Fjæreide (Fedje gnr 168 bnr 65)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjæreide
S183.168.65.Muren10.idag.jpg
Huset på bnr 65 med huset på bnr 109 og kyrkja i bakgrunnen.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 65
Adresse: Muren 10

Fjæreide er ein bustadeigedom, no brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Gotfred Tangen f. 1903 Grendaberget (gnr 168 bnr 32-1a) d. 1983, fiskar, g. 1936 m. Inger Helene Rongnø f. 1914 Øygarden d. 2002. Skøyte 1935 på tomt utskild frå gnr 168 bnr 15 same året. Huset vart òg bygd i 1935.

Born: a. Georg Mikal Tangen f. 1937 g. 1961 m. Marny Uthaug f. 1939 Brotet (gnr 168 bnr 77-1d), bygde på Svena (gnr 168 bnr 175). b. Randi Wenche Tangen f. 1939, hjelpepleiar, g. 1963 m. Einar Simonnes f. 1930 Sande på Sunnmøre, maskinist, bustad Bergen. c. Grete Inger Tangen f. 1942, adjunkt, g. 1964 m. Jan Arne Olsen frå Flekkefjord f. 1939, begge lærarar, bustad Askøy. d. Øyvind Gudmund Tangen f. 1946, ingeniør, arb. Havforskningsinst., g. 1969 m. Ragnhild Nyborg f. 1949 Askøy, cand.mag., forfattar, busette der. Ho gav i 2012 ut boka Gutedagar i havgapet, barndomsminne til mannen Øyvind. e. Dagmar Helen Tangen f. 1955 g. 1975 m. Oddbjørn Tveiten f. 1955 Mangersneset på Radøy, bustad Manger. Sjå òg Husa (gnr 168 bnr 199-3).

2. Margrethe Tangen f. 1962 Svena (gnr 168 bnr 175-1a), hjelpepleiar, g. 1982 m. Arnulf Sæther frå Sørum i Akershus f. 1960, barnevernspedagog, bustad Ask på Askøy. Skøyte i 2016, etter at far hennar (1a) var eigar frå 2011. Huset vert brukt som fritidsbustad, og vart renovert i 2016.

Born: a. Vegar Sæther f. 1983, glasarbeidar, g. 2004 m. Ruth-Marie Engjom f. 1983 Solvorn i Luster, Sogn, barnehagelærar, bustad Kleppestø på Askøy. b. Maria Sæther f. 1986, barne- og ungdomsarbeidar, g. 2007 m. Svein Erik Kro f. 1980 Bokn i Rogaland (jf Boknb. I s 72), IT-konsulent, bustad Ask på Askøy. c. Daniel Sæther f. 1990 d. same dagen han vart fødd. d. Camilla Sæther f. 1991, sosionom, samb. 2019 m. Nicolas Felana Randriamihamina f. 1992 Paris, oppvaksen der og på Réunion i Det indiske hav, fysioterapeut, bustad Paris. e. Chaltu Marta Sæther f. 1998 (adoptivdotter), bustad Ask.


Fedje komm.svg Fjæreide (Fedje gnr 168 bnr 65) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Eide (Fedje gnr 168 bnr 15) • Neste bolk: Neseide (Fedje gnr 168 bnr 165)