Midt-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 26)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Midt-Tangen
S282.168.26.Midt-Tangen.JPG
Til høgre huset i Midt-Tangen (no bnr 401), og til venstre huset på bnr 128. Mellom der (delvis gøymd) ligg bnr 214. I bakgrunnen er Moldøyna. Bilde 2007.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 26

Midt-Tangen er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune.

Midt-Tangen ligg mellom dei to andre bruka i Tangane. Det har truleg vore frådelt Nordre Tangen, for det vert lenge kalla med same namnet i kjeldene. Først i 1723 kjem nemninga Midt-Tangen i bruk, for å skilja det frå det nordre bruket. Det vart tidlegare kalla Tangen midtre. Uttalen er «mitånjenn». Landskylda var i byrjinga ½ våg fisk, seinare auka til 2 pund fisk, eller 1 pund smør.

1. Herman Frisch er den første som er nemnd på dette bruket, frå 1644 til 1661. Han brukte òg Eide, sjå meir der (gnr 168 bnr 15-2).

2. Thomas Sørensen er brukar i 1664 på same måte som på Eide (gnr 168 bnr 15-3), medan det året etter er enkja hans som er oppført i skattelista. Slik var det fram til 1668, sjå meir om dei på Eide. Midt-Tangen er heller ikkje med i manntalet 1666, truleg var dette folk frå Bergen. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø tre naut, utsåd er ikkje nemnt.

3. Johannes Larsen f. 1632 (ifølgje alder i 1701) er første gong nemnd her i 1686 i ei sak i tingboka. Saman med oppsitjarane i Børo, Holmen og Muren klaga han på dei altfor høge skattane dei måtte betala. Dommen var at saka måtte venta til futen og sorenskrivaren hadde vore på staden og vurdert tilhøva. Noko meir veit me ikkje om saka. Johannes er oppført på skattelistene frå 1691 til 1694. Landskylda var no auka til 2 pund fisk. Bruket vart då kalla «Noch» (= endå eitt) Nord-Tangen for å skilja det frå dét bruket. Johannes er nemnd som fadder fram til 1712. Han hadde sonen a. Ingebrigt Johannessen f. 1687, ukjend lagnad.

4. Knut Nilsen f. 1637 (etter alder i 1701) var brukar her saman med nr 3 ifølgje manntalet 1701. Knut hadde sonen a. Hans Knutsen 4 år, neste brukar (5). Johannes Olsen Husebø 24 år frå Meland var tenestedreng her. Knut hadde òg ei dotter nemnd som fadder i 1720. Det kan ha vore b. Ingeborg Knutsd, Knut stod fadder då ho fekk ei dotter i 1712, sjå under Kopper gnr 168 bnr 1-11. Knut er nemnd i tingboka i 1696 ei sak der Nils Olsen Kolås, Lindås (sjå Lindåsb. III s 496) hadde stole eit sølvbelte, ei sølvsnor og ei sølvspenne, som var sagt skulle vera for manglande utbetalt tenesteløn for kona. Dei drog ut til Fedje, og prøvde å selja tjuvegodset. Knut kjøpte då sølvspenna for 6 skilling, men måtte levera den tilbake igjen. I skoskatten 1711 betalte han for seg, kona og eitt barn over 15 år, til saman 1 ort 2 skilling. Han fekk tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Midt-Tangen: Brukarar Knut og Hans, landskyld 2 pund fisk. Utsådet var på ½ tn havre og avlinga 1½ tn, og det var meir enn på dei fleste andre bruka på Fedje. Dyretalet var på heile 4 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget. Knut er ofte kalla «gamle Knut Tangen» for å skilja han frå Knut Nord- Tangen (gnr 168 bnr 25-8). Han er nemnd fadder siste gongen i 1724, og er truleg død seinare same året, 87 år gammal, som var ein sjeldan høg alder på den tida. Kona stod fadder siste gongen i 1720.

5. Hans Knutsen f. 1697 på dette bruket (4a) d. 1761 g.1.g. m. Asgjerd Knutsd f. 1686 (etter alder ved død) d. 1755. Dei var brukarar her saman med nr 4 frå 1714. Hans fekk tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Matrikkelen 1723 synte at dette var eit bra bruk samanlikna med dei andre tilsvarande bruka på Fedje, så derfor var det plass til to familiar. Hans var lagrettemann på vårtinget i Lindås i 1738. Det var ikkje så ofte folk frå Fedje fekk dette vervet, det var truleg pga avstanden.

