Husa (Fedje gnr 168 bnr 5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa
S095.168.5.CD 04 016.jpg
Frå Kopper og Husa om lag 1915. Frå venstre Kopper bnr 1, bnr 3 med hus og løe, bnr 35 og bnr 37. Taraldsevja i framgrunnen. Til høgre bak Husa bnr 8.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 5

Husa er eit gardsbruk i Fedje kommune.

1. Arne Andersen g.m. Ingeborg Einarsd, nemnde som brukarar på Husa i 1405.

2. Ingebrigt er den neste brukaren som me veit budde på Husa, ifølgje ei skatteliste frå 1563. Han betalte 1 dalar i skatt. Ifølgje denne skattelista er det no to bruk på Husa, så garden må ha vorte delt sannsynlegvis ein gong i første halvdel av 1500-talet (den andre delen er gnr 168 bnr 7). Ingebrigt var framleis brukar her ifølgje ei jordebok frå 1590. Han betalte skatt med 1 pund 8 merker fisk.

3. Anders er på Husa ifølgje ei skatteliste frå 1603. Skatten var framleis 1 dalar. Han er òg nemnd i 1608 og 1611. I 1612 vert han ført opp saman med Torleif i lista for korntiend med 9 kanner korn. Det kan verka som Anders og Torleif brukte denne parten av Husa i lag nokre år. Begge er ført opp i skattelistene i åra 1612 til 1617. I 1618 er Torleif borte, då er berre Anders ført opp som brukar igjen. Siste gongen han er nemnd er i 1620. På ei seinare skatteliste dette året er det eit nytt namn, så då må Anders ha gjeve frå seg bruket til, mest truleg sonen, a. Lars Andersen f. 1586 (4).

4. Lars Andersen f. 1586 (etter alder i 1666) på dette bruket (3a) g.m. Marta. Dei var brukarar frå 1620 ifølgje skattelistene. Lars vart lenge på Husa, han er siste gong nemnd i manntalet i 1666, 80 år gammal. I 1643 er han nemnd i ei sak i tingboka om bruk av beiteområde i Sulo, sjå innleiinga der. I koppskatten 1645 er «Lauritz Andersen» oppført saman med kona «Marite» og ein son og ei dotter over 15 år, samt ein dreng, med 8 skilling i skatt for kvar.

Born: a. Anders Larsen f. 1624 (etter alder i 1666). Han tente som dreng hjå faren i 1640 og 1641. Han var med i ei militær rulle frå 1653, og er seinare sannsynlegvis å finna på Stuberg (gnr 168 bnr 19-6). ?b. Brita Lassesd g.1.g. m. Per Husa (gnr 168 bnr 7-4). Ein av grunnane til at Brita truleg var herifrå, er at det var stor arv etter henne og mannen, sjå Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-5. Den kan ha komme frå faren som var lensmann (sjå nedanfor). Det var vanlegvis ein av dei som stod seg best som vart lensmann. ?c. Anna g.m. Mikkel Thomassen, seinare brukar (6). Etter dei vart det òg stor arv, og den kan ha komme herifrå.

I 1640 vart Lars bøtelagd med 10 rdl for slagsmål. Det var mykje uro på Fedje dette året. Denne bota hindra ikkje at han seinare vart lensmann i Lindås skipreide. Dette går fram av skattelistene frå 1649 til 1660, då han slepp skatten fordi han er lensmann. Det var nok første og siste gongen at ein utpost som Fedje fekk den æra å husa lensmannen.

