Nedst-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 27)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nedst-Tangen
S287.168.27.CD 06 060.jpg
Om lag 1960, nordre del av Rognsvågen. Til venstre Nedst-Tangen bnr 218, busetnaden i Rognsvågen bak.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 27
Adresse: Sjånesvegen 29

Nedst-Tangen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

Dette er det sørlegaste av bruka i Tangane. Uttalen er «nestånjenn». Det tidlegare namnet Tangen Indre er brukt første gong i 1645. Søre Tangen har av og til vore nytta som nemning, m.a. i 1666, 1701 og 1769. Den gamle landskylda var på ½ våg fisk.

1. Ola Jonsen er nemnd i 1603, 1612, 1614 og 1617, så då var det to bruk i Tangane, nordre og indre.

2. Jon Olsen er kommen her i 1625. Han hadde kona Borgny ifølgje koppskatten 1645. Kanskje var den Rasmus nemnd i slagsmål med Amund Børo (gnr 168 bnr 24-6) i 1640 sonen deira? Huskvinna Gunhild er òg oppført i 1645, kan henda var det mor til ein av dei. Frå 1640 til 1653 hadde Nedst-Tangen to brukarar, i tillegg til Jon og Borgny var det Nils Knutsen med kona Marta, nemnd i 1645. I 1648 vart Jon stemna på hausttinget for gjeld til handelsmannen på Fedje Anders Persen (Ertsholmen 1), men møtte ikkje, og måtte derfor bøta 8 ort 13 mark sølv. Nils vart òg stemna for gjeld til same mannen, han møtte opp og forsvarte seg med at gjelda var rett nok, og han ville gjerne betala, men hadde ikkje råd for tida. Han sette huset sitt i pant for gjelda, så då får me vita at han eigde husa sine sjølv. I 1650 er Jon på nytt nemnd i tingboka, etter at han hadde komme med usanne påstandar om handelsmannen Anders Persen. Han fekk valet mellom å prova utsegnene sine, eller å bøta for dei. Jon trekte alt tilbake, og orsaka seg med at det var Knut på Moldøyna (gnr 170 bnr 5-3) og Herman Frisch sine søner (sjå Eide gnr 168 bnr 15-2) som hadde hissa han til å komma med påstandane. Også i 1652 vart Jon stemna for gjeld på tinget, no møtte han opp og la fram saka si, og fekk eitt år på seg til å gjera opp for seg. Til gjengjeld klaga han skatteoppkrevjaren Hans Hansen (Ertsholmen 2) for slagsmål om bord i Jon sin båt, og Hans måtte vedkjenna at han hadde gjeve Jon ein ørefik (sikkert i harme for manglande oppgjer). I 1654 må Jon ha bytta bruk med Anders i Nord-Tangen, slik er det iallfall skrive i skattelistene frå og med dette året. Sjå Nord-Tangen gnr 168 bnr 25-nr 5.

3. Anders Nilsen f. 1616, sjå Nord-Tangen gnr 168 bnr 25-4, er brukar her frå 1654 til 1663. Han fekk 1 rdl i bot i 1656 for å ha kjøpt stolen fisk frå Villum i Fedje. Anders er nemnd siste gongen i manntalet 1666, 50 år gammal med sonen a. Ola Andersen 8 år, ukjend lagnad. Dei er oppførde saman med neste brukar nr 4.

4. Johannes Kristiansen f. 1622 (etter alder i 1666) er oppført i skattelistene frå 1664 til 1668, men kan ha vore her enno ei stund, då det manglar kjelder for denne perioden. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut, utsåd er ikkje nemnt.

5. Jørgen Olsen f. 1659, 42 år ved manntalet 1701 med sonen a. Hans Jørgensen 12 år og tenaren Hans Nilsen 26 år frå Bergen, er nemnd første gongen i skattelistene 1691-1694. Kona var Gjertrud Persd f. Husa (gnr 168 bnr 7-4a). Dei hadde òg dottera b. Anna Jørgensd. Borna sin lagnad er ukjend. Jørgen døydde i 1703, for då vart det skifta etter han. Dette er det første skiftet frå Fedje som er ført i skifteprotokollen, og det einaste fullstendige for Fedje fram til 1756. Det er derfor så spesielt at det vert teke med ei fullstendig avskrift av det (store forbokstavar i substantiv er sløyfa), frå skifteprotokoll nr 1a for Nordhordland:

