Vika (Fedje gnr 168 bnr 28)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vika
S293.168.28.CD 02 014.jpg
Utsyn frå Vika 1946, naust i framgrunnen. Til venstre Steinberg med Betelskipet, elles sildeflåten. Bak i midten radartårnet som tyskarane sette opp i Hesthaugen.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 28
Adresse: Sjånesvegen 3 og 5

Vika er eit av dei eldre gardsbruka i Fedje kommune.

1. I 1563 var det Ola som budde her, han betalte 1 dalar i skatt. Kanskje han var den Ola Persen nemnd i eit brev frå 1567, sjå kapitlet om eigarar pkt 5.

2. Svein svarte landvareavgift i 1590 og 1610 med ½ våg fisk.

3. Jakob er ny brukar frå 1611 til 1618.

4. Rognald Ivarsen f. 1586 er kommen her ifølgje skattelista for 1620, og han fekk ei særs lang levetid på bruket. I koppskatten 1645 hadde han kona Magdeli og ein son, a. Ivar Rognaldsen f. 1621, oppført på militær rulle i 1655, sjå Holmen (6). Rognald fekk 14 rdl i bot i 1640 for å ha drege Amund i Grenda (gnr 168 bnr 17-2) i hår og skjegg. Mikkel i Vika fekk ei bot på 3 rdl i 1632 for å ha fått ein annan til å stela. Kanskje Mikkel var dreng her, han er ikkje nemnd på skattelistene. Rognald vart stemna på vårtinget i 1651 for å ha komme med nedsetjande utsegner om Ola Stuberg (gnr 168 bnr 19-5, sjå der), men han nekta det heile, og meinte det i tilfelle måtte ha skjedd i drukkenskap. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut, utsåd er ikkje nemnt. Rognald er oppført på skattelistene heilt til 1668, så han var ein trufast skattytar. I manntalet 1666 er alderen oppgjeven til 80 år. Han hadde då drengen Hans Rasmussen 20 år gl.

5. Elling Bottolfsen f. 1655 (etter alder i 1701) er på bruket ifølgje skattelistene 1691-1694. I skoskatten 1711 betalte han for seg og kona, 12 skilling. Dei ser ikkje ut til å ha hatt born etter seg. Han er nemnd siste gong i 1716, då han stod fadder.

6. Lars Hansen er nemnd i skattelistene her frå 1715 til 1736. Kona er truleg Agata d. 1757, 71 år gl, sjølv om alderen kan synast høg. (Den var som regel for høgt oppgjeven ved dødsfall). Lars fekk tinglyst fornya bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Vika: Brukar Lars, landskyld ½ våg fisk som før. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Born: a. Barbra Larsd f. 1717, seinare brukar (8). b. Ragnhild Larsd f. 1720. c. Siri Larsd f. 1731 d. 1783 g.l.g. 1761 m. Bendiks Mikkelsen f. 1737 Risa, Lindås d. 1765, sjå Midt-Tangen (husmenn 1). d. Lars Larsen f. 1737 d. 1742. e. Kari Larsd f. 1739. f. Kristian Larsen f. 1739 d. 1742. Borna e. og f. var tvillingar. Lagnaden til b. og e. er ukjend.

7. Jens Jensen f. 1713 Eide (gnr 168 bnr 15-6a) d. 1782 g.m. Marta Larsd f. 1714 Muren (gnr 168 bnr 18-7a). Brukarar her frå 1739 til 1745, då dei flytta til Stuberg (gnr 168 bnr 19-9), der familien er ført.

8. Barbra Larsd f. 1717 på dette bruket (6a) g. 1742 m. Knut Hansen f. 1715 Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-5b). Dei budde først i Midt-Tangen til om lag 1744, så i Moldøyna, før dei kom hit i 1745. Dette året fekk Knut tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen. Dødsfalla deira er ikkje førde i kyrkjeboka, Barbra var fadder siste gong i 1764, og Knut i 1777.

Born: a. Mari Knutsd 1742 d. 1786 g. 1774 m. Per Hansen f. 1748 Husa (gnr 168 bnr 7-7h) d. 1796, sjå Mulen 2. b. Lars Knutsen f. 1745 d. 1786 g. 1770 m. Anna Mikkelsd f. 1743 Husa (gnr 168 bnr 5-8 b) d. 1800, brukarar på Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-9) og Skotholmen (gnr 170 bnr 1-10). c. Mikkel Knutsen f. 1747 d. 1799 g. 1774 m. Mari Hansd f. 1752 Husa (gnr 168 bnr 7-7 i), budde der (gnr 168 bnr 8-1), sjå òg Kopper gnr 168 bnr 2-6. d. Marta Knutsd f. 1751 d. 1752, ½ år gl. e. Kari Knutsd f. 1755, ukjend lagnad.