Husavågen i 2021 med naust og båtar, kyrkja i midten bak.
Foto: Karsten Madsen

Ifølgje skattematrikkelen for 1647 var Lars den eine av to brukarar på Husa. Han hadde halvparten av landskylda med 1 mæle malt og 1 våg fisk, går det fram av ei skatteliste frå 1646. Han heldt heile tida på parten sin. Det kan ein sjå av manntalet frå 1666, som syner at Lars framleis bygsla halvparten av Husa. Dei tre andre brukarane måtte dela den andre halvparten mellom seg. I 1666 hadde han drengen Rasmus Larsen på 30 år, kanskje var det òg sonen hans. Ifølgje kvegskatten i 1657 hadde Lars 7 kyr og 12 sauer, som gav skatten 4 ort og 4 skilling. Matrikkelen for 1665 syner at landskylda for heile Husa framleis var ½ tønne malt og 2 våger fisk. Ein kunne på heile garden så 2 tn korn og hausta 7,5 tn, og fôra heile 18 naut. Dette dyretalet er det dobbelte av talet for Kopper, så det syner at Husa var ein god del større.

5. Kristian budde her ifølgje odelsskatten 1691 og 1692. Han er ikkje nemnd verken i skattelista 1694 eller manntalet 1701.

Born: a. Lars Kristiansen, utskriven matros i 1710, seinare lagnad ukjend. b. Kari Kristiansd f. 1704, uviss lagnad.

6. Mikkel Thomassen f. 1663 Hjertås i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 415, 3 år gl. i 1666) d. 1750? g.m. Brita Olsd Soltveit, Radøy (jf Radøyb. I s 45, ho er nemnd som kona til Mikkel Husa på skiftet etter mora i 1706). Mikkel vart truleg gift oppatt med Anna f. på dette bruket? (4c). Mikkel Husa si kone er fadder fleire gonger utan at namnet hennar er skrive. Anna Husa var fadder i 1723, det kan ha vore henne. Mikkel er første gong nemnd på Husa i skattelista 1694. Ved manntalet 1701 var han 46 år gammal og odelsbonde (sjå nedanfor). Han brukte halvparten av Husa, og hadde tenestekaren Hans Ivarsen Blåstokken (9a) 14 år. I 1706 var det ei odelssak på tinget med Mikkel og Per Husa (gnr 168 bnr 7-6) mot lagmann Nils Knag (sjå Fedje sine eigarar). Mikkel kunne syna fram eit skøyte han hadde fått på denne parten av Husa i 1700 for 68 rdl. Men Knag hadde òg fått skøyte på same jorda, tinglyst tidlegare i 1706. Slutninga vart at Mikkel måtte avstå frå kjøpet mot å få pengane tilbake. I tillegg skulle familien få førsterett til å bygsla garden. At Mikkel i det heile kunne prøva å kjøpa garden, hadde samanheng med den store rikdomen her, sjå nedanfor. På vårtinget i Lindås i 1713 vart Mikkel stemna for å ha teke sju bord på rek, utan å melda frå til lensmann eller fut. Mikkel unnskyldte seg med at han meinte borda var av liten verdi, og han hadde sagt frå til kjøpsveinen Gert (Kremmarholmen 4). Mikkel måtte betala tre gonger verdien av borda til kongen som straff. I skoskatten 1711 betalte han i alt 1 ort 14 skilling for seg, kona, eit barn og dei to tenarane Arne Mikkelsen og Eli Olsd. Mikkel er nemnd siste gong 1721 i ei skatteliste. Same året fekk han tinglyst bygselsetel frå Dankert Dankertsen på 1 våg fisk, eller halvparten av Husa. Det kan vera han som døydde i 1750, 94 år gammal, men då kalla Mikkel Larsen (feilskrifta kan ha komme av at det var kona som var dotter av Lars). Garden vart delt omkring 1723, då nytt gnr 168 bnr 11 vart frådelt med dottera Magdeli med mann som brukarar.