Anno 1703 d. 29. october blef skiffte holden paa Tøgen udi Fædie i Lindaas schibrede effter salig Jørgen Olsen nu ibm. Nærværende bøgdelensmand Michel Onnæs, og til vurderingsmænder Thomass Kaaper, Knud Togen, og skafferen Mons Staberg, saavelsom ennchen Giertrud Pedersdatter paa dend ene, og dend salige mands 2de børn, navnlig Hans Jørgensen og Anna Jørgensdatter, paa dend anden side, hvis formyndere for sønnen Mogns i Grinnen, og for datteren moderbroderen Rasmus Hopland, er tilnefnt og beskichet at være, som og var tilstæde ved skiffteforhandling. Da blef fremesket til registrering og vurdering boens formue, fremkom da først: Sølv: 1 sølf skaal 1 rdl, 2 sølf ringer 1 rdl, 1 skie 4 ort, 1 belte 6 rdl, 2 ringer 1 rdl, 1 skie 1 rdl, 1 snor 1 rdl. Kaaber: 1 kindel 3 rdl 3 ort, 1 ditto 8 rdl. Tin: 1 tin fad 2 ort. Jernfang: 1 helle og 1 skiering for 4 ort, 1 baar 8 sk, 1 skiering 8 sk, 1 ditto 1 ort, 1 gryte 1 rdl 3 ort, 1 øxe 2 ort, 1 gryte 1 ort. Træboedskab: Adschillige boeskabskiørler 4 rdl, 1 seng og 1 pude sengeklæder 1 rdl 2 ort, 1 aaklede 1 rdl 3 ort, 1 quittel 1 ort, 1 ditto 1 ort, 1 ditto 4 ort, 1 aaklede 1 rdl 1 ort, 1 seng 1 rdl 4 ort, 1 ditto 1 rdl 3 ort, 1 pude 2 ort. Gangklæder: Udi gangklæder 4 rdl 3 ort, 2 stacher 2 ort. Fishe redskab: 1 sildegarn 1 rdl, 1 toug 1 rdl, 1 sildegarn 3 ort, udi toug 1 ort 10 sk, 1 sildegarn 3 ort, udi toug 2 ort 6 sk, 1 baad 1 rdl. Gaardens paastaaende huuse som den sl. mand self tilkom vurderet for 28 rdl 2 ort. Creaturer: 2 kyr a 2 rdl 3 ort = 5 rdl, 1 ditto 2 rdl 3 ort, 1 ditto 2 rdl, udi smaler 1 rdl 4 ort 8 sk, 2 smaler 1 rdl, 1 ditto 3 ort. Summa ofverald boens anførte formue 89 rdl 1 ort. Videre gods og formue end specificeret er, sagde ennchen effter tilspørgelse ey at hafue eller afvide, ey heller var boen beheftet med nogen bortskyldig gield. Derimod prætenderede enchen imod hendis salig mands begrafelse 8 rdl som hende blef bevilget. og der for strax scheede fornøyelse for denne registrerings bekostning med st. papir, og dens forferdigelse betales aparte af enchen, uden nogen afkortning for børnene, af boens formue kommer saa paa enchens part af forbemte. boens formue 44 rdl 3 ort 12 sk, og paa børnenes part 44 rdl 3 ort 12 sk, hvoraf kommer igien paa broderens part 29 rdl 4 ort 8 sk, og paa søsteren 14 rdl 5 ort 4 sk. Nom. 1: Er saa enchens Giertrud Pedersdatter tilfaldne paa sin part af boens halfue formue, dend lod nom. 1 som følger: 1 skaal udaf sølf 1 rdl, 2 ringer 1 rdl, 1 skie 4 ort, 1 belte 6 rdl, 1 kaaber kindel 3 rdl 3 ort, 1 helle med 1 skiering 4 ort, udi adschillige slags boeschabs kiørel 2 rdl, 1 seng med en pude 1 rdl 2 ort, 1 aaklede 1 rdl 3 ort, 1 quittel 1 ort, 1 ditto 1 ort, 1 ditto 4 ort, 2 stacher 2 ort, 1 sildegarn 1 rdl, udi toug 1 rdl, 2 kyr 5 rdl, i smaler 1 rdl 4 ort, i huusene 17 rdl, er 44 rdl 4 ort, for mechet som hund legger fra sig til børnene 12 sk til delling. Nom. 2: Dernest er de 2 børn tilfaldne dend anden halfue deel 44 rdl 3 ort 12 sk. Denne lod er atter igien deelt mellem børnene saaledis at broderen Hans Jørgensen er tilfalden allene paa sin part dette følgende, nemblig: 2 ringer for 1 rdl, 1 kindel 8 rdl, 1 øx 2 ort, 1 baar 1 ort 8 sk, 1 skiering 1 ort 8 sk, 1 ditto 1 ort, 1 baad 1 rdl, udi adschillige slags boedschabskiørler 1 rdl 2 ort, 1 aaklede 1 rdl 1 ort, 1 seng 1 rdl 4 ort, udi gangkleder 3 rdl, 1 sildegarn 3 ort, udi toug 1 ort 10 sk, 1 koe 2 rdl 3 ort, 2 smaler 1 rdl, i huusene 7 rdl 3 ort 14 sk, er 29 rdl 4 ort 8 sk. Anna Jørgensdater tilfaldne allene paa sin part dette følgende: 1 skie 1 rdl, 1 snor 4 ort, 1 gryte 1 rdl 3 ort, 1 ditto 1 ort, 1 tin fad 2 ort, udi adschillige kiørler 4 ort, 1 seng 1 rdl 3 ort, 1 pude 2 ort, udi gangkleder 1 rdl 3 ort, 1 sildegarn 3 ort, udi toug 2 ort 6 sk, 1 koe 2 rdl, 1 smale 3 ort, i huusene 3 rdl 4 ort 2 sk, annammer hos moderen 12 sk, we 14 rdl 5 ort 4 sk. Hvilket formynderne Mons i Grinnen og Rasmus Hopland bør tilsige at aname og forvalte og svarar de børnene igien enhver deris andeel med rede penge eller anden god værd, som ofven bemelt. hendistas. Dette saaledes af os som ofvenbemeldte effter angifelsen rigtig atvære registreret, vurderet, og imellem moderen og børnene udi 2de lige delle skifftet og deelt, bekreffter av med deris formynders satte signatur og bomercher. Actum Tøgen Anno et Die ib. supra.

