Svingen (Fedje gnr 168 bnr 278)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berghammer
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 278
Adresse: Husøyna 29

Svingen er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Thor Inge Senneseth f. 1950, adjunkt og undervisningsinspektør, g. 1971 m. Marion Thorbjørnsen f. 1952, begge frå Bergen. Skøyte 1977 på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 og gnr 168 bnr 307 same året (bnr 307 vart frådelt gnr 168 bnr 15 i 1980). Dei sette opp hus her. Tidlegare budde dei i husværet på skulen (Svena gnr 168 bnr 163-2) og i Husøyna gnr 168 bnr 247/256. Familien flytta til Åsane i Bergen i 1981.

Born: a. Trude Senneseth f. 1972 samb.m. Jan Kristian Stokkebekk f. 1972 Finstadbru i Aurskog-Høland, bustad Åsane. b. Mette Senneseth f. 1975 g. 2005 m. Tommy Nilsen f. 1973, bustad Bergen. c. Thor Børge Senneseth f. 1978 g.m. Marianne Mongstad f. 1980 Bergen, bustad Modalen, seinare Bergen.

2. Brit Gunn Tangen f. 1955 Bergen (sjå Grendaberget gnr 168 bnr 32-1kb), adjunkt, g. 1979 m. Vidar Bråthen f. 1953 Drangedal, oppvaksen Skien, kontorsjef/rådmann i kommunen frå 1980 til 2016. Skøyte her i 1980.

Born: a. Marianne Tangen Bråthen f. 1982, lektor/assisterande rektor, g. 2009 m. Erik Feiring f. 1981 Oslo, samfunnsøkonom/seniorrådgjevar, bustad Oslo. b. Pål Tangen Bråthen f. 1985, bedriftsøkonom/entrepreneurship/marketing/partner, g. 2014 m. Helene Bårdsen f. 1986 Karmøy, cand.mag./prosjektleiar, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Svingen (Fedje gnr 168 bnr 278) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sjøtun (Fedje gnr 168 bnr 265) • Neste bolk: Berghammer (Fedje gnr 168 bnr 282)