Born av første ekteskap: a. Marta Mikkelsd f. 1689 (etter alder ved død) d. 1763 g.m. Mikkel Halvorsen f. 1685 Hjelme, Øygarden d. 1766, budde der. Det var skifte etter begge i 1766, og då er Rasmus Husa nemnd som formyndar for eitt av borna. Det var vanleg å nytta slektningar ved slike høve, og det kan derfor tyda på at Marta var ei søster til Magdeli. Eit anna teikn som tyder på det same, er at buet etter Marta og Mikkel var på over 1000 rdl, ein særs høg sum. Også søstera Magdeli etterlét seg ein monaleg arv, og det må derfor vera frå foreldra her på Husa at denne store arven har komme. Det er sannsynleg at dei store midlane kom frå nr 4 på dette bruket. b. Brita Mikkelsd f. 1700 d. 1744 g.m. Mathias Mikkelsen f. 1699 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-5a) d. 1749, brukarar der (6). Brita sin dåp er ikkje ført i kyrkjeboka, men fadderskap og formyndarskap tyder på at ho var søster til Magdeli og dermed dotter her. c. Magdeli Mikkelsd f. 1703 d. 1761 g.m. Rasmus Larsen f. 1702 d. 1777, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 11-1).

7. Ivar Thomassen f. Kopper (gnr 168 bnr 2-2f) d. 1736 g.m. Gjertrud Olsd f. 1696 (etter alder ved død) Natås, Myking i Lindås d. 1761 (dotter av Ola Olsen f. 1659 og Marta Monsd f. 1675 Skauo, Myking i Lindås d. 1763 – ho var søster til Siri Monsd Eide gnr 168 bnr 15-6, sjå skifte der). At Gjertrud var frå Natås, kan ein m.a. sjå av skiftet etter mora på Natås i 1764. Ivar fekk tinglyst bygselbrev i 1725 frå Gjertrud Dankertsen på ¼ av Husa. gnr 168 bnr 11 var nokre år tidlegare frådelt dette bruket. Det var skifte etter Ivar i 1736, sonen arva ca. 2½ rdl. Truleg er han fødd etter farens død og har fått namn etter han.

Barn: a. Ivar Ivarsen f. 1736 d. 1774, seinare brukar (9).

8. Enkja Gjertrud Olsd (7) g.2.g. m. Mikkel Kristiansen f. 1713 (etter alder ved død) d. 1757. Han fekk tinglyst bygselbrev frå fru Gjertrud Dankertsen i 1736 på ½ våg fisk (¼ av Husa). Skiftet etter Gjertrud i 1761 syner at arvingane var sonen Ivar Ivarsen Husa og døtrene Gjertrud og Anna Mikkelsd. Arven var på nesten 14 rdl, og etter ynskje frå Ivar vart den delt i tre like delar, sjølv om han etter lova hadde rett på dobbelt så mykje som systrene. Det fanst på garden m.a. ei kvige, ein sau og eit fjorlam, ei levertønne, ei furutønne, ein kagge, tre gryter, ei øks, ei seng med fjør, ein lysestake, ein koparkjele, eit sølvstaup og ei sølvspenne. Av klede var det nemnt ein svart vadmålsstakk, ein stakk, ei blå trøye og ei skjorte. Dei hadde ei kvern med hus og renne, og ein seksæringsbåt med segl.

Born: a. Gjertrud Mikkelsd f. 1740 d. 1788 g. 1767 m. Gregorius Larsen f. 1745 Krossøyna, Austrheim d. 1806, budde der (jf Austrheimb. III s 598), hadde sonen aa. Thomas Gregoriussen f. 1769 d. 1827, sjå Grenda gnr 168 bnr 17-9b. b. Anna Mikkelsd f. 1743 d. 1800 g. 1770 m. Lars Knutsen f. 1745 Vika (gnr 168 bnr 28-8b) d. 1786, brukarar på Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-9) og Skotholmen (gnr 170 bnr 1-10).