Som ein kan sjå, var det eit rikt skifte, og det har truleg samanheng med kona Gjertrud sin familie på Husa, sjå merknad på gnr 168 bnr 5-6. Dei eigde m.a. husa sjølve, og det er interessant å merkja seg, for på slutten av 1700-talet var det jordeigaren som òg eigde alle husa på bruka.

6. Enkja Gjertrud Persd (5) g.2.g. m. Ola. Han er nemnd fadder i 1704, men må vera avliden før 1709, då det er ein ny brukar her. Gjertrud Tangen stod fadder i 1740, og det kan jo ha vore denne her, ho må då ha vore godt over 70 år.

Born: a. Jørgen Olsen f. 1705, kalla opp etter moras første mann, ukjend lagnad. b. Synneva Olsd f. 1707, stod fadder i 1741, elles ukjend lagnad.

7. Guttorm Olsen f. 1679 (ifølgje militær rulle) d. 1759 er brukar her frå om lag 1709. Han var gift, men me får ikkje greie på kona sitt namn, men etter namna til barneborna å dømma kan det ha vore den Brita som stod fadder i 1727 og 1731. Ho døydde i 1753, 74½ år gl, og vart då nemnd «Guttorm Tangens kone». Han fekk tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Nedst-Tangen: Brukar Guttorm, landskyld ½ våg fisk som før. Utsådet var ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget. På skattelistene frå 1718 til 1720 hadde Guttorm med seg Johannes, utan at han har late etter seg andre spor i kjeldene.

Born: a. Marta Guttormsd f. 1709. b. Mikkel Guttormsen f. 1710 d. 1784 g.1.g. m. Marta Hansd f. 1714 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-5a) d. 1770, brukarar der (8). c. Malena Guttormsd f. 1712, nemnd som vitne i tingboka 1737. d. Ola Guttormsen f. 1716 d. 1746 g. 1744 m. enkja Brita Hansd Opphaugen f. 1709 d. 1792, budde der (gnr 168 bnr 13-12). e. Nils Guttormsen f. 1717, nemnd i militær rulle 1749. f. Hans Guttormsen f. 1719, stod fadder i 1742. g. Siri Guttormsd f. 1719 d. 1779, neste brukar (8). h. Anna Guttormsd f. 1722 g. 1746 m. Per Henriksen f. 1713 Grima, Gulen d. 1777, busette på Kopper (gnr 168 bnr 4-1). i. Jens Guttormsen f. 1728.