Born: a. Marta Hansd f. 1714 d. 1770, seinare brukar (8). b. Knut Hansen f. 1715 g. 1742 m. Barbra Larsd f. 1717 Vika (gnr 168 bnr 28-6a), Knut var brukar saman med foreldra frå 1731 til om lag 1744, han og Barbra var så i Moldøyna, før dei flytta til Vika (gnr 168 bnr 28-8). c. Nils Hansen f. 1718 d. 1772, seinare brukar (11). d. Mons Hansen f. 1722, ukjend lagnad. e. Kari Hansd f. 1723, ukjend lagnad. f. Barbra Hansd f. 1729 d. 1749, seinare brukar (9).

6. Enkjemannen Hans Knutsen (5) g.2.g. 1756 m. Ingeborg Olsd f. 1718 på Austrheim d. 1789 (dotter av Ola Monsen f. 1655, sjå Austrheimb. III s 103). Ingen born.

7. Enkja Ingeborg Olsd (6) g.2.g. 1762 m. Mikkel Hansen f. 1740 Tvibergneset, Lindås d. 1765 (jf Lindåsb. IV s 283). Ingen born. Ingeborg er oppført som enkje i Midt-Tangen i ekstraskattelista fram til 1767. Så flytta ho til søstera Magdeli på Årås i Austrheim, og vart g.3.g. 1769 m. Johannes Thomassen f. 1748 Førland, Austrheim d. 1817, dei budde på Hjertås i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 427 og 467). Ingeborg hadde ikkje born med nokon av mennene, og det var «heldig» på den måten at ved skiftet etter henne i 1789 er søskena hennar og deira born nemnde, og det gir eit fint oversyn over slekta. Ho var som nemnt fødd på garden Austrheim, og det var to av søskena som hadde tilknyting til Fedje. Dei er omtalde slik i skiftet: Eldste bror Erik Olsen Humpen på Fedje (sjå Brotet husmenn 1), død, etterlét døtrene Ragnhild Eriksd g.m. Nils Villanger, Marta Eriksd Kopper (gnr 168 bnr 1-12), òg død, hadde borna Ola Rasmussen Kopper og Mari Rasmusd 24 år, og Brita Eriksd 40 år, tenar på Grenda. Så var det borna til søstera Magdeli Olsd Årås: Eldste son Per Jonasen Austrheim, òg død, hadde dottera Johanna Persd g.m. Lars Halvorsen Sævrøyna (sjå m.a. sonen deira Lars Husa gnr 168 bnr 11-5), Magdelis andre son Ola Jonasen (Nord-Tangen gnr 168 bnr 25-12), død, etterlét sonen Per Olsen 12 år og tenar hjå Dankert Heiberg, og Magdelis dotter Bol Jonasd g.m. Jens Mathiassen (f. Uthaugen gnr 168 bnr 20-6j) på Heggholmen (Øygarden). Denne utførlege opplistinga av arvingane i skiftet var i grunnen til inga praktisk nytte, for buet kom til kort med vel 3 rdl, så det vart ingen arv.

8. Marta Hansd f. 1714 på dette bruket (5a) d. 1770 g.m. Mikkel Guttormsen f. 1710 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-7b) d. 1784. Brukarar her frå om lag 1735 saman med nr 5. Mikkel fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1738.

Born: a. Knut Mikkelsen f. 1735. b. Brita Mikkelsd f. 1740 d. 1741. c. Brita Mikkelsd f. 1742. d. Mons Mikkelsen f. 1745 d. 1766. e. dødfødd dotter f. 1749.

Familien flytta til Bergen rundt 1750. Her vart Mikkel g.2.g. 1776 m. Margrete Andersd. Han var fiskar.

9. Barbra Hansd f. 1729 på dette bruket (5f) d. 1749 (i barselseng) g. 1748 m. Jakob Olsen f. 1724 Kvalvågen i Austrheim d. 1757 (jf Austrheimb. II s 244) var brukarar her ei kort tid frå 1748 saman med nr 8.

Barn: a. Anders Jakobsen f. 1749 d. 1750 12 veker gl.

Enkjemannen Jakob Olsen vart g.2.g. 1751 m. Brita Ivarsd f. 1731 Litlås, Austrheim d. 1797, og dei busette seg på Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-10).

