Grendaberget (Fedje gnr 168 bnr 32)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grendaberget
S184.168.32.IMGL8543.jpg
Naustmiljø ved Muren i 2021. Huset i midten er bnr 32 Grendaberget. Fryseriet og hus på Muren bak og til høgre.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 32
Adresse: Muren 5

Grendaberget er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Denne tomta vart frådelt Grenda gnr 168 bnr 17 og gnr 168 bnr 31 (sjå gnr 168 bnr 13-21) i 1900, mens Fedje Torvkompagni var eigar av desse. Tomta ligg mellom Eide og Muren. Meininga var at den skulle brukast til «landsted» for amtsagronom Peder Frostad (sjå Stormark gnr 172 bnr 4-1), han tok atterhald om dette ved utskiftinga i 1896. Men det vart ikkje noko av desse planane. I mellomtida vart Fedje Torvkompagni oppløyst, og det vart i staden skipa eit nytt selskap, Fedje Torvbruk. Dette fekk skøyte på Grendaberget i 1901. I 1907 skøytte Fedje Torvbruk det til nr 1 her.

1. Gina Eide f. 1881 (gnr 168 bnr 15-18a) d. 1952 g. 1901 m. Mikal Tangen f. 1871 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-17i) d. 1963. Han var både søskenbarn og tremenning til far hennar. Skøyte til Mikal i 1907 for 260 kr. Huset vart bygd i 1908. Tidlegare budde familien på Eide hjå Gina sine foreldre. Mikal arbeidde saman med m.a. svogeren Mikal Eide med fiske og fiskehandel, sjå der. Dei hadde båtane «Populær», «Eiden» og «Finn».

Born: a. Gotfred Bernhard Tangen f. 1903 d. 1983 g. 1936 m. Inger Rongnø f. 1914 Øygarden d. 2002, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 65). b. Oskar Kristoffer Tangen f. 1905 d. 2000 g. 1936 m. Emma Instefjord, Askøy f. 1911 d. 2005, bygde på Svena (gnr 168 bnr 171). c. Sverre Karsten Tangen f. 1907 d. 2012 (104 år gl), fiskehandlar på Torget, g. 1936 m. Ruth Olsen f. 1912 Vardø d. 2007, bustad Bergen. d. Konrad Malvin Tangen f. 1910 d. 1999, fiskehandlar på Torget, g. 1933 m. Helga Johansen f. 1904 Grimstad d. 1996, bustad Bergen. e. Malvin Kasberg Tangen f. 1912 d. 1948 g. 1938 m. Olga Jacobsen f. 1917 Bergen d. 2015, sjå Muren (gnr 168 bnr 71-1). f. Karl Johan Tangen f. 1914 d. 2009 g. 1945 m. Malena Gåsemyr, Seim i Lindås f. 1919 d. 2004, busette Muren (gnr 168 bnr 71-2), og seinare eigar her (2). g. Gudrun Matilde Tangen f. 1914 d. 2012 (tvilling med f.) g. 1938 m. Aksel Sivertsen f. 1905 Vevelstad, Nordland d. 1978, bygde på Svena (gnr 168 bnr 88). h. Magnus Martin Tangen f. 1917 d. 2012, lege, g. 1944 m. Ingeleiv Nessen f. 1906 Askøy d. 2003, busette Bergen. i. Solveig Marie Tangen f. 1918 d. 2005 g. 1945 m. Hans Wegner f. 1906 Stralsund, Tyskland d. 1990, budde først der til 1963, og så i Duisburg, dreiv skipshandel. j. Borghild Gunvor Tangen f. 1920 d. 2016 g. 1950 m. Konrad Johan Brandsdal f. 1917 Gulen d. 2011 (sjå Gulenb. II s 393), arb. tollvesenet, busette Bergen. k. Harald Andreas Tangen f. 1923 d. 2023 (99 år gl.), politimann, g. 1952 m. Bjørg Erna Bernestangen f. 1925 Arna i Bergen d. 2017 (sjå Hausb. IV s 95), bustad Bergen, deira born kb. Morten Tangen f. 1953 d. 2020, bustad Bergen, og kb. Brit Gunn Tangen f. 1955, vart kalla Lilleba, sjå Husøyna gnr 168 bnr 278-2. l. Mary Konstanse Tangen f. 1925 g. 1946 m. Sigurd Eggereide f. 1915 Aurland i Sogn d. 1993, busette der (sjå Aurlandsb. IIB s 44).

I 1965 fekk dei elleve gjenlevande søskena skøyte på denne eigedomen. Den vert brukt som feriebustad.

2. Karl Tangen f. 1914 på dette bruket (1f) d. 2009 vart eineeigar i 2002. I 2011 fekk borna hans skøyte, Mikael f. 1946, Liv f. 1948, Helge f. 1951 og Åse f. 1956, sjå Muren (gnr 168 bnr 71).


Fedje komm.svg Grendaberget (Fedje gnr 168 bnr 32) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Neseide (Fedje gnr 168 bnr 165) • Neste bolk: Blåstokken