Huset i Vika 1918. På trappa frå venstre: Endre, Helene, Elida, Hjalmar, Emil, Jenny, Sina, Georg.

9. Hans Amundsen f. 1751 g. 1775 i Gulen m. Mari Jakobsd f. 1752 var brukarar her frå 1775 til 1781. Dei var begge frå Gulen, og flytta til Byrknes, sjå Gulenb. III s 250.

Barn født på Fedje: a. Marta Hansd f. 1779 d. 1808 g. 1807 Gulen m. Jon Kolbeinsen f. 1778 d. 1838, overtok bruket på Byrknes etter Marta sine foreldre.

10. Ola Monsen f. 1760 Solend, Austrheim d. 1813 (son av Magdeli Andersd og Mons Steffensen f. 1728 d. 1762, som var bror til Mikkel Midt-Tangen gnr 168 bnr 26-10) g. 1781 m. Johanna Olsd f. 1762 Solend, Austrheim d. 1800 (jf Austrheimb. I s 591 og 600). Johanna var søster til Jonas Uthaugen (gnr 168 bnr 20-1) og Ola Husa (gnr 168 bnr 11-3), sjå der, sjå òg nr 12 her. Bygselbrev 1781 frå Dankert Dankertsen Heiberg. Dei brukte òg halvparten av Øvre Stuberg, sjå der (9). Ved folketeljinga 1801 budde Ola her som enkjemann saman med dei seks borna.

Born: a. Magdeli Olsd f. 1783, levde ved skiftet etter mora, men er ikkje nemnd i faren sitt skifte. b. Ola Olsen f. 1784 d. 1839 g. 1817 m. Ingeborg Simensd, enkja etter broren Anders, budde på Moldøyna (gnr 170 bnr 3-16). c. Anders Olsen f. 1787 d. 1813 g. 1812 m. Ingeborg Simensd f. 1787 Bergsvika, Austrheim d. 1844, brukarar på Moldøyna (gnr 170 bnr 3-15). d. Thomas Olsen f. 1790 d. 1855 g. 1815 m. Marta Halvorsd f. 1788 Berge (gnr 168 bnr 21-6c) d. 1823, brukarar der (7). e. Mons Olsen f. 1793 d. 1813, omkom på sjøen saman med faren. f. Ingeborg Olsd f. 1796 d. 1849 (kolera), ugift, hadde desse tre borna: fa. med Mikkel Nilsen Muren (gnr 168 bnr 18-11) f. 1760 d. 1831 dottera Magdeli Mikkelsd f. 1829 d. 1891, vaks opp på Moldøyna, g. 1862 m. Martinus Ivarsen f. 1828 Sulo (9a) d. 1897, budde der (10). fb. med Anders Andersen f. 1808 Toftegård, Austrheim d. 1869 (sjå Austrheimb. II s 253, og Masfjordb. I s 93) sonen Anders Andersen f. 1831 Risnes i Masfjorden d. 1903, budde der i folketeljinga 1865, var då ugift (han fekk dottera Lisbet f. 1854 d. 1856 med Eli Hansd f. 1817 Nordland i Masfjorden d. 1880 Fonnes, sjå Masfjordb. I s 501 og Austrheimb. I s 239. Anders g.1.g. 1868 Gulen m. enkja Anne Jakobsd f. 1819 Oddekalv i Solund d. 1887, bustad Råke i Solund, jf Solundb. I s 609, og g.2.g. 1890 m. Anne Olsd Rønset f. 1837 Askvoll, d. før Anders). fc. med Klement Sjursen Moldøyna (gnr 170 bnr 2-13) f. 1779 d. 1851 sonen Ivar Klementsen f. 1833 d. 1896 g. 1862 m. Torbjørg Andersd f. 1836 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14b) d. 1924, budde på Mulen (5).