På hausttinget i Lindås 1712 stemna Guttorm (brørne) Ivar Syslok og Nils Mikkelsen Sirset 14 år gl, begge frå Lindås (sjå Lindåsb. IV s 47), for tjuveri av torsk og fisketau. Begge møtte, og Ivar tilstod å ha teke taua utan lov, men ikkje fisken. Dei vart dømde til å erstatta verdien av taua, i tillegg måtte Ivar stå offentleg skrifte i kyrkja, medan Nils pga sin låge alder skulle straffast med ris. Guttorm er nemnd i ei anna sak på tinget i 1715, sjå Johannes Berge (gnr 168 bnr 21-2).

Det var skifte etter Guttorm i 1759. Arvingane var dei fire gjenlevande borna hans. Dei andre borna må såleis vera døde utan livsarvingar. Dei nemnde borna var Mikkel Guttormsen, no i Bergen, avdøde Ola Guttormsen Opphaugen, Anna Guttormsd g.m. Per Henriksen Kopper, og Siri Guttormsd g.m. Mons Knutsen Nedst-Tangen. Formuen i buet var på 18 rdl, og omfatta ein koparkjele til 9 rdl, ei sølvnål, ein messinglysestake, ei bomme med lås, ei øltønne, fire mjølkekoller, ei bøtte, ein så, tre lysetønner, ein blystein, ein gammal stamp, ei kiste, to gryter, ein skjerding, ein linevad, to vårsildgarn, tredelen i eit tau, ein gammal båt, eit åkle, ein kvitel (sengeteppe), to ullskjorter, eit par bukser, ein grå vampe og ein hatt. Det gjekk frå utgifter til gravferd og skifte med vel 8 rdl, så det vart om lag 9½ rdl til borna.

8. Siri Guttormsd f. 1719 på dette bruket (7g) d. 1779 g. 1750 m. Mons Knutsen f. 1722 Øvre Stuberg (7c). Brukarar her frå 1753 til familien flytta til Bergen i 1765. Først budde dei på Moldøyna (gnr 170 bnr 3-9).

Born: a. Jens Monsen f. 1750, ifølgje ei militær rulle var han 1771 i teneste på Berle i Davik skipreide, Nordfjord (no i Bremanger). b. Anna Monsd f. 1753 d. 1758. c. Brita Monsd f. 1753 d. 1758. d. Ola Monsen f. 1756 d. 1758. e. Brita Monsd f. 1759. f. Anna Monsd f. 1761. Borna b. og c. var tvillingar, og vart saman med d. jordfesta same dagen.

9. Anna Mikkelsd f. 1743 Husa (gnr 168 bnr 5-8b) d. 1800 g. 1770 m. Lars Knutsen f. 1745 Vika (gnr 168 bnr 28-8b) d. 1786. Lars fekk tinglyst bygselsetel frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1769, bruket vart då kalla Søre Tangen. Dei var brukarar her til 1780, då dei flytta til Skotholmen (gnr 170 bnr 1-10), der familien er ført.

10. Kristian Nilsen f. 1754 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-11d) d. 1831 g.1.g. 1780 m. Kari Askildsd f. 1759 d. 1794. Ho er nemnd Muren ved giftarmålet, men faren er ikkje derifrå. Ho vart truleg oppfostra der, sjå Muren gnr 168 bnr 18-10a. Bygselbrev på Nedst-Tangen i 1781 frå Dankert Dankertsen Heiberg.

Born: a. Nils Kristiansen f. 1780 d. 17 dg gl. b. Lars Kristiansen f. 1781 d. 1813, ugift. c. Kari Kristiansd f. 1786 d. 1828, seinare brukar (12). d. Anna Kristiansd f. 1790 d. 1802. e. Nils Kristiansen f. 1794 d. 3 veker gl.

