Manger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Manger kommune i Hordaland vart oppretta i 1838 ut frå Manger prestegjeld. Administrasjonsstaden var tettstaden Manger.

I 1871 vart Herdla kommune utskild, i 1909 følgde Hjelme kommune og i 1924 Hordabø kommune og Sæbø kommune. Det som sto att, var den midtre og sørvestre delen av Radøya og nokre mindre øyer utafor.

I 1964 vart Manger, Hordabø og Sæbø kommunar saman med nokre mindre område frå Lindås, Austrheim og Herdal slått saman til Radøy kommune. Manger hadde då eit areal på 34 km² og 1344 innbyggjarar.

Det opphavlege området til Manger kommune er pr. 2020 delt mellom følgjande kommuner: Askøy, Alver og Øygarden.

Galleri

Litteratur