10. Ragnhild Kristiansd f. 1722 Muren (gnr 168 bnr 18-8a) g. 1749 m. Mikkel Steffensen f. 1725 Nordre Njøta, Austrheim d. 1775 (sjå Austrheimb. I s 563, son av Steffen Nilsen f. 1689 d. 1748 og Dordi Monsd. f. 1696 d. 1746). Mikkel var farbror til Ola Vika gnr 168 bnr 28-10. Brukarar her frå 1750. Dei flytta til Bergen omkring 1762. Mikkel var fiskar.

Barn: a. Steffen Mikkelsen f. 1749 d. 7 dg gl.

11. Nils Hansen f. 1718 på dette bruket (5c) d. 1772 g.1.g. 1745 m. Kari Monsd f. 1719 Kvalheim, Radøy d. 1765 (sjå Radøyb. II s 46). Nils fekk i 1751 tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen på 12 merker smør (½ av Midt-Tangen). Dei var brukarar saman med nr 10 i om lag ti år. Nils og Kari budde først på Moldøyna (gnr 170 bnr 3-8).

Born: a. Hans Nilsen f. 1746 d. 1774, ugift. b. Agata Nilsd f. 1747 d. 1802, ugift. c. Barbra Nilsd f. 1750 d. før 1774 (ikkje nemnd i skiftet etter broren Hans). d. Kristian Nilsen f. 1754 d. 1831 g.1.g. 1780 m. Kari Askildsd f. 1759 Muren (gnr 168 bnr 18-10a) d. 1794, brukarar på Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-10).

12. Enkjemannen Nils Hansen (11) g.2.g. 1766 m. Brita Sjursd Skotsund, Lygra i Lindås. Ingen born.

13. Brita Ingebrigtsd f. 1751 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-8b) d. 1819 g.1.g. 1771 m. Ivar Johannessen f. 1746 Keilo, Lindås d. 1798. Brukarar her frå giftarmålet. Ivar var los. Sjå òg Kremmarholmen 7.

Born: a. Petrikka Ivarsd f. 1772 d. 1848 g. 1801 m. Gudmund Andersen f. 1777 Kopper (gnr 168 bnr 3-2d) d. 1861, brukarar der (3). b. Johanna Ivarsd f. 1774 g.1.g. 1795 m. em. Jonas Olsen f. 1758 Solend, Austrheim d. 1798, budde på Uthaugen (gnr 168 bnr 20-2). c. Marta Ivarsd f. 1777 d. 1811 g. 1810 m. Magne Magnesen f. 1778 Keilo, Lindås d. 1820, budde der (sjå Lindåsb. IV s 434). d. Rasmus Ivarsen f. 1779 d. 1780.

Det var skifte etter Ivar i 1798, med arvingane enkja Brita og dei tre døtrene. Buet hadde for vel 50 rdl i lausøyre, og då gjeld og skiftekostnader var trekte frå, vart det 40 rdl på dei etterlatne, slik at dei stod seg bra. Dei hadde m.a. tre kyr, tre gryter, ein skjerding, ein spade, ei bakstehelle, ei vogge, ein lysestake, ein høvel, eit ølanker, to eikeøltønner, tre sildetønner, ein stamp, ein målstamp, ei kiste og 16 buskapskjørel. Av sjøutstyr var det ein slagkeipingsbåt, ein gammal båt, ein kyrkjebringebåt, to torskegarn, eit linetau og vad med anglar, tre sildegarn, eit snøre med blystein, ein linevad og halvdelen i ei kastenot.

14. Enkja Brita Ingebrigtsd (13) g.2.g. 1799 m. Ola Knutsen f. 1775 Hope, Lindås d. 1844 (son til Knut Olsen, jf Lindåsb. IV s 481). Ingen born. Bygselbrev frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs i 1799. I folketeljinga 1801 budde Brita og Ola her saman med Brita si dotter Johanna, som var enkje, og sonen hennar Ivar Jonasen 6 år. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden kunne fø tre storfe. Fiskeria var hovudnæringa. Verdien av bruket vart sett til 100 rdl, som var meir enn det som var vanleg elles på Fedje.

15. Enkjemannen Ola Knutsen (14) g.2.g. 1820 m. Lisbet Hansd f. 1792 Årås, Austrheim d. 1869 (dotter av Hans Monsen f. 1743 d. 1814 og Elsa Monsd f. 1743 d. 1800, jf Austrheimb. II s 372). Matrikkelen 1838 syner at ny skyld var 1 ort 16 skilling. Etter at Ola døydde, sat Lisbet med bruket til 1855, då ho fekk kår av neste eigar. Ho hadde i 1845 2 storfe og 6 sauer, og sådde ⅛ tn havre og ½ tn potet.