9. Ivar Ivarsen f. 1736 på dette bruket (7a) d. 1774 g. 1761 m. Mari Thomasd f. 1734 Krossøyna, Austrheim (dotter av Thomas Nilsen f. 1695 d. 1774). Mari var søster til Bård Husa gnr 168 bnr 9-1. Ho var enkje etter Jens Ivarsen f. 1734 Knarrvika i Lindås, dei budde på Krossøyna (sjå Austrheimb. III s 597, og Lindåsb. IV s 315). Ivar fekk tinglyst bygselsetel i 1759 frå fru Gjertrud Dankertsen på 1 pund 3 merker smør (¼ av Husa), og vart då nemnd Ivarsen. I ein del kjelder, m.a. ved giftarmålet i 1761, vert han kalla Ivar Mikkelsen i staden for Ivarsen. Det har truleg si årsak i at då far hans døydde same året han vart fødd, og då mora straks etter gifta seg opp att med Mikkel, er denne av mange vorte teken som den rette far hans. At Ivar Ivarsen er den rette far til borna her, kan ein m.a. sjå av eit skifte frå 1802, jf Eide gnr 168 bnr 15-6. Han er òg oppført i mora sitt skifte frå 1761, nett etter giftarmålet. Skiftet etter Ivar i 1774 syner eit underskotsbu med ingenting til arv. Dødsfallet hans er ikkje ført i kyrkjeboka, heller ikkje kona sitt. Ho er nemnd fadder fram til 1781.

Born: a. Gjertrud Ivarsd f. 1762 d. ½ år gl. b. Gjertrud Ivarsd f. 1763 d. 1764. c. Jens Ivarsen f. 1765 d. før 1802, då han ikkje er med i eit skifte dette året. d. Marta Ivarsd f. 1768 d. 1837 g.1.g. 1793 m. Nils Jakobsen f. 1768 Vikane, Austrheim d. 1803, budde der (jf Austrheimb. I s 706), Marta g.2.g. 1804 m. Anders Josefsen f. 1774 Brunnsland, Lindås d. 1827 (sjå Lindåsb. III s 90). e. Thomas Ivarsen f. 1772 d. 1823 g. 1816 Bergen m. Marta Nilsd f. 1787, budde der, han var gesell.

10. Abelona Jonsd f. 1748 Brotet (gnr 168 bnr 16-7c) d. 1832 g.1.g. 1775 m. Mons Monsen f. 1749 Kopper (gnr 168 bnr 2-5b) d. 1791. Bygselbrev frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1775 på 1 pund 12 merker fisk og 6 kanner malt, som tilsvarte ¼ av Husa.

Born: a. Mons Monsen f. 1776 d. 1859, ugift, budde i Bergen, der han var lysestøypar, brorsonen Karl Gudmundsen f. 1819 tente hjå han i ungdommen. b. Kari Monsd f. 1778 d. før moras skifte 1832 g.1.g. 1801 m. Ivar Rasmussen Svoren f. 1777, dei fekk dottera ba. Regina Ivarsd f. 1802 her, og flytta så til Bergen, Kari g.2.g. 1814 der m. skipper Jetmund Knutsen Roppen d. 1833. c. Gudmund Monsen f. 1782 d. 1865 g. 1811 m. Johanna Persd f. 1780 Grenda (gnr 168 bnr 17-10a) d. 1845, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 6-1). d. Mons Monsen f. 1792 d. 1873 g. 1820 i Manger m. Barbra Elisabet Andreasd Røholm frå Hellesøy i Øygarden f. 1802 Bergen d. 1867, busette på Eide i Øygarden, dei hadde m.a. dottera da. Kari Monsd f. 1826 d. 1896 g. 1855 m. Palmer Øysteinsen f. 1832 Vågenes på Radøy d. 1896 (jf Radøyb. II s 146), budde på Eide, sjå Stuberg (gnr 168 bnr 19-22).

Husavågen rundt 1920 med båtar og naust. Oppom nausta ligg Klubben (bnr 90) og Strengen (bnr 7) på Husa med kyrkja ovanfor. Bak til venstre ligg Holmen og så Skotholmen og Moldøyna. I midten til venstre er Uthaugen, deretter Eide og Muren. Bedehuset ligg på Kopper i høgre bildekant.

