Bakken (Fedje gnr 168 bnr 213)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 213

Bakken var ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Som nemnt under gnr 168 bnr 3-6 vart bustadhuset og uthuset med tomt frådelt gnr 168 bnr 3 i 1968. Søstrene Malfrid f. 1920 (6d) d. 1999 og Astrid Koppen f. 1925 (6f) d. 2016 fekk skøyte same året. Skøyte 1972 på tilleggsareal bnr 225 frådelt gnr 168 bnr 206 (sjå gnr 168 bnr 34). Malfrid var i om lag 10 år i Larvik og arb. på kafé, kom heim og stelte for foreldra då dei vart gamle, og budde her sidan. Ho var òg reinhaldar i skulen. Astrid har vore kjøkkenassistent og pleiemedhjelpar i Bergen, og brukte huset som feriebustad.

2. Kjell Samnøy f. 1964, bustad Kopper (gnr 168 bnr 390), fekk skøyte på bnr 213 med uthuset bnr 225 i 2020. Tomta med bustadhuset vart frådelt i 2021 med nytt gnr 168 bnr 534, sjå der. Resten av bnr 213 samt bnr 225 vart slegne saman med gnr 168 bnr 3 i 2022.


Fedje komm.svg Bakken (Fedje gnr 168 bnr 213) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Roaldtun (Fedje gnr 168 bnr 194) • Neste bolk: Elsero (Fedje gnr 168 bnr 223)