Kopper (Fedje gnr 168 bnr 3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopper
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 3

Kopper er eit gardsbruk i Fedje kommune.

1. Ola Olsen fekk tinglyst bygselsetel på 13½ mark smør, eller ¼ av Kopper, av fru Gjertrud Dankertsen i 1747. Året før fekk me òg gnr 168 bnr 4, slik at det frå denne tida var fire bruk på Kopper. Truleg vart Ola ikkje her så lenge, for han var verken gift eller hadde born ifølgje kyrkjeboka. Me veit heller ikkje kor han var ifrå.

2. Kristi Olsd f. 1737 Holmen (11d) d. 1811 g. 1760 m. Anders Fusesen f. 1739 Sirset, Lindås d. 1807 (sjå Lindåsb. IV s 108, son av Fuse Monsen f. 1697 d. 1777, Fuse var halvbror til Ola Moldøyna gnr 170 bnr 2-7, heilbror til Anders Moldøyna gnr 170 bnr 2-8, og morbror til Guri Blåstokken 16). Kristi og Anders vart brukarar her i 1759. Anders var los ifølgje folketeljinga 1801.

Born: a. Udna Andersd f. 1760 d. 1826 g.1.g. 1785 m. em. Hans Kristiansen f. 1736 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-7b) d. 1802, busette på Brotet (gnr 168 bnr 16-9). b. Ola Andersen f. 1763 d. 1794. c. dødfødt barn f. 1771. d. Gudmund Andersen f. 1777 d. 1861, neste brukar (3). e. Magdeli Andersd f. 1785 d. 1838 g. 1828 m. em. Ola Nilsen f. 1771 d. 1835, brukarar på Brotet (gnr 168 bnr 16-11).
På båttur rundt 1930. Bak frå venstre: Ukjend, Olaf Gullaksen, Olav Johan Nilsen, Kjartan Berg, Einar Ingemårsen, Johannes Solen (bak), Ingemår Ingemårsen, Bernhard Eide, ukjend (på styrhuset), Olav Johansen Kongestøl, Olav Mongstad, Jenny Gullaksen, Bergitte Hestenes, Margit Hjønnevåg, Marta Berg, Georg Wiken, Ole Kongestøl, Konstanse Husa, Marie Berg. I midten frå venstre: Sverre Koppen, Gustav Husa, Ansgar Hjønnevåg (bak), Jens Mikalsen Rognsvåg, Malvin Tangen, Karl Tangen, Laura Koppen, Georg Nygård (bak), Gudny Rognsvåg, Ingvar Berg (bak), Ågot Rognsvåg, Gudrun Tangen, Amanda Børhaug, Ruth Charlotte Husa (gøymd), Andrea Nygård (bak), Konstanse Børhaug, Sina Wiken, Charlotte Uthaug, Mally Ophaug. Framme frå venstre: Bertha Kongestøl, Ester Rognsvåg, Klara Husa, Andreas Koppen (6).

3. Gudmund Andersen f. 1777 på dette bruket (2d) d. 1861 g. 1801 m. Petrikka Ivarsd f. 1772 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-13a) d. 1848. Bygsel 1799 frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs. Ved folketeljinga 1801 budde Gudmund her som ugift saman med foreldra og søstera Magdeli. Den seinare kona Petrikka Ivarsd var tenar her da. Han vart tilsett som reservelos i 1805 og fastlos året etter ifølgje losprotokoll for Bergen stift. Takseringa for jordavgifta 1802 syner at garden hadde ein utsåd på 2 tn korn, og avla 3 tn, eller mange år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 riksdalar, og landskylda var 1 pund og 3 merker fisk, eller ¼ av heile Kopper.

Born: a. dødfødd son f. 1802. b. Magdeli Gudmundsd f. 1804 d. 1871, neste brukar (4). c. dødfødd son f. 1807. d. dødfødd son f. 1809. e. dødfødd dotter f. 1812. f. Anders Gudmundsen f. 1814 d. 1880 g. 1834 m. Helga Larsd f. 1816 Husa (gnr 168 bnr 11-5a) d. 1898, brukarar der (6).

4. Magdeli Gudmundsd f. 1804 på dette bruket (3b) d. 1871 g. 1832 m. Thomas Mikkelsen f. 1808 Børilden, Austrheim d. 1875 (son av Mikkel Eriksen f. 1768 d. 1841 og Magdeli Thomasd f. 1771 d. 1847, jf Austrheimb. III s 529). Ingen born. Thomas var farbror til Mikkel Jetmundsen Træsneset (husmenn 1), til Andreas Eriksen Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1) og Kristiana Eriksd Kopper (gnr 168 bnr 1-22). Bygselbrev 1832 frå Kristoffer Kahrs på 1 pund 3 merker fisk mot kår til foreldra til Magdeli. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld vart sett til 3 ort 1 sk. I 1855 var det 7 storfe og 18 sauer på bruket, og ein sådde 1 tn havre og 1 tn potet. I 1865 var dyretalet 8 storfe og 16 sauer, og utsådet 1½ tn havre. Potet er ikkje nemnt, men det kan vera ein «glipp». Då budde Magdeli og Thomas her med fosterdottera Kari Andreasd Hesteneset 7 år (sjå ovanfor) og tenarane Ole Simensen (Skotholmen gnr 170 bnr 1-15b), Kristi Ivarsd (Brotet gnr 168 bnr 16-12b) og Kristiana Eriksd (sjå ovanfor).