Det var skifte etter Mons i 1791. Dei etterlatne var enkja Abelona og tre born, den yngste sonen vart fødd 4 md etter farens død, og var ikkje nemnd. Sjølv om det var 40 rdl i buet, kom det til kort med 13 rdl pga krav frå jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg på 45 rdl. Dei hadde ein seksæringsbåt med segl, eit fiskegarn, eit linetau med anglar, to sildegarn, eit torskegarn og to snøre til bruk i fiskeria. Husdyra var fire kyr, to kviger, tre sauer og to lam. Innbuet talde elles m.a. ei gryte, tre skjerdingar, ei bakstehelle, to kister med lås, ei kiste utan lås, eit skap, eit vasspann, fem ambrar, ni mjølkekoller, ei smørkrukke, tre vassbøtter, to ølkaggar, eit ølanker, ei øltønne, ei furutønne, ein lysestake, to tinnfat og ei sølvsnor.

11. Enkja Abelona Jonsd (10) g.2.g. 1792 m. Mikkel Rasmussen f. 1769 Husa (gnr 168 bnr 11-2b) d. 1845. Dei fekk to dødfødde born i 1792 og 1796. Oppattnya bygsel 1791 frå Dankert Dankertsen Heiberg framleis på ¼ av Husa. I 1801 budde Abelona og Mikkel her med hennar son Mons 10 år, hennar søsterdotter Ingeborg Nilsd 3 år og tenarane Johannes Olsen 22 år og Johanna Persd 20 år (seinare svigerdotter). Mikkel var los, tilsett som fastlos i 1800 ifølgje losprotokoll for Bergen stift. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på 2 tn korn og kunne avla 4,6 tn, og nokre år ingenting. Ein kunne fø 6 storfe. Verdien av bruket vart sett til 130 rdl og landskylda ½ våg fisk og 6 kanner malt som før, tilsvarande ¼ av heile Husa. Mikkel gav frå seg bygsla i 1835 mot kår. I 1809 lét han stesonen overta halvparten av bruket, som vart til nytt gnr 168 bnr 6.

Skiftet etter Abelona i 1832 syner at arvingane var enkjemannen Mikkel og tre søner frå første gifte, samt dottera Kari, som var død og etterlét seg fire born: Mikkel Ivarsen, Margrete Ivarsd g.m. Anders Nilsen, Ellen Ivarsd 20 år og Marie Jetmundsd 13 år, alle busette i Bergen. Netto bu var på nesten 49 spd. Dei hadde m.a. to gryter, ein skjerding, ei bakstehelle, to sildefjerdingar, to ambrar, eit par vassbøtter, eit bryggjekar, ei smørkinne, seks ljåar, ei øks, eit barkespann, ei kiste, ein spinnerokk, ei eikeøltønne, to eikehalvtønner, seks sildetønner, ei halvtønne, ein tinnkumme, eit tinnfat og tre tinntallerkar. Det var mange husdyr: fire kyr, seks sauer, tre vêrar og tre lam. Av sjøreiskapar var det ein fireåra båt med segl, halvdelen i ein åtteåra båt med tilhørsle, ein seksåra båt utan segl, ⅛-parten i ei sognejekt, to fiskevadar med anglar, eit stengsildgarn, tre vårsildgarn, tre storsildgarn, eit sildegarn, eit småsildgarn, eit fiskesnøre med jernstein og to fisketau med anglar. Så dei skulle vera godt rusta for fiske.

Det var skifte etter Mikkel i 1845. Då han ikkje hadde livsarvingar, gjev skiftet eit fint oversyn over hans næraste familie. Her gjeld det å halda tunga beint i munnen: Arvingane var halvbrorsonesønene Lars Rasmussen Husa og Ola Rasmussen Husa, halvsøstersonesonen Nils Nilsen Dragøyna og halvsøstersonedøtrene Marta Nilsd Husa (død) og Ingeborg Nilsd Husa (enkje), halvsøsterdottersønene Rasmus Jonsen Husa (død), Jakob Jonsen Rongeværet, Bård Jonsen Sævrøyna, Ivar Jonsen Brotet, Thomas Jonsen Husa og Mikkel Jonsen Mulen (død), og halvsøsterdotterdottera Ingeborg Jonsd Moldøyna (enkje), halvsøsterdottersonen Lars Olsen Nord-Tangen og halvsøsterdotterdottera Marta Olsd Stuberg. Ein må gå tilbake til Rasmus Larsen på Husa (gnr 168 bnr 11-1 og 2) for å finna samanhengen, han var felles stamfar til dei som er nemnde her. Det var 15 spd igjen til arv på deling, så det vart ikkje så mykje på kvar.