Born: a. Bertel Olsen f. 1820 d. 1901 g. 1855 m. Johanna Olsd f. 1823 Kopper (gnr 168 bnr 2-10c) d. 1883, brukarar der (14). b. Elsa Olsd f. 1823, flytta til Bergen 1857, sjå nedanfor. c. Mari Olsd f. 1824 d. 1844. d. Massi Olsd f. 1826 d. 1900 g. 1867 m. Hans Andersen f. 1838 Vikane, Austrheim d. 1918, budde der. Hans var enkjemann etter Massi si søster Olsina. e. Abel Olsd f. 1827 d. 1907 g. 1851 m. Anders Eriksen f. 1825 Molland, Masfjorden d. 1869, budde på Dyrdal i Myking, Lindås (sjå Mykingb. s 87). Dottera deira ea. Erika Andersd f. 1853 d. 1944 vart g. 1901 m. em. Hans Andersen Vikane (sjå nr d. og h. her). f. Ola Olsen f. 1830 d. 1831. g. Johanna Olsd f. 1830 d. 1906 g. 1866 m. Kristian Andersen Fonnes, Austrheim f. 1830 d. 1910, budde der (jf Austrheimb. I s 211). h. Olsina Olsd f. 1833 d. 1866 g. 1858 m. Hans Andersen f. 1838 Vikane, Austrheim d. 1918, budde der, sjå òg nr d. og ea. her (jf Austrheimb. I s 708).

Det var skifte etter Lisbet i 1869. Ho hadde klart seg godt som enkje, for det var inga gjeld i buet, og vel 56 spd til arvingane. Det vart opplyst at dei ikkje hadde hørt frå Elsa (b.) på over sju år, og opphaldsstaden hennar var ukjend. Hennar arvelott vart derfor delt mellom søskena.

16. Siri Rasmusd f. 1831 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-5e) d. 1864 g. 1854 m. Henrik Moss Jonsen Opdal f. 1830 Balestrand i Sogn d. 1879 (son av Jon Ottesen Opdal f. 1782 d. 1834 (sjå Gulenb. I s 566) og Marta Maria Andersd Moss f. 1791 d. 1851, Jon var lensmann i Tjugum i Balestrand, jf Balestrandb. I s 157). Henrik var bror til Ottine Kahrs, Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-1) og Berta Eriksen, Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-2). Han var reservelos på Fedje frå 1855 og fastlos frå 1864. Bygselbrev 1855 på Midt-Tangen frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1½ kyrlag og utsådet ⅜ tn havre og 1¼ tn potet. Avlinga var på 1 tn havre, 3 tn potet og 88 våger høy. Det var 0,8 mål dyrka åker og eng, og 6,8 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var lettdriven og godt dyrka. I 1855 hadde Siri og Henrik 4 storfe og 6 sauer, og sådde ⅛ tn havre og ¼ tn potet. Dei bygde det noverande huset på bruket.

Born: a. Johan Henriksen Opdal f. 1854 d. 1931 g. 1881 m. Iverine Larsd Opdal f. 1851 Gulen d. 1902, dei var tremenningar og brukarar på Klokkeide, sjå Gulenb. II s 419. b. Rasmus Andreas Henriksen f. 1859, utvandra 1881 til Amerika, han var av dei første som reiste dit frå Fedje, ugift, døydde der etter nokre få år. c. Marta Maria Henriksd f. 1862 d. 1951 g. 1882 m. Kristoffer Kahrs f. 1858 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-1g) d. 1931, budde på Toftegård i Austrheim (jf Austrheimb. II s 280).

17. Enkjemannen Henrik Jonsen Opdal (16) g.2.g. 1865 m. Mari Larsd f. 1837 Husa (gnr 168 bnr 12-4b) d. 1916. I 1865 hadde dei tenaren Marie Persd (Grenda gnr 168 bnr 17-13b). Dyretalet var 5 storfe og 5 sauer, og utsådet ⅜ tn havre og 2 tn potet. I 1875 hadde dei 5 kyr og 15 sauer, og sådde 4/9 tn blandkorn (havre og bygg) og 1½ tn potet.

Born: a. Sofia Henriksd f. 1866 d. 1935, seinare brukar (19). b. Ida Henriksd f. 1867 d. 1909 g. 1888 m. em. Hans Andreas Mortensen Vikre f. 1853 Skudenes, Karmøy d. 1922, malarmeister, budde i Bergen. c. Lars Kristoffer Henriksen f. 1872 d. om lag 1919, utvandra 1893 til USA, kjøpte farm og hadde hotell i Chicago, ugift.