5. Andreas Andersen f. 1841 Husa (gnr 168 bnr 11-6d) d. 1924 g. 1869 m. Anna Simonsd f. 1845 Marøyna, Radøy d. 1924 (dotter av Simon Knutsen f. 1802 og Ingeborg Ellingsd f. 1801 d. 1882, jf Radøyb. I s 537). Anna var farsøster til Sofie Stormark (gnr 172 bnr 15-1). Bygselbrev 1870 frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Andreas var brorson til Magdeli (nr 4). I 1894 fekk han skøyte på dette bruket frå Fedje Torvkompagni for 1800 kr. Matrikkelen 1890 syner at ny skyld vart vurdert til 1 mark 15 øre. Næringa var fiske og jordbruk. I 1875 hadde dei 3 kyr, 2 kalvar og 10 sauer, og sådde 1¼ tn havre og 1 tn potet. Dei hadde då tenestejenta Andrea Larsd f. 1860 (Sulo gnr 169 bnr 34-1e). Andreas og Anna sette opp det noverande huset i 1910, seinare påbygd.

Born: a. Helena Andreasd f. 1870 d. 1949 g. 1896 m. Lars Lassesen f. 1864 på Austrheim d. 1905, gardbrukarar der (jf Austrheimb. III s 101). b. Sofia Andreasd f. 1872 d. 1910 g. 1895 m. Mikal Olsen f. 1865 Husa (gnr 168 bnr 5-14b) d. 1941, budde der (15). c. Anna Maria Andreasd f. 1876 d. 1966 g. 1906 m. Hans Hansen Sæbø f. 1874 Rauma i Romsdal d. 1963 (sjå Vollb. II s 677), maskinist, budde i Levanger. d. Ingeborg Johanna Andreasd f. 1879 d. 1884. e. Andrea Andreasd f. 1882 d. 1975 g. 1904 m. Herman Sjursen f. 1875 på Austrheim d. 1969, budde der (jf Austrheimb. III s 45). f. Andreas Andreassen Koppen f. 1887 d. 1968, neste brukar (6).

Malfrid, Anna og Andreas Koppen (6) framfor huset.
Andreas Koppen (6) og dottersonen Eivind Hansen (6ab) ved slipesteinen.
Søskena Astrid, Håkon, Klara og Malfrid Koppen.

6. Andreas Koppen f. 1887 på dette bruket (5f) d. 1968 g. 1914 m. Anna Jørgensd Langeland f. 1891 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-4d) d. 1973. Andreas reiste til USA i 1904, og var der nokre år. Skøyte frå faren i 1915 for 2500 kr og kår. Næringa var fiske og jordbruk.

Born: a. Solveig Margot Koppen f. 1915 d. 1988 g. 1938 m. Edgar Olav Hansen f. 1912 Tjølling, Larvik d. 1998, han var i England under krigen, og då budde Solveig her med dei to eldste borna. Etter krigen flytta familien til Larvik, og seinare til Nøtterøy. Edgar var tilsett i militæret. Born: aa. Aud Marie Hansen f. 1939 d. 2012 g.m. Helge Hansen f. 1941 d. 2022, bustad Nøtterøy, så Larvik. ab. Eivind Andreas Hansen f. 1940, bustad Sandefjord. ac. Hans Jørgen Hansen f. 1948, bustad Nøtterøy. b. Jørgen Alf Koppen f. 1917 d. 2002, reiste til USA i 1948, var der mange år, g.m. Gerd Harriet Thomassen f. 1929 Homborsund, Grimstad d. 2001, dei flytta seinare til Larvik. c. Åse Koppen f. 1919 d. 1969 g. 1945 m. Gustav Fredrik Kristoffersen f. 1910 Bergen d. 1992, budde der. d. Malfrid Alida Koppen f. 1920 d. 1999, ugift, sjå Kopper gnr 168 bnr 213. e. Henry Leif Koppen f. 1924 d. 1928 (drukna i ein brønn). f. Astrid Marie Koppen f. 1925 d. 2016, ugift, busett i Bergen, sjå òg Kopper gnr 168 bnr 213. g. Klara Koppen f. 1927 d. 2009 g. 1951 m. Bjarne Ferdinand Hansen f. 1923 Tjølling, Larvik d. 1997 (bror til Edgar g.m. a.), bustad Larvik. h. Håkon Leif Koppen f. 1931 d. 1997, var lenge i USA, g. der m. Mabel Alice Rønning f. 1931 Langevåg, Sula ved Ålesund d. 2021, flytta seinare til Larvik.

I 1968 vart tomta med huset og uthuset frådelt med nytt gnr 168 bnr 213, og skøytt til søstrene Malfrid og Astrid Koppen. Dei seks gjenlevande søskena, Solveig, Jørgen, Malfrid, Astrid, Klara og Håkon, fekk i 1974 skøyte på den resterande jorda på bnr 3.

7. Kjell Samnøy f. 1964, bustad Kopper (gnr 168 bnr 390), fekk skøyte i 2021 på bnr 3, som omfattar jorda, samt Stormark gnr 172 bnr 2, som er den tilhørande torvparsellen.


Fedje komm.svg Kopper (Fedje gnr 168 bnr 3) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 2) • Neste bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 4)