Mulevegen 75 (Fedje gnr 168 bnr 346)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mulevegen 75
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 346
Adresse: Mulevegen 75

Mulevegen 75 er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Geirmund Stormark f. 1954 (gnr 168 bnr 132-1d), los, g.1.g. 1984 m. Vigdis Helene Eilertsen f. 1964 Kristiansund, hjelpepleiar. Skøyte 1985 på tomt frådelt gnr 168 bnr 326 i 1984. Dei bygde hus her i 1985 og garasje i 1993. Familien flytta til Langesund i Bamble, Telemark i 1996. Ekteskapet oppløyst. Han er eigar av huset, som vert nytta som fritidsbustad.

Born: a. Geir Helge Stormark f. 1984, bustad Bergen. b. Fabiano Stormark f. 1986 Brasil (adoptivson), bustad Bergen.

Geirmund g.2.g. 2009 m. Marjory Spence f. 1956, bustad Bergen.

Vigdis g.2.g. m. Stein Løland f. 1963, bustad Bergen.

Leigetakarar

2. Leif-Jørgen Mongstad f. 1952 Sulo (gnr 169 bnr 67-1c) g. 1986 m. Ellen Heum f. 1960 Arendal. Innflytta frå Arendal i 1996. Dei budde her til 1999, sjå Sulo gnr 169 bnr 145.

Fedje komm.svg Mulevegen 75 (Fedje gnr 168 bnr 346) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulevegen 73 (Fedje gnr 168 bnr 326) • Neste bolk: Eide (Fedje)