Det var skifte etter Kari i 1795. Arvingane var enkjemannen Kristian og dei tre borna som enno levde. Buet hadde verdiar for 21 rdl, men kom til kort med 32 rdl, vesentleg pga krav frå jordeigaren Heiberg på 36 rdl og frå tenaren Agata Nilsd (Midt-Tangen gnr 168 bnr 26-11b) på 12 rdl for løn for fire år. Dei hadde m.a. tre kyr, ein vêr, ei kiste, ein høvel, ei eikekorg, ei halvtønne, eit vasspann, ei sag, to gryter, ei smørkinne, ein navar, ein skjerding, fire mjølkelaupar, eit snøre, eit sildegarn, ein linevad med anglar og ein færingsbåt.

11. Enkjemannen Kristian Nilsen (10) g.2.g. 1795 m. Brita Hansd f. 1761 Brotet (gnr 168 bnr 16-8b) d. 1813. I folketeljinga 1801 budde Kristian og Brita her saman med borna hans Lars og Anna. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart verdien av bruket sett til 75 rdl. Fiskeria var hovudnæringa.

Born: a. Kornelius Kristiansen f. 1796 d. 4 dg gl. b. Mons Kristiansen f. 1797 d. 1800. c. Mons Kristiansen f. 1801 d. 1868 g. 1824 m. Kristiana Olsd f. 1802 Vika (gnr 168 bnr 28-11a) d. 1877, brukarar der (13).

12. Kari Kristiansd f. 1786 på dette bruket (10c) d. 1828 g. 1816 m. Ola Jonasen f. 1786 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-1a) d. 1837. Bygselbrev 1818 frå Kristoffer Kahrs. Ola var matros og sat i prisonen i England i 6 år under Napoleonskrigen (1801-1815). Han var los på Fedje.

Born: a. Femja Olsd f. 1817 d. 14 dg gl. b. Lars Olsen f. 1819 d. 1887 g. 1847 m. Gjørnilla Hansd f. 1821 Langedalen (gnr 169 bnr 5-4a) d. 1901, budde i Sulo (gnr 169 bnr 34-1). c. Rasmus Olsen f. 1823 d. 1875 g. 1851 m. Lisbet Ingemårsd f. 1827 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-9c) d. 1896, budde der (gnr 170 bnr 5-15).

Skiftet etter Kari i 1829 syner at arvingane var enkjemannen Ola og dei to sønene. Det vart selt lausøyre for vel 48 spd på auksjon, medan gjeld og skifte/auksjonsutgifter kom opp i 64 spd, så det vart ingenting til dei etterlatne.

13. Enkjemannen Ola Jonasen (12) g.2.g. 1831 m. Kristine Andersd f. 1806 Husa (gnr 168 bnr 7-11e) d. 1890. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Nedst-Tangen var 1 ort 3 skilling.

Born: a. Karl Olsen f. 1831 d. 1912 g. 1858 m. Brita Andersd f. 1835 Husa (gnr 168 bnr 11-6a) d. 1915, brukarar i Træsneset (gnr 171 bnr 1-1). b. Marta Olsd f. 1837 d. 1920 g. 1884 m. em. Mikkel Jetmundsen f. 1832 Toftegård, Austrheim d. 1906, budde i Træsneset (husmenn 1).

Skiftet etter Ola i 1837 syner at arvingane var enkja Kristine og to born av 1. og to av 2. ekteskap, det yngste berre 4 veker (født 18 dagar før farens død). Det var lausøyre for vel 17 spd, medan gjelda var på heile 74 spd, så buet var fallitt. Dei hadde m.a. to gryter, ei sag, to ljåar, ein høvel, ei øks, fire kister, to sildetønner, to halvsildetønner, eit barkespann, ein stamp, eit ølanker, ei smørkinne, to trananker, eit par vassbøtter, eit skap og ein rokk. Husdyra talde ei ku og ein sau. Av sjøutstyr hadde dei ein fireåra båt med segl, ein seksåra båt utan segl, eit handsnøre, ein linevad, eit lyrgarn og fem andre garn. Elles var det ei våg såkorn, to skjepper potet, og ein fiolin med kasse. Så Ola var kanskje musikar, det finst ikkje mange spor etter slike frå denne tida på Fedje.

Kristine sat med bruket til 1841, sidan levde ho av lospensjonen etter Ola og gifta seg ikkje opp att. Ho budde hjå sonen i Træsneset.

