Lunheim (Fedje gnr 168 bnr 250)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lunheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 250
Adresse: Flundrevågsvegen 25

Lunheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Fedje Fryseri AS fekk i 1975 skøyte på tomt frådelt Stuberg gnr 168 bnr 19 same året. Huset vart bygd i 1974. Det vart brukt som utleigebustad for selskapet sine tilsette.

2. Ole Vigleik Hansen f. 1945 Bergen d. 1994 g. 1967 m. Marit Gudny Tolleshaug f. 1944 Bergen leigde her frå 1974. Han var styrar på Fedje Fryseri frå 1973 til 1979. Då flytta dei til Mandal, sidan til Festo i Lindås, og så til Bergen i 1985.

Born: a. Hilde Tolleshaug Hansen f. 1968 g. 1997 m. Atle Arne Olsen f. 1964 Arna i Bergen, budde der, seinare i Lysekloster i Os, Bjørnafjorden kommune. b. Eirik Tolleshaug Hansen f. 1970 samb.m. Mette Annaniassen f. 1966 Bergen, bustad Åsane i Bergen. c. Bente Tolleshaug Hansen f. 1975 g. 2001 m. Anders Johnsen f. 1973, bustad Frekhaug i Meland, Alver kommune.

3. Aina Alfredsen f. 1956 Stormark (gnr 172 bnr 115-1e), heimehjelp, g. 1978 m. Knut Kjøpstad f. 1950 Bulandet, Askvoll i Sunnfjord (jf Askvollb. IIB s 736), salsleiar fryseriet frå 1982 til 1984. Dei budde her til 1984, seinare busette på Høyland i Sund (jf Sundb. I s 604), no i Øygarden kommune.

Born: a. Therese Kjøpstad f. 1977, bustad Skoge i Sund (sjå Sundb. V s 626), no i Øygarden kommune. b. André Kjøpstad f. 1979, bustad Klokkarvik i Sund, Øygarden kommune.

4. Jack Husa f. 1962 (gnr 168 bnr 185-1a), produksjonssjef fiskeindustri, g. 1984 m. Olaug Malene Meidell f. 1957 Fusa, pleiemedhjelpar. Skøyte her i 1984. Dei flytta i 2017 til Søfteland i Os, Bjørnafjorden kommune.

Born: a. Vigdis Meidell f. 1978 (Olaugs dotter med Oliver Rokstad f. 1949 Bergen), høgskulelektor, samb.m. Simon Steinsbø Wiken f. 1990 (gnr 168 bnr 29-18b), bustad Åsane i Bergen. Sjå òg gnr 168 bnr 81-2c. b. Ole Johnny Meidell f. 1984 samb.m. Tina Helen Gjerde f. 1991, bustad Bergen, seinare Tysse i Samnanger. c. Marielle Meidell Husa f. 1991, seljar, samb. 2012 m. Hans Magnus Berg Hansen f. 1991 Svena (gnr 168 bnr 376-1a), bustad Søfteland i Os, Bjørnafjorden kommune.

5. Lise Sagen f. 1973 Florø, arb. posten, g. 2022 m. Thomas Matre f. 1977 Bergen, lastebilsjåfør, budde før der. Ho budde før på Stormark gnr 172 bnr 166-4. Skøyte i 2020.

Hennar son med tidl. samb. Karsten Rino Lund f. 1970 d. 2010, bustad Florø: a. Dag Sølve Lund Sagen f. 1998, junioroffiser, bustad Åsane i Bergen.


Fedje komm.svg Lunheim (Fedje gnr 168 bnr 250) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kirstentun (Fedje gnr 168 bnr 248) • Neste bolk: Hagatun (Fedje gnr 168 bnr 251)