Bergheim (Fedje gnr 168 bnr 88)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergheim
S446.168.88.CD 12 034.jpg
På veg til stølen i Husøyna 1950. Frå venstre Marie Fanebust (Nord-Tangen) og Bertha Koppen (bnr 30). Huset til bnr 88 bak.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 88
Adresse: Stormarkvegen 59

Bergheim er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Gudrun Tangen f. 1914 Grendaberget (gnr 168 bnr 32-1g) d. 2012 g. 1938 m. Aksel Arntsberg Sivertsen f. 1905 Vevelstad, Nordland d. 1978 (son av Ofie Johanna Andersd f. 1865 og Sivert Daniel Arntsen Forvik f. 1869). Skøyte 1946 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 7 i 1944. Dei sette opp hus her i 1947, eitt av dei første på Svena. Aksel var sjømann og fiskar.

Born: a. Gunvor Aslaug Sivertsen f. 1939 d. 2005 g. 1959 m. Harald Rognsvåg f. 1939 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17i) d. 2021, bygde der (gnr 168 bnr 190). b. Atle Olav Sivertsen f. 1942 d. 2001, elektrikar, g. 1964 m. Margareth Jorunn Hellesøy f. 1944 Vågenes, Radøy d. 1993, busette der (jf Radøyb. II s 172). c. Odd Geir Sivertsen f. 1947 d. 1995, budde i Bergen, var g. 1970 m. Torill Thomassen f. 1948 Bergen, bustad Sandefjord. d. Margaret Sivertsen f. 1951 d. 12 dg gl.

2. Åshild Hisdal f. 1962, bustad Bergen, fekk skøyte i 2013. Sjå Husøyna gnr 168 bnr 219-1b. Huset vart renovert i 2015.

3. Marita Sortland f. 1961 Bergen, intensivsjukepleiar, g. 1986 m. Terje Baade Dregi f. 1957 Bergen, heismontør, bustad Åsane i Bergen. Ekteskapet oppløyst 2011.

Born: a. Markus Sortland Dregi f. 1988, programvareutviklar, g. 2015 m. Anette Fanebust Hansen f. 1988 Bergen, vernepleiar, bustad Bergen. b. Nikolai Sortland Dregi f. 1991, fiskar, bustad Bergen. c. Sofie Othilie Dregi f. 