14. Anders Andersen f. 1808 Skare, Seim i Lindås d. 1894 (son av Anders Andersen f. 1743 d. 1834 og Brita Olsd f. 1767 d. 1841, sjå Alenfitb. I s 410) g. 1834 Manger m. Brita Endresd f. 1810 Titland i Lygra, Lindås d. 1888 (dotter av Endre Persen f. 1752 og Torbjørg Olsd f. 1772, sjå Alenfitb. IIA s 57). Anders og Brita budde først på Titland, så på Taule og Vallersneset i Radøy, før dei fekk bygsel på Nedst-Tangen frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1841. Dyretalet på bruket varierte slik: 1845 2 storfe og 4 sauer, 1855 2 storfe og 6 sauer, 1865 3 storfe og 1 sau, og 1875 1 kalv og 5 sauer. Dei sådde følgjande: 1845 ⅛ tn havre og ½ tn potet, 1855 berre ⅛ tn havre, 1865 ⅜ tn havre og ⅝ tn potet, og 1875 ⅔ tn havre og 1 tn potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1½ kyrlag og utsådet ¼ tn havre og ⅔ tn potet. Avlinga var på ¾ tn havre, 2½ tn potet og 82 våger høy. Det var 0,6 mål dyrka åker og eng, og 6,8 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka.

Born: a. Anders Andersen Titland f. 1834, utflytta 1861 til Oslo (Kristiania), ved skiftet etter broren Ola i 1895 vart det sagt at han var død for over 20 år sida, og då ein på desse åra ikkje hadde hørt noko frå hans etterlatne, vart dei ikkje rekna med som arvingar. b. Torbjørg Andersd f. 1836 d. 1924 g. 1862 m. Ivar Klementsen f. 1833 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-13d) d. 1896, budde på Mulen (5). c. Endre Andersen f. 1838 d. 1904 g. 1863 m. Brita Monsd f. 1835 Vika (gnr 168 bnr 28-13b) d. 1914, brukarar der (14). d. Mons Andersen f. 1841 d. 1869 på Erdal i Askøy (3 md etter bryllaupet) g. 1869 m. Eli Mikkelsd f. 1843 Vetås, Radøy d. 1922 (jf Radøyb. IV s 720). Mons vart ikkje nemnd i broren Ola sitt skifte i 1895, så han døydde utan livsarvingar. Enkja Eli g.2.g. 1870 Askøy m. Ivar Nilsen Fanebust f. 1847 Lindås d. 1936 (jf Lindåsb. III s 417), dei reiste i 1871 til Quebec i Canada, budde i Lee Country i Illinois, USA til 1887, seinare i Sioux Falls i Sør-Dakota. e. Anders Johan Andersen f. 1844 d. 1932, neste brukar (15). f. Ola Andersen f. 1848 d. 1894 g. 1872 m. enkje Berta Karina Hansd f. 1826 Hernar, Øygarden d. 1905, budde i Sulo (gnr 169 bnr 27-2). g. Bertel Andersen f. 1851 d. 1929 g. 1881 m. Olsina Hansd f. 1852 Brotet (gnr 168 bnr 16-13d) d. 1891, brukarar der (14). Ho var søster til Brita (15) h. dødfødd son f. 1854. i. Karl Bertin Andersen f. 1856 d. 1945 g. 1882 m. Marta Martinusd f. 1853 Krossøyna, Austrheim d. 1924, nybrottsfolk på Stormark (gnr 172 bnr 7-1). j. Andreas Andersen Tangen f. 1860 d. 1901, utflytta til Amerika i 1882, han var av dei første feiingane som reiste, g. 1887 Illinois m. norskfødde Anna (Annie) Orsted f. 1870 (emigrerte 1884), bustad Chicago, Illinois i USA, han var maskinist. Enkja Anna g.2.g. 1904 Chicago m. John William Larson f. 1874 Illinois d. 1964, telefonoperatør, bustad Chicago.

15. Johan Andersen Tangen f. 1844 på dette bruket (14e) d. 1932 g. 1873 m. Brita Hansd f. 1847 Brotet (gnr 168 bnr 16-13a) d. 1936. Skøyte på Nedst-Tangen 1877 for 600 kr frå Fedje Torvkompagni. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 36 øre. Dei dreiv med fiske og jordbruk, dessutan var Johan hustømmermann. I folketeljinga 1875 er det sagt at Johan og Brita budde i nybygningen, så det er truleg sett opp nytt hus på den tida.