Det var skifte etter Johanna i 1802. Enkjemannen Ola og dei seks borna var arvingar. Det var lausøyre for nesten 39 rdl, men det monna ikkje stort når jordeigaren Kristoffer Kahrs kom med eit krav på 103 rdl. I tillegg kom skiftekostnadene på 5 rdl. Dei hadde m.a. tre kyr, eit skap i stova, seks kister - derav to med lås, ei bomme, tre gryter, ti mjølkekoller, ei smørkinne, fire høyljåar, ei hoggøks, eit moldgrev, ein navar, ei furumåltønne, ei målbøtte, ei eikeøltønne, eit vasspann, eit par vassbøtter, fire ambrar, ein langhøvel og ei trantønne. Av sjøutstyr var det ein slagkeipingsbåt med segl, to færingsbåtar, ⅙-part i ei kastenot, to linetau, eit småsildegarn og eit snøre, så dei skulle vera bra rusta for fiske.

11. Enkjemannen Ola Monsen (10) g.2.g. 1802 m. enkja Elsa Eriksd f. 1765 Børilden, Austrheim d. 1835 (jf Austrheimb. III s 528, dotter av Erik Olsen f. 1700 d. 1771 og Brita Olsd f. 1737 d. 1807, sjå skiftet til halvbroren Lars Johannessen Husa gnr 168 bnr 7-12). Elsa vart g.l.g. 1794 m. Kristian Knutsen f. 1769 Solend, Austrheim d. 1795, bustad Børilden. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart Vika saman med halvparten av Øvre Stuberg verdsett til 115 rdl. Fiskeria var hovudnæringa.

Born: a. Kristiana Olsd 1802 d. 1877, seinare brukar (13). b. Johanna Olsd f. 1803 d. 15 dg gl. c. dødfødd son f. 1805. d. Lars Olsen f. 1807 d. 1853 g.l.g. 1832 m. Villiane Mikkelsd f. 1804 Eide (gnr 168 bnr 15-14c) d. 1846, budde der (15).

Ola omkom på sjøen i 1813 ved «ulykkelig hændelse» saman med sønene Anders og Mons, alle vart attfunne. Det vart skifta etter Ola same året. Den økonomiske stoda hadde betra seg monaleg sidan 1802, formuen var på over 60 rdl, og etter at skiftekostnadene var oppgjort, gjekk 45 rdl til dei etterlatne. Det hadde vore ein periode med bra sildefiske, så det kan ha vore forklaringa. Dei hadde m.a. to kyr, ein okse, ei kvige, ein vêr, eit skap i stova, åtte buskapskjørel, tre gryter, ei bakstehelle, to kister, ein mjølkestamp, ein spade, to høyljåar, ei øltønne, ei trantønne, eit par vassbøtter, to barkespann, eit eikeanker, ein seksæringsbåt utan segl, eit snøre med jernstein, to storsildegarn og eit småsildegarn.

12. Enkja Elsa Eriksd (11) g.3.g. 1813 m. Ola Olsen f. 1754 Solend, Austrheim d. 1824 (sjå nr 10 her). Han var enkjemann etter Anna Persd Husa (gnr 168 bnr 11-3), og budde tidlegare der. Bygselbrev frå Kristoffer Kahrs i 1815 på Vika samt halvparten av Øvre Stuberg.

13. Kristiana Olsd f. 1802 på dette bruket (11a) d. 1877 g. 1824 m. Mons Kristiansen f. 1801 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-11c) d. 1868. Bygsel frå Kristoffer Kahrs i 1828. I 1835 hadde dei 3 storfe og 4 sauer, i 1845 2 storfe og 8 sauer, 1855 4 storfe og heile 16 sauer, så det var eit stort husdyrhald. Dei sådde i 1835 ¾ tn havre og ½ tn potet, i 1845 ⅕ tn havre og ⅛ tn potet, og i 1855 ½ tn havre og ¼ tn potet. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Vika var 1 ort 16 skilling. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1,2 kyrlag og utsådet 1 tn havre og ¾ tn potet. Avlinga var på 3 tn havre, 2½ tn potet og 62 våger høy. Det var 1,3 mål dyrka åker og eng, og 4,2 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka. Mons var med i det første heradsstyret for Lindås frå 1837, og sat til 1841. Han og Kristiana vart kårfolk i 1865.