12. Ola Rasmussen f. 1811 Husa (gnr 168 bnr 12-2b) d. 1894 g.1.g. 1835 m. Massi Gudmundsd f. 1811 Husa (gnr 168 bnr 6-1a) d. 1849 (kolera). Bygsel 1835 frå Kristoffer Kahrs. I matrikkelen 1838 er Ola oppført som brukar med ny skyld 2 ort 4 skilling, eller ⅛ av Husa, ettersom gnr 168 bnr 6 vart frådelt i 1809. Heile garden Husa hadde i 1835 14 storfe og 24 sauer, og eit utsåd på 4 tn havre og 3 tn potet. I 1845 hadde Ola og Massi 4 storfe og 6 sauer og sådde ⅜ tn havre og ¼ tn potet.

Born: a. Erika Olsd f. 1836 d. 1900, seinare brukar (14). b. Abelona Olsd f. 1838 d. 9 md gl. c. Gudmund Olsen f. 1841 d. 1884 g. 1867 m. Kristiana Persd f. 1837 Rongeværet, Austrheim d. 1900, budde på Stuberg (gnr 168 bnr 19-17). d. Johanna Olsd f. 1843 d. 1910 g. 1869 m. Kristen Andersen f. 1836 Husa (gnr 168 bnr 11-6b) d. 1904, brukarar der (7). e. Mikkel Olsen f. 1846 d. 1849 (kolera, 3 dg. etter mora).

Det var skifte etter Massi i 1849, med arvingane enkjemannen Ola og tre born. Det vart 43 spd til dei. Dei hadde m.a. eit sølvbelte til 6 spd, ei sølje, ein ring, ein koparkjele, ein lysestake, ei kiste, ei sag, tre gryter, ein skjerding, ei øks, fire ljåar, ein sigd, ein spade, to kister, fem tønner, fem halvtønner, ein sildefjerding, fem mjølkeringar, ei rømmebøtte, fem mjøltønner, ei vevgogn med tilhørsle og ein del kornstaur. Husdyra var tre kyr, ingen sauer er nemnde her. Av sjøreiskapar eigde dei ein fireåra båt utan segl, halvdelen i ein seksåra båt med segl, ein part i ein fireåra båt, eit fiskesnøre, ein bolk i ei sildenot og 1½ bolk i ein mortevad.

13. Enkjemannen Ola Rasmussen (12) g.2.g. 1849 m. Ingeborg Jørgensd f. 1817 Arekletten, Masfjorden d. 1887 (dotter av Jørgen Sjursen f. 1782 d. 1838 og Marta Eriksd f. 1781 d. 1826, sjå Masfjordb. I s 350).

Born: a. Mons Olsen f. 1850 d. 1905 g. 1878 m. Berta Rasmusd f. 1853 Husa (gnr 168 bnr 10-5c) d. 1943, brukarar på Husa gnr 168 bnr 8-11. b. dødfødd dotter f. 1854. c. Marta Olsd f. 1857 d. 1858, 2 md gl.

I 1855 hadde Ola og Ingeborg 4 storfe og 6 sauer, og sådde 1½ tn både av havre og potet. I 1865 var utsådet 1 tn havre og 1 tn potet, medan dyretalet var auka til 6 storfe og 8 sauer. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 18/10 kyrlag og utsådet ⅞ tn havre og ¾ tn potet. Avlinga var på 3¼ tn havre, 4 tn potet og 120 våger høy. Det var 2,2 mål dyrka åker og eng, og 10 mål naturleg eng som kunne gje 100 våger høy og 10 våger halm. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka og gjødsla. Ola var los, tilsett som fastlos frå 1841 ifølgje Bergen losrulle. Ved folketeljinga i 1875 budde han og kona som kårfolk i eige hus saman med sonen Mons.

