Mulen (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mulen
S381.169.14.CD 04 039.jpg
Flyfoto 1988. Mulen i midten til høgre med Muleide litt til venstre, Kongestølen framme til venstre, Skotholmen og litt av Moldøyna bak.
Foto: Aeronor
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: umatrikulert

Mulen er ei halvøy nordaust på Vestkanten i innseglinga til hovudhamna på Fedje. Ifølgje O. Rygh tyder namnet eit breitt og høgt nes.

1. Anna Jonsd f. 1725 Sulo (la) d. 1804 g. 1758 m. Ola Nilsen f. 1735 Dyrneset, Austrheim d. 1804. Dei budde her frå giftarmålet. Ola fekk i 1759 tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen «paa et støcke marck Mulen kaldet paa Fediøen liggende at rødde og beboe». Dei var altså dei første som busette seg på Mulen. Dei flytta til Skotholmen (gnr 170 bnr 1-9) i 1772, og til Moldøyna (gnr 170 bnr 5-11) i 1775, der familien er ført.

2. Mari Knutsd f. 1742 Vika (gnr 168 bnr 28-8a) d. 1786 g. 1774 m. Per Hansen f. 1748 Husa (gnr 168 bnr 7-7h) d. 1796. Per fekk bygselsetel her frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1771, tinglyst i 1773. Dei var brukarar til 1776 ifølgje ei militær rulle.

Born: a. Mons Persen f. 1774. b. Nils Persen f. 1776.

Familien flytta så til Bergen. Per var matros, g.2.g. 1788 i Bergen m. Inger Pålsd f. 1753.

3. Ivar Hansen f. 1750 var husmann på Mulen i 1777 ifølgje ei militær rulle frå 1778. Det vert opplyst at han er gift, men verken giftarmål eller born er registrerte i kyrkjeboka. Truleg var han her berre ei kort tid.

– Deretter gjekk det nesten 50 år før det budde folk her igjen.

4. Gjertrud Jørgensd f. 1794 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-15b) d. 1863 g. 1819 m. Mikkel Jonsen f. 1798 Husa (gnr 168 bnr 10-lh) d. 1844. Dei var plassfolk på Mulen frå rundt 1824, først budde dei som innerstar på Opphaugen.

Born: a. Ingemår Mikkelsen f. 1819 d. 1883 g. 1845 m. Ingeborg Monsd f. 1818 Innluro i Lygra, Lindås d. 1893, budde i Sævrøyna, Austrheim (jf Austrheimb. III s 691, og Lygrab. s 321). b. Brita Mikkelsd f. 1822 d. 1903, ugift, døydde på Sirset i Lindås. c. Marta Mikkelsd f. 1825 d. 1889 g. 1861 m. em. Halvor Klementsen f. 1808 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-13b) d. 1882, budde i Sulo (gnr 169 bnr 57-1). d. Periana Mikkelsd f. 1827 d. 1873, budde på Innluro i Lindås, fekk med Pål Torsteinsen f. 1823 Nordgulen d. 1877 Bergen (jf Gulenb. I s 413) dottera da. Mikkelina Serina Pålsd f. 1859 d. 1902 g. 1884 m. Arne Rudolfsen f. 1856 Rådmannsøy, Lygra d. 1935, brukarar på Innluro i Lindås (jf Lygrab. s 323). e. Erika Mikkelsd f. 1830 d. 1889 g. 1872 Bergen m. em. Johannes Torsen f. 1832 Bergen, bakarsvein, budde der. f. Siri Mikkelsd f. 1834 d. 1903, ugift, fekk desse borna: med Nils Peter Monsen, em. og matros frå Bergen, sonen fa. Gjert Mikal Nilsen f. 1864 d. 3 md gl., med Arne Johan Mikal Arnesen f. 1846 Alverstraumen i Lindås d. 1885, smedsvein i Bergen, sonen fb. Arne Mikal Arnesen f. 1868, ukjend lagnad, men død før mora, og med Nils Eliassen f. 1844 Tveiten, Myking i Lindås d. 1930 dottera fe. Severina Nilsd f. 1876, jf Mykingb. s 741, voks opp hjå faren, g.m. skomakar Peder Jakobsen f. 1866 Davik i Nordfjord, budde der på Eldevik (seinare i Vågsøy) i folketeljinga 1900. Siri budde hjå søsterdottera Mikkelina (4da) på Innluro i teljinga 1900, og døydde der.

5. Ivar Klementsen f. 1833 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-13d) d. 1896 g. 1862 m. Torbjørg Andersd f. 1836 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14b) d. 1924. Dei var plassfolk utan jord her etter nr 4. Plassen låg under Kremmarholmen gnr 169 bnr 1. I 1875 hadde dei 5 sauer. Ivar var fiskar. Torbjørg dreiv med spinning, strikking og veving, og klippfisktørking for andre.

