Husatun (Fedje gnr 168 bnr 199)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husatun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 199
Adresse: Kalvedalen 18

Husatun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Karl Husa f. 1932 (gnr 168 bnr 5-17c) d. 2014, fiskar, g. 1967 m. Berit Thue f. 1932 Tangerås, Bergen (sjå Husa gnr 168 bnr 63-1ea) d. 1994, butikkmedarb. Skøyte 1966 på tomt frådelt gnr 168 bnr 8 same året. Huset vart bygd i 1967.

Berit g.1.g. 1950 m. Arne Thue f. 1925 Bergen d. 1965, smed, busette der.

Born: a. Bjarne Thue f. 1954 g. 1976 m. Britt Langedal f. 1954 Kopper (gnr 168 bnr 146-1c), bygde i Husøyna gnr 168 bnr 301. b. Irene Thue f. 1959 g. 1995 m. Reidar Nesse f. 1954 Lindås, bustad Bergen, seinare Husøyna gnr 168 bnr 412. Bjarne og Irene var eigarar frå 2012 til 2015.

2. Arne Hatlevik f. 1953 Masfjorden (jf Masfjordb. I s 79) samb.m. Tone Mikalsen f. 1956. Dei budde før i Bergen. Skøyte i 2015. Dei flytta til Os, Bjørnafjorden kommune.

3. Dagmar Tangen f. 1955 Eide (gnr 168 bnr 65-1e), hjelpepleiar, barne- og ungdomsarbeidar, g. 1975 m. Oddbjørn Tveiten f. 1955 Mangersneset på Radøy, arb. forsikring, dagleg leiar eigedom, bustad Manger på Radøy, Alver kommune (jf Radøyb. III s 284). Skøyte i 2020. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Thomas Tveiten f. 1976, industriarbeidar, g. 2002 m. Karianne Hole f. 1976 Tjore på Radøy (sjå Radøyb. IV s 511), lærar, bustad Manger. b. Eivind Tveiten f. 1979, dagleg leiar kursverksemd næringsliv, bustad Manger. c. Ole Kristoffer Tveiten f. 1985, politioverbetjent, samb.m. Inger Lise Johansen f. 1991 Myking på Radøy (jf Radøyb. II s 441), jordmor, bustad Manger.


Fedje komm.svg Husatun (Fedje gnr 168 bnr 199) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kroken (Fedje gnr 168 bnr 193) • Neste bolk: Myrvang (Fedje gnr 168 bnr 200)