14. Erika Olsd f. 1836 på dette bruket (12a) d. 1900 g. 1862 m. Ola Mikkelsen f. 1838 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-3d) d. 1914. Bygselbrev 1865 frå Kristoffer og Arnold Kahrs med kår til nr 13. I 1875 sådde Erika og Ola 1 tn havre og 1½ tn potet, og hadde 4 kyr, 1 kalv og 15 sauer. Dei hadde då tenestejenta Brita Gudmundsd (Stuberg gnr 168 bnr 19-16b), og næringsvegen var den vanlege: fiskeri og jordbruk. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 var på 0 mark og 51 øre. Dei vart kårfolk i 1894.

Born: a. Gidske Olsd f. 1863 d. 1907 g. 1888 m. em. Ivar Martinussen f. 1864 Sulo (10a) d. 1930, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 12-7). b. Mikal Olsen Husa f. 1865 d. 1941, neste brukar (15). c. Marta Maria Olsd f. 1868 d. 1870.

15. Mikal Olsen Husa f. 1865 på dette bruket (14b) d. 1941 g. 1895 m. Sofia Andreasd f. 1872 Kopper (gnr 168 bnr 3-5b) d. 1910. Skøyte i 1894 på dette bruket frå Fedje Torvkompagni for 1050 kr. Mikal var fiskar og småbrukar, medan Sofia dreiv med hus- og dyrestell. Huset stod tidlegare i Kalvedalen, men i 1902 bygde dei nytt hus på «Lamhaugen». Det gamle vart seinare selt til Stormark, sjå gnr 172 bnr 23-2 der.

Born: a. Ole Mikalsen Husa f. 1895 d. 1967, sjå nr 16 her. b. Astrid Mikalsd Husa f. 1897 d. 1969 g. 1921 m. Konrad Martin Jakobsen Kaland f. 1889 Austrheim d. 1973, budde der (sjå Austrheimb. I s 151). c. Jenny Marie Mikalsd Husa f. 1899 d. 1967 g. 1925 m. Ragnvald Kvalsund f. 1897 Herøy på Sunnmøre d. 1962, budde der, sjå Herøyb. I s 80. d. Alfred Mikkelsen f. 1901 d. 1960, kaféeigar, g. 1929 Bergen m. Ellen Marie Olsd f. 1900 Svellingen, Øygarden d. 1981 (søster til Elina Fjeldheim, Stormark gnr 172 bnr 3-2), busette i Portland, Oregon, USA. e. Ernst Mikalsen Husa f. 1904 d. 1982, neste eigar (17). f. Sverre Magnus Mikalsen Husa f. 1906 d. 1982, utvandra til USA i 1927, g.m. Sara, budde i Portland, Oregon. g. Helga Mikalsd Sæbø f. 1908 d. 1979, var heime til ho var 6 år, så oppfostra hjå morsøstra Maria Andreasd (Kopper gnr 168 bnr 3-5c) og mannen Hans Sæbø i Levanger. Helga var lærar der, ugift.

16. Ole Husa f. 1895 på dette bruket (15a) d. 1967 g. 1918 m. Tilla Kobbeltveit f. 1895 Fjell d. 1979 (jf Fjellb. IV s 206 og 214, dotter av Mathias Olsen f. 1851 og Gjertrud Persd f. 1853). Dei budde først her på Husa, der dei fire eldste borna er fødde.