Skiftet etter Henrik i 1883 synte at det kunne vera bra forteneste i losyrket. Han hadde vel 800 kr i Bergen Privatbank, og saman med lausøyre og med frådrag for gjeld og skiftekostnader, gav det nesten 1200 kr til arvingane.

18. Enkja Mari Larsd (17) g.2.g. 1882 m. Hans Hansen f. 1848 Grønevik i Gulen d. 1900 (son av Hans Kristensen f. 1809 d. 1855 og Kari Hansd f. 1822 d. 1905, sjå Gulenb. I s 250). Ingen born. Hans fekk skøyte på Midt-Tangen i 1883 for 960 kr frå Fedje Torvkompagni. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 39 øre. Dei dreiv med fiske og jordbruk. 17. august 1900 drukna Hans på Fedjefjorden saman med kona sin svigerson Lasse Hansen (nr 19 her), dei vart ikkje attfunne. Rasmus Børhaug (gnr 168 bnr 137-1a) overlevde ulykka. Ein meinte det var ein kval som kvelvde båten.

19. Sofia Henriksd Tangen f. 1866 på dette bruket (17a) d. 1935 g.1.g. 1891 m. Lasse Hansen f. 1864 Brotet (gnr 168 bnr 16-13h) d. 1900, omkom på Fedjefjorden, sjå nr 18.

Born: a. Henrik Andreas Tangen f. 1892 d. 1976, seinare brukar (21). b. Hanna Maria Tangen f. 1897 d. 1899. c. Laurits Harald Tangen 1900 d. 1911.

Petter og Sofia Tangen (20).

20. Enkja Sofia Henriksd Tangen (19) g.2.g. 1903 m. Petter Karlsen f. 1878 Træsneset (gnr 171 bnr 1-1k) d. 1923. Sofia fekk skøyte på bruket frå mora i 1903 for 1060 kr. Fiske og jordbruk var framleis næringa.

Barn: a. Marie Bergitte Tangen f. 1904 d. 2000 g. 1924 m. Oskar Uthaug f. 1902 (gnr 168 bnr 67-1a) d. 1982, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 56.

21. Henrik Tangen f. 1892 på dette bruket (19a) d. 1976 g. 1927 m. Henrikke Elida Hansd Duesund f. 1900 Masfjorden d. 1970 (jf Masfjordb. I s 367). Elida var søster til Kristina Marthinussen (Sulo gnr 169 bnr 27-5), sjå der. Henrik var døv frå toårsalderen og gjekk på døveskulen i Trondheim i 7 år. Han var fiskar og m.a. medeigar i M/S «Feiefjord». Skøyte på Midt-Tangen frå mora i 1928 for 2500 kr og kår. Dei hadde to kyr.

Born: a. Leif Petter Tangen f. 1929 d. 2022 g. 1956 m. Lovise Haugen f. 1929 Fjaler, Sunnfjord d. 2012, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 214. b. Klara Johanna Tangen f. 1931 d. 1942. c. Herman Johannes Tangen f. 1932 d. 2016, neste eigar (22). d. Sofie Hanna Tangen f. 1936 d. 1 md gl. e. Haldis Henrikke Tangen f. 1938 d. 1½ md gl.

22. Herman Tangen f. 1932 på dette bruket (21c) d. 2016 g. 1972 m. Olaug Lisbeth Madsen f. 1935 Laksevåg, Bergen d. 2011. Ekteskapet oppløyst. Herman flytta til Vassøy, Stavanger, og Olaug til Bergen. Herman fekk skøyte her i 1969. Huset vart frådelt og selt i 1996, sjå gnr 168 bnr 401.

Born: a. Trygve Baltzersen f. 1956 g.m. Kari Blikra f. 1957, bustad Stavanger. b. Marianne Baltzersen f. 1961 g. 1985 m. Tom Ivar Vassøy f. 1961 Stavanger, busette der ( begge frå 1. es. med Svein Baltzersen f. 1933 Drøbak i Frogn d. 2005, bustad Larvik). c. Monica Tangen f. 1971, førskulelærar, g. 1997 m. Gunnar Dysjaland f. 1969 KleppJæren, siviløkonom, bustad Sandnes.


Fedje komm.svg Midt-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 26) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nord-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 25) • Neste bolk: Husmenn i Midt-Tangen