Berghammer (Fedje gnr 168 bnr 282)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berghammer
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 282
Adresse: Husøyna 23

Berghammer er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Odd Andreassen f. 1936 Mulen (gnr 169 bnr 38-1a) d. 2015, fiskar, sjømann, maskinarb. frå 1972, g. 1976 m. Ingebjørg Helene Kristiansen f. 1940 Haugesund. Skøyte 1977 på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 same året. Huset vart òg bygd i 1977. Dei flytta til Haugesund.

Barn: a. Frode Vegard Andreassen f. 1976, budde først i Bergen, samb.m. Maria Jacquelyn Generosa Knutsen f. 1985, busette på Lindås, Alver kommune.

Ingebjørg var g.1.g. 1958 m. Arne Sigvald Søvik f. 1936 Haugesund d. 2015, bustad Tysvær i Rogaland (jf Tysværb. V s 313).

Born: b. Helga Irene Søvik f. 1958 g.m. Lazlo Sztankay f. 1951 Budapest, Ungarn, bustad Haugesund. Ekteskapet oppløyst, hennar bustad Torvastad i Karmøy og hans Kolnes i Karmøy. c. Jorunn Synnøve Søvik f. 1960, bustad Haugesund. d. Inger Marie Søvik f. 1962 g. 1994 m. Arne Ystebø f. 1962 Bergen, bustad Haugesund. Ekteskapet oppløyst, hans bustad Tysvær. e. Siv Anita Søvik Andreassen f. 1968 var g.1.g. m. Lee Al-Ameer f. 1962 Irak, bustad Haugesund, g.2.g. 2006 m. Rune Falch Prestøy f. 1962 Helligvær i Bodø, kaptein, bustad Greåker i Sarpsborg. Ho har teke Siv Meeriam som førenamn.

2. Arent Wiken f. 1957 g. 1990 m. Inger Steinsbø f. 1958, bustad Vika (gnr 168 bnr 28-18). Skøyte i 2003. Huset vart utleigt.

3. Fedje kommune fekk skøyte i 2016, og nytta huset som utleigebustad.

4. Christian Tangen f. 1986 Husøyna (gnr 168 bnr 247-8a) samb.m. Ann-Helen Dagslott f. 1986 Volda. Skøyte i 2022.

Born: a. Thomas Tangen f. 2018. b. Malin Tangen f. 2020.


Fedje komm.svg Berghammer (Fedje gnr 168 bnr 282) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Svingen (Fedje gnr 168 bnr 278) • Neste bolk: Knausen (Fedje gnr 168 bnr 284)