Born: a. Kristian Monsen f. 1832 d. 1906 g. 1856 m. Olsina Larsd f. 1830 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16f) d. 1910, brukarar der (17). b. Brita Monsd f. 1835 d. 1914, neste brukar (14). c. Helga Monsd f. 1838 d. 1 veke gl. d. Karl Monsen f. 1839 d. 1840. e. Olsina Monsd f. 1841 d. 1910 g. 1868 m. Mons Monsen f. 1845 Børo (husmenn 3h) d. 1930, brukarar på Uthaugen (gnr 168 bnr 20-8). f. Elsa Monsd f. 1844 d. 1918 g. 1873 m. Ole Simensen f. 1846 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15b) d. 1923, budde på Muren (husmenn 1). g. Karen Monsd f. 1844 (tvilling med f.) d. 1845, 13 veker gl.

14. Brita Monsd f. 1835 på dette bruket (13b) d. 1914 g. 1863 m. Endre Andersen f. 1838 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14c) d. 1904. Bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1865. Endre fekk skøyte frå Fedje Torvkompagni i 1878 for 760 kr. I 1896 fekk han skøyte på Byttestykket gnr 168 bnr 23 for 400 kr frå Arnold Kahrs, og dette vart brukt saman med Vika. I 1865 hadde Brita og Endre 5 storfe og 3 sauer, og sådde 1 tn havre og 1 tn potet. I 1875 var dyretalet 2 kyr, 1 kalv og 12 sauer, og utsådet 1⅓ tn havre og ¾ tn potet. Næringa var jordbruk og fiske. Ny matrikkelskyld for Vika ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 33 øre. Dei bygde det noverande huset, seinare påbygd.

Born: a. dødfødd dotter f. 1863. b. Berta Endresd f. 1865 d. 1943 g. 1887 m. Jens Larsen f. 1864 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-4 c) d. 1950, brukarar der (5). c. dødfødd son f. 1865 (tvilling med b.) . d. Andrea Endresd f. 1867 d. 1910 g. 1890 m. Martin Nilsen f. 1866 Sulo (gnr 169 bnr 27-la) d. 1950, budde der (3). e. Kristine Endresd f. 1870 d. 1946 g. 1896 m. Martin Karlsen f. 1874 Berge (gnr 168 bnr 21-10a) d. 1953, brukarar der (11). f. dødfødd dotter f. 1872. g. Anna Maria Endresd f. 1873 d. 1874 (meslingar). h. Endre Bertin Endresen Wiken f. 1876 d. 1941, neste brukar (15). i. Anna Maria Endresd f. 1880 d. 1882.

15. Endre Endresen Wiken f. 1876 på dette bruket (14h) d. 1941 g. 1897 m. Helene Lovise Hermansen f. 1875 Eivindvik, Gulen d. 1963 (dotter av Hans Hermansen f. 1847 d. 1931 og Ellen Persd f. 1847 d. 1882, sjå Gulenb. I s 230). Skøyte på Vika og Byttestykket i 1898 for 1400 kr og kår til nr 14. Næringa var fiske og jordbruk. Endre var med i det første heradsstyret då Austrheim og Fedje vart eige herad i 1910.

Born: a. Hjalmar Emil Wiken f. 1898 d. 1992 g. 1925 m. Olga Rasmusd Børhaug f. 1902 (gnr 168 bnr 33- la) d. 1994, bygde på Børhaugen (gnr 168 bnr 312). b. Helene Elida Wiken f. 1899 d. 1989, utvandra til Canada 1924, g. 1925 m. Håkon Sverre Johnsen Schjelderup f. 1897 Melbu, Hadsel i Vesterålen d. 1994, arb. sagmølle, busette i Vancouver. Han var fyrbøtar med bustad Bergen i folketeljinga 1922, utvandra i 1923. c. Joakim Emil Wiken f. 1902 d. 1940, sjå nr 16 her. d. Henriette Berta Endresd f. 1904 d. 5 md gl. e. Harald Benjamin Wiken f. 1905 d. 1993, reiste 1927 til Vancouver, Canada, arb. sagmølle, 1. kone Esther Amalie Carlson f. 1915 New Westminster, British Columbia i Canada d. 1983 der, es. oppløyst, 2. kone Olga frå Karmøy. f. Jenny Berta Wiken f. 1908 d. 1965 g. 1937 m. Ragnvald Johan Haldorsen Rød f. 1906 Myking, Lindås d. 1992, gardbrukarar der, jf Mykingb. s 251. g. Andrea Hansine Wiken f. 1910 d. 1966 g. 1936 m. Ragnvald Kjeilen f. 1910 Lindås d. 1999, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 78. h. Georg Olai Wiken f. 1912 d. 2001, neste eigar (17). i. Henriette Ingvarda Kamilla Endresd f. 1915 d. 1916. j. Klara Ingvarda Wiken f. 1917 d. 2015 g. 1941 m. Hans Kahrs f. 1911 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4f) d. 1997, busette der (5).