Barn: a. Ivar Martin Johansen Tangen f. 1874 d. 1944, neste eigar (16).

Mariane og Ivar Tangen (16).

16. Ivar Johansen Tangen f. 1874 på dette bruket (15a) d. 1944 g. 1897 m. Mariane Nilsine Knutsd f. 1875 Hernar, Øygarden d. 1937 (dotter av Knut Larsen f. 1846 d. 1886 og Kari Larsine Nilsd f. 1854 d. 1920). Mariane var søster til Lovise Herøy, Stormark (gnr 172 bnr 14-1) og halvsøster til Ragna Stormark (gnr 172 bnr 7-2). Ivar var m.a. fyrvaktar på Hellisøy fyr frå 1919 til 1944, sjå der (gnr 173 bnr 1-14). Han overtok Nedst-Tangen då faren døydde i 1932.

Born: a. Borghild Johanna Ivarsd Tangen f. 1898 d. 1987, neste eigar (17). b. Konrad Olai Ivarsen Tangen f. 1901 d. 1964 g. 1933 m. Malena Ingvaldsd Storesund f. 1912 Karmøy d. 1992. Konrad var reserveassistent Holmengrå fyr 1917-1919 og frå 1935, fyrbetjent Tvistein fyr frå 1946, fyrvaktar der 1955-1961. Busette i Nevlunghavn, Brunlanes i noverande Larvik kommune. Borna vart fødde på Fedje: ba. Nelborg Helene Tangen f. 1934 g. 1956 m. Egil Bonnegolt f. 1928 Porsgrunn d. 2007, bustad Larvik, ho flytta sidan til Åmot i Modum. bb. Margot Irene Tangen f. 1937 d. 2013, ugift, bustad Oslo, seinare Larvik. bc. Sigrun Tangen f. 1942 d. 2018 g. 1975 m. Kristen Runnekaas f. 1938 Rjukan i Tinn d. 2008, bustad Åmot i Modum. bd. Ivar Tangen f. 1946 d. 2004 g. 1958 m. Lisbeth Knutsen frå Brunlanes, bustad Larvik. be. dødfødd tvillingson f. 1946. c. Johan Andreas Ivarsen Tangen f. 1904 d. 1992, reiste til USA, g.m. Kirsten Hjalmarsd Aase f. 1923 Alversund, Lindås, oppvaksen New York d. 1971 (jf Alversundb. I s 353 nr 86c), budde først i New Bedford, Massachusetts, han var fiskar, flytta som pensjonistar til Monroe i Florida. d. Lilly Karina Ivarsd Tangen f. 1908 d. 1990 g.1.g. 1931 m. Edvard Andreas Arnesen Toftegård f. 1909 Austrheim d. 1933 (tub.), budde der (sjå Austrheimb. II s 293). Lilly g.2.g. 1935 m. Sigvald Herman Ingvaldsen Storesund f. 1909 Karmøy d. 1984 (bror til Malena g.m. b. ovanfor), stuert og fiskar, dei budde på Hellisøy fyr fram til krigen, der dei to eldste borna er fødde, flytta seinare til Karmøy. Born: da. Mariann Ivarna Storesund f. 1937 g. 1957 m. Olav Lindland f. 1931 Sør-Audnedal i Lindesnes d. 1975, busette der. db. Sigleif Storesund f. 1939 g. 1961 m. Bertha Helene Olsen f. 1942 Haugesund, busette der, budde nokre år i Spania. dc. Ivar Sigbjørn Storesund f. 1941 d. 2022 g. 1964 m. Rudith Janne Andersen f. 1945 Sør-Audnedal i Lindesnes d. 2017, budde der. dd. Lillian Storesund f. 1945 d. 2017 g. 1962 m. Gustav Edvard Storm f. 1938 Sør-Audnedal d. 2001, bustad Torvastad, Karmøy. de. Nils Johan Storesund f. 1947 g. 1972 m. Gunbjørg Borgfrid Myrstøl f. 1952 Moi i Lund, bustad Haugesund. e. Lauritz Harald Ivarsen Tangen f. 1912 d. 1976 g. 1944 m. Laura Howard f. 1921 Liverpool d. 1983, emigrerte til USA i 1947, bustad New Bedford, Massachusetts, han arb. på skipsbyggeri.