Born: a. Karl lvarsen f. 1864 d. 1867 (drukna). b. Andreas Ivarsen f. 1866 d. 1917 g. l.g. 1891 m. enkja Anna Persd f. 1864 Moldøyna (husmenn 5b) d. 1894, sjå Skotholmen (husmenn 2, 3 og 4), samt Mulen gnr 169 bnr 14-1. c. Karl Ivarsen f. 1868 d. 1929 g.1.g. 1893 m. Berta Olsd f. 1874 Sulo (gnr 169 bnr 34-2b) d. 1900, budde på Muleide (gnr 169 bnr 7-3). d. Anna Maria Ivarsd f. 1872 d. 1958 g. 1898 Manger m. Ingvald Ingebrigtsen f. 1873 Kjeset, Radøy d. 1951 (jf Radøyb. III s 738), bygningssnikkar, budde i Bergen. e. Ivar Martin Ivarsen f. 1874 d. 1892. f. Berta Tobia Ivarsd f. 1877 d. 1950, i folketeljinga 1900 styrte ho huset for broren Karl som var enkjemann, g. 1909 i Ålesund m. em. Peter Anton Larsen Brandal f. 1873 HareidSunnmøre d. 1948 (jf Hareidb. V s 29), fiskar, budde der på Skarbakken.

6. Thomas Mikkelsen f. 1852 Husa (gnr 168 bnr 8-7a) d. 1933 g. 1872 m. Marie Olsd f. 1835 Nøttveit, Radøy d. 1900 (sjå Radøyb. III s 426, dotter av Ola Rasmussen f. 1790 og Mari Monsd f. 1792). Dei budde først på heimegarden hans, sjå Husa gnr 168 bnr 8-10. Plassfolk her utan jord frå 1877, plassen låg under Kremmarholmen gnr 169 bnr 2. Dei budde i sjølveigande hus. Thomas var fiskar og los, tilsett som fastlos i 1877 ifølgje Bergen losrulle. Det var truleg derfor dei flytta hit, for å få betre utsyn over skipsleia. I åra fram til 1899 hadde han ei gjennomsnittleg årsinntekt frå losinga på 100 kr. Marie dreiv med ull- og hampspinning samt klippfisktørking for andre.

Born: a. Mikal Thomassen f. 1874, levde berre nokre minuttar. b. dødfødd son f. 1874 (tvilling med a.). c. Anna Maria Thomasd f. 1877 d. 1905, neste brukar (7).

Enkjemannen Thomas Mikkelsen g.2.g. 1903 m. enkja Brita Ivarsd f. 1853 d. 1918, budde på Moldøyna (gnr 170 bnr 6-14).

Godfred Mulen (7a) til høgre, han segla på S/S «Betty» og døydde i ei tragisk ulykke på båten. Han vart gravlagd i Annapolis, Nova Scotia (Canada).

7. Anna Maria Thomasd f. 1877 på denne plassen (6c) d. 1905 g. 1900 m. Andreas Gudmundsen f. 1875 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-3f) d. 1965. Dei tok over plassen etter nr 6. Andreas var fiskar, og Anna Maria dreiv med skreddararbeid ved sida av husstellet. Skiftet etter henne i 1906 syner at dei eigde både hus og naust.

Born: a. Godfred Martin Andreassen Mulen f. 1901, ugift, sjømann, død i ulykke på båt ved Newfoundland, Canada den 11. juli 1924. b. Tilla Amanda Andreasd f. 1903 d. 3 veker gl. c. Anna Therese Andreasd f. 1904 d. 1978, vart oppfostra hjå morfaren Thomas Moldøyna, g. 1931 m. Henrik Andreassen f. 1903 Moldøyna (gnr 170 bnr 3-22b) d. 1961, brukarar der (23).

8. Enkjemannen Andreas Gudmundsen (7) g.2.g. 1906 m. Olina Olsd f. 1887 Heggøy, Øygarden d. 1967 (dotter av Ole Nilsen f. 1861 d. 1954 og Marie Knutsd f. 1864 d. 1941).

Born: a. Alida Ragnhilda Krossnes f. 1907 d. 1990, ugift, bustad Bergen. b. Olga Marie Krossnes f. 1909 d. 1999 g. 1935 m. Edvin Gullaksen f. 1909 Muren (gnr 168 bnr 82-1 e) d. 1985, bygde der (gnr 168 bnr 72). c. Albert Olai Mulen f. 1911 d. 1996, ugift, bustad Øygarden. d. Peder Krossnes f. 1914 d. 1983 g.m. Olufine Heggø f. 1920 Tranøy i Fitjar d. 2012 (jf Fitjarb. I s 292), oppvaksen Øygarden, bustad Strusshamn på Askøy. Ho flytta sidan til Alversund i Lindås e. Ole Krossnes f. 1916 d. 2003 g.m. Ingeborg Alvheim f. 1918 Øygarden d. 2005, budde der. f. Ingvald Krossnes f. 1919 d. 2009 g. 1948 m. Margit Aslaug Alvheim f. 1921 Øygarden d. 2009, busette der. g. Alma Krossnes f. 1922 d. 2006 g. 1948 m. Jon Magne Svendsbø f. 1924 Sveio d. 1995, budde der (jf Sveiob. I s 244).

Familien flytta til Heggøy i 1918, og tok slektsnamnet Krossnes. Plassen her vart nedlagd og husa rivne.


Fedje komm.svg Mulen (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vidnappsvegen 44 (Fedje gnr 169 bnr 125) • Neste bolk: Solberg (Fedje gnr 169 bnr 14)