Stølheim (Fedje gnr 168 bnr 81)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stølheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 81
Adresse: Stormarkvegen 64

Stølheim er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Ruth Husa f. 1914 (gnr 168 bnr 90-1c) d. 2006 g. 1938 m. Olav Nilsen f. 1915 Husa (gnr 168 bnr 63-1aa) d. 2007. Skøyte 1951 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 7 i 1942. Skøyte 1978 på tilleggstomt bnr 92, frådelt gnr 168 bnr 7 i 1946 til Rolf Bruland (Muren gnr 168 bnr 103). Bnr 92 vart samanføydd med bnr 81 i 1984. Huset vart bygd i 1952, dei budde tidlegare hjå foreldra til Ruth. Olav var fiskeskipper, medeigar m.a. i M/S «Feiebuen».

Born: a. Rigmor Odny Nilsen f. 1940, sjukepleiar, g. 1965 m. Kåre Asbjørn Herdlevær f. 1941 Øygarden, bygningsmann, bustad Åsane i Bergen. b. Oddvar Asbjørn Nilsen Husa f. 1943 g. 1969 m. Vilgerd Storset, Ålesund f. 1945, bygde på Husa gnr 168 bnr 235. c. Jan Erling Nilsen f. 1947 d. 2015 g. 1969 m. Ingrid Eriksen f. 1946 Askøy, bygde på Svena gnr 168 bnr 232. Dei var eigarar av bnr 81 frå 2007 til 2016. d. Erik Nilsen f. 1950, røyrleggjar, g. 1973 m. Kari Sandnes f. 1952 Farsund, sjukepleiar, bustad Lyngdal i Vest-Agder.

2. Jostein Uthaug f. 1972 Husøyna (gnr 168 bnr 230-1b), skipsførar/losbåtførar, g. 2011 m. Barbro Heimland f. 1971 Tromsø, oppvaksen Bergen, helsearbeidar, bustad Tertnes, Åsane i Bergen. Skøyte i 2016. Huset er renovert utvendig, og vert brukt som sekundær- og fritidsbustad.

Born: a. Nikolas Panajotis Leontiadis Heimland f. 1996, bustad Oslo. b. Adrian Leontiadis Heimland f. 1998 samb.m. Kristina Halleland f. 1999 Bergen, busette der (frå es. m. Vasilis Leontiadis f. 1967 Santorini i Hellas, busett der). c. Veronica Eliza Meidell Uthaug f. 1998 samb.m. Even Lexander f. 1996 Bergen, busette der (hennar mor Vigdis Meidell f. 1978, sjå Husøyna gnr 168 bnr 250-4a). d. Elias Einar Heimland Uthaug f. 2008. e. Jonatan Heimland Uthaug f. 2013.

Intervju

  • Intervju med Olav Nilsen ved Arvid Skogseth.



Fedje komm.svg Stølheim (Fedje gnr 168 bnr 81) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Svena • Neste bolk: Bergheim (Fedje gnr 168 bnr 88)