Endre og Borghild Rognsvåg (17).

17. Borghild Ivarsd Tangen f. 1898 på dette bruket (16a) d. 1987 g. 1921 m. Endre Jensen Rognsvåg f. 1898 (gnr 167 bnr 2-5e) d. 1988, fiskar, medeigar i M/S «Union». Dei var tremenningar med felles oldeforeldre Brita Endresd og Anders Andersen Nedst-Tangen (nr 14 ovanfor). Borghild og Endre budde på Nedst-Tangen frå dei vart gifte, og fekk skøyte i 1946. I 1947 bygde dei hus på ei frådelt tomt, sjå gnr 168 bnr 218.

Born: a. Ivar Rognsvåg f. 1922 d. 2013 g. 1953 m. Sigrid Maria Rask f. 1925 Norrbotten, Sverige d. 2012, bustad Frillesås, Göteborg, han arb. papirfabrikk. b. Jens Rognsvåg f. 1924 g. 1949 m. Åshild Olsen f. 1927 Mo i Rana, bustad Charlottenberg i Sverige, budde tidlegare i Oxelössund ved Stockholm, han arb. på sementrørfabrikk. c. Bjarne Rognsvåg f. 1926 d. 1996 g. 1952 m. Ingjerd Kristine Eikrem f. 1930 Aukra i Romsdal (jf Aukrab. III s 16), bustad Bergen, han arb. vêrvarslinga Vestlandet. d. Magnus Rognsvåg f. 1927 d. 2012 g. 1956 m. Bergit Uthaug f. 1930 Midt-Tangen (gnr 168 bnr 56-1b) d. 2014, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 128). e. Dagfinn Rognsvåg f. 1930 d. 2004, sjå Nedst-Tangen gnr 168 bnr 218-1. f. Erling Rognsvåg f. 1932 d. 2005, neste eigar (18). g. Borgny Rognsvåg f. 1934 g. 1957 m. Olav Hisdal f. 1934 Samnanger, bustad Bergen. Sjå òg Husøyna gnr 168 bnr 219. h. Thorleif Rognsvåg f. 1936 d. 1984 g. 1967 m. Liv Stokholm f. 1947 Svena (gnr 170 bnr 18-1a), sjå der. i. Harald Rognsvåg f. 1939 d. 2021 g. 1959 m. Gunvor Sivertsen f. 1939 Svena (gnr 168 bnr 88-1a) d. 2005, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 190). j. Rolf Rognsvåg f. 1944 d. 1999 g. 1967 m. Marit Ophaug f. 1947 Kopper (gnr 168 bnr 116-1c) d. 2023, busette på Børhaugen (gnr 168 bnr 60-2), og seinare Kopper (gnr 168 bnr 61-4).

18. Erling Rognsvåg f. 1932 på dette bruket (17f) d. 2005, arb. Bjelland, g. 1961 m. Kirsten Opsahl f. 1941 Berge (gnr 168 bnr 79-2b) d. 2012, fiskeindustriarb. Skøyte på bnr 27 i 1977. Dei har rive det gamle huset på bruket, og bygd nytt. Det skjedde i 1960, på tomt frådelt gnr 168 bnr 27 same året med nytt bnr 174 Vårly.

Born: a. Kristin Rognsvåg f. 1962 d. 2004 g. 1989 m. Kjell Ottar Kristoffersen f. 1937 Stavanger d. 2011, bustad Børøy i Hjelmeland, Ryfylke, dreiv mek. verkstad. b. Sigbjørn Rognsvåg f. 1966, neste eigar (19). c. Paul Erling Rognsvåg f. 1971, bustad Nedst-Tangen gnr 168 bnr 218-2.

19. Sigbjørn Rognsvåg f. 1966 på dette bruket (18b), kokk, g.m. Trude Sivertsen f. 1964, dei budde før i Bergen. Skøyte på bnr 27 og bnr 174 i 2012.

Born: a. Bjørn Remi Wiger Rognsvåg f. 1986, bustad Bergen. b. Sondre Christensen Rognsvåg f. 1993, bustad Bergen (Sigbjørns søner). c. Tarjei Rognsvåg f. 2002, tømrar.


Fedje komm.svg Nedst-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 27) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn i Midt-Tangen • Neste bolk: Brattli (Fedje gnr 168 bnr 56)