16. Emil Wiken f. 1902 på dette bruket (15c) d. 1940 g. 1934 m. Hilda Grønnevik f. 1904 Solund i Sogn d. 1992 (sjå Træsneset gnr 171 bnr 1-3b). Emil var i Vancouver, Canada frå om lag 1925 til 1932, og var m.a. maskinsjef. På Fedje var han fiskar. Familien budde i Vika i halve huset. Då Emil var død, flytta Hilda til Mastrevikane, Sætre i Austrheim, og bygde hus der (jf Austrheimb. II s 91). Ho var styrarinne på Bjelland, Fedje frå 1953 til ho gjekk av med pensjon.

Born: a. Astrid Helene Wiken f. 1935 g. 1956 m. Egil Magnus Leikvoll f. 1937 Austrheim (sjå Austrheimb. I s 660), byggmeister, bustad Askøy. b. Edny Hildur Wiken f. 1939 (vaks opp hjå farsøstera Klara), dreiv broderiforretning, g. 1960 m. Svein Edvin Pedersen f. 1937 Askøy, mekanikar, busette der, seinare Mastrevikane.

Familiebilde 1971. Framme frå venstre Laura, Helga og Georg, bak frå venstre Georg Lars, Endre, Jan og Arent.

17. Georg Wiken f. 1912 på dette bruket (15h) d. 2001 g.m. Laura Kristin Marteinsdottir f. 1918 Island d. 2012, arb. Bjelland. Skøyte her i 1956. Georg var med i Shetlandsgjengen i starten av krigen og var skipper på fleire turar over Nordsjøen. Han og Laura var i handelsflåten under krigen. Georg var fyrbetjent på Hellisøy fyr frå 1946 til 1951, seinare var han styrmann. Ekteskapet oppløyst, Laura flytta til Bergen, heimehjelp.

Born: a. Georg Lars Wiken f. 1944 g. 1970 m. Kari Hauge f. 1951 Laksevåg i Bergen d. 2012, bustad Bergen. Sjå òg Træsneset gnr 169 bnr 158. b. Helga Wiken f. 1948 d. 2013 g. 1967 m. Alf Alfredsen f. 1948 Stormark (gnr 172 bnr 115-la), busette i Alvermarka, seinare Knarvik i Lindås, Alver kommune. Sjå òg Muleide gnr 169 bnr 7-6. c. Endre Harald Wiken f. 1951 g. 1971 m. Kari Kjellesvik f. 1950 Haugesund, bustad Karmøy. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 49-2. d. Jan Even Wiken f. 1955 d. 2022, frisør, busett i Reykjavik. e. Arent Wiken f. 1957, neste eigar (18).

18. Arent Wiken f. 1957 på dette bruket (17e), sivilingeniør, arb. trafikksentralen, g. 1990 m. Inger Steinsbø f. 1958 Bremnes på Bømlo (sjå Bømlob. I s 398), landpostbud. Skøyte på bnr 28 i 1988. Dei bygde nytt hus på eigedommen i 2000 (Sjånesvegen 3), og er busette her. Sjå òg Husøyna (gnr 168 bnr 282-2).

Born: a. Georg Steinsbø Wiken f. 1988, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 316-3). b. Simon Steinsbø Wiken f. 1990, serviceingeniør, samb.m. Vigdis Meidell f. 1978 frå Husøyna gnr 168 bnr 250-4a, bustad Åsane i Bergen. c. Laura Steinsbø Wiken f. 1994 samb.m. Jørgen Fjøsne f. 1994 Fitjar, begge sivilingeniørar, bustad Landås i Bergen. d. Jakob Steinsbø Wiken f. 1995, automatikkar, bustad Åsane.

Leigebuar i det eldste huset (Sjånesvegen 5):

19. Bjørn Ove Hvidsten f. 1982 Håland i Alversund, Lindås, budde før på Nygård (gnr 172 bnr 106-4), sjå der.


Fedje komm.svg Vika (Fedje gnr 168 bnr 28) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vika (Fedje) • Neste bolk: Brekke (Fedje gnr 168 bnr 78)