1898 d. 1975 g. 1920 m. Øllegård Mikalsd f. 1899 Kopper (gnr 168 bnr 1-25h) d. 1962, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 83). e. Alfred Andreassen Husa f. 1900 d. 1929, utvandra til USA 1922, budde i Brooklyn, New York, ugift, død av tyfus. f. Mikkal Andreassen Husa f. 1902 d. 1922 ved ulykkestilfelle om bord i M/S «Hjorten», var fiskar. g. Kasberg Bertin Andreassen Husa f. 1905 d. 1967, utvandra 1923 til USA, budde i Brooklyn, g. 1940 m. Anna Rebekka Egeland f. 1902 Lista, Farsund d. 1994, hadde gard der etter krigen til rundt 1960, reiste så tilbake til Brooklyn. h. Inga Marie Andreasd Husa f. 1907 d. 2004 g.1.g. 1932 m. em. Olaf Mongstad f. 1892 Lindås d. 1957, bustad Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-4).

18. Hans Andreassen Husa f. 1892 på dette bruket (17a) d. 1957 g. 1916 m. Lovise Karlsd f. 1892 Moldøyna (husmenn 4f) d. 1989. Hans fekk skøyte av faren i 1941 for 3000 kr og kår. Han var fiskar, var medeigar i M/S «Hjorten» på 1920-talet, og så i M/S «Brødrene». Elles hadde dei kyr, sauer og grisar.

Born: a. Klara Andrea Husa f. 1917 d. 2022 g. 1940 m. Anton Ophaug f. 1915 Kopper (gnr 168 bnr 294-1b) d. 2000, sjå Husa gnr 168 bnr 87-2 og Kopper gnr 168 bnr 86-2. b. Alf Robert Hansen f. 1919 d. 2002, neste eigar (19). c. Margit Ingvarda Husa f. 1922 d. 2017 g. 1948 m. Georg Sulen f. 1920 (gnr 169 bnr 57-3a) d. 2015, bustad gnr 168 bnr 172, som er våningshuset her, frådelt i 1960. d. Håkon Leif Husa f. 1925 d. 2014, ingeniør, g.1.g. 1951 m. Kirsti Johanna Ulriksen f. 1924 Bergen d. 1994, budde der, es. oppløyst., g.2.g. 1964 m. Berit Kristine Hannestad f. 1928 Tønsberg d. 2022, bustad Moss. Ho flytta til Tønsberg. Sjå òg Husa gnr 168 bnr 270-1. e. Alfred Husa f. 1928 d. 2023 g. 1968 m. Jenny Lervåg f. 1928 Austrheim d. 2021, busette på Husa gnr 168 bnr 73-2. f. Reinhardt Husa f. 1930, arb. sykkelfabr., g. 1954 m. Tordis Riskedal f. 1932 Hjelmeland i Ryfylke, bustad Sandnes. Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 46-2. g. Solveig Husa f. 1933, hjelpepleiar, busett i Bergen, sjå òg Husa gnr 168 bnr 83-3.


19. Alf Robert Husa f. 1919 på dette bruket (18b) d. 2002 g. 1947 m. Bjørg Kongestøl f. 1929 Sulo (gnr 169 bnr 41-1a) d. 2004, sjå meir der (2). Alf var eigar av dette bnr frå 1977, etter at jorda vart delt mellom søskena. Huset er på gnr 168 bnr 172, så bruket omfattar no berre jord.

20. Oddvar Gullaksen f. 1950, bustad Husa (gnr 168 bnr 298), fekk skøyte i 2010.

Fedje komm.svg Husa (Fedje gnr 168 bnr 7) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 6) • Neste bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 8)