Eide (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husavågen med kyrkja i midten bak sett frå Rundemannen på Vestkanten i 2021. Fremst frå venstre ligg Muren, Eide og Uthaugen.
Foto: Karsten Madsen

Eide er ein av dei eldre gardane i Fedje kommune.

Som namnet seier, ligg Eide på ei landtunge mellom to vågar, mellom Uthaugen og Muren. Den gamle landskylda til Eide var ½ våg fisk, så den er på same storleik som dei andre mindre plassane. Dei første gongane plassen er nemnd i dei skriftlege kjeldene i 1590 og 1610, vert det skrive Eiide. I 1644 er skrivemåten Ejde. Same året vert det òg skrive Eide, og dette er seinare den vanlege skrivemåten, m.a. i 1647, 1661, 1701, 1723, 1835 og 1875. Me har formene Ejde og Eje i 1801, Eyde i 1705 og 1795, og Eidet i 1865, 1900 og 1906. I uttalen er d'en stum, slik at det vert sagt «eie». Det har heile tida vore berre eitt bruk her. I seinare tid er det skilt ut eit par tomter.


Fedje komm.svg Eide (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulevegen 75 (Fedje gnr 168 bnr 346) • Neste bolk: Eide (Fedje gnr 168 bnr 15)