Born: a. Margit Sofie Feie f. 1919 d. 2008 g. 1943 m. Wilmar Johan Larsen f. 1920 Bergen d. 2007, budde der. b. Gunnar Magnus Husa f. 1920 d. 1 dag gl. c. Odd Torleif Fedje f. 1921 d. 1995 g. 1958 m. Erna Marie Trengereid f. 1924 Nese i Fjell d. 1978 (jf Fjellb. I s 153), bustad Bergen. d. Gunvor Magna Feie f. 1923 d. 2005 g. 1945 m. Johannes Andreas Mathiassen f. 1917 Tøkje i Austevoll d. 1987, budde først der og sidan på Kolltveit i Fjell (jf Fjellb. IV s 245, og Austevollb. I s 232). e. Norvald Olaf Feie f. 1926 d. 1991, ugift, bustad Kolltveit (sjå Fjellb. IV s 240). f. Kåre Feie f. 1929 d. 2014 g. 1959 m. Jorunn Kallekleiv f. 1936, bustad Bergen.

I 1924 flytta familien til Fjell og busette seg på Kolltveit i 1928, Ole var mange år fiskehandlar på Torget i Bergen. Etter at dei flytta til Fjell, endra dei etternamnet til Feie.

.

Om lag 1953, nr 17. Frå venstre: Karl, Mikal, Egil, Anna, Bergljot Aasmul, Johan, Ernst Alf. Framme frå venstre: Jens, Jan Fimreite.
M/S «Måsholm» H-15-FE, byggeår 1957, 57 fot lang, motor 100 HK Volda. Eigarar Ernst, Mikal, Johan, Karl og Egil Husa.

17. Ernst Husa f. 1904 på dette bruket (15e) d. 1982 g. 1928 m. Anna Kongestøl f. 1906 (gnr 169 bnr 9-2d) d. 1988. Skøyte til Ernst frå faren i 1931 for 4000 kr og kår. Næringa var fiske og jordbruk. Ernst hadde båten «Måsholm» saman med dei fire eldste sønene.

Born: a. Mikal Sigfred Husa f. 1929 d. 2020 g. 1958 m. Astrid Hestenes f. 1935 (gnr 169 bnr 4-3h), bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 183). b. Johan Gunnar Husa f. 1931 d. 2011 g. 1960 m. Marie Stormark f. 1925 (gnr 172 bnr 23-3e) d. 2007, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 185). c. Karl Anfin Husa f. 1932 d. 2014 g. 1967 m. Berit Thue f. 1932 d. 1994, bygde på Husa (gnr 168 bnr 199). d. Egil Arvid Husa f. 1934 g. 1964 m. Gerd Husa f. 1936 Opphaugen (gnr 168 bnr 69-1a) d. 2003, busette der (2), bygde sidan på frådelt tomt (gnr 168 bnr 260). e. Alf Husa f. 1937 g. 1974 m. Jorunn Børtnes f. 1944 Luster i Sogn, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 243). f. Jens Husa f. 1947 g. 1967 m. Kari Hestenes f. 1948 Nygård (gnr 172 bnr 106-1b), busette i Husøyna (gnr 168 bnr 315). Jens er neste eigar (18).

18. Jens Husa f. 1947 på dette bruket (17f) fekk skøyte her i 1978. Familien er ført i Husøyna gnr 168 bnr 315. Etter at foreldra døydde, var huset utleigt.

19. Ernst Husa f. 1974 Husøyna (gnr 168 bnr 315-1c), tømrar, g. 1998 m. Elizabeth Tallis f. 1970 Bergen (sjå Uthaugen gnr 168 bnr 67-4d), pleiemedhjelpar. Han er son til nr 18, og fekk skøyte her i 1995. Huset er påbygd og restaurert. Dei flytta til Sandnes, så til Ågotnes i Fjell, og seinare til Bergen. Tomta med huset vart frådelt i 1999 med nytt gnr 168 bnr 415, sjå der. Ernst eig framleis jorda (bnr 5).

Born: a. Jeanette Tallis Furnes f. 1989 g.m. Tarjei Knutsen f. 1983, bustad Bergen. (Elizabeth si dotter med Tom-Arne Furnes f. 1967 Bergen, busett der). b. Janicke Shannon Tallis Husa f. 1996, bustad Follese på Askøy.


Fedje komm.svg Husa (Fedje gnr 168 bnr 5) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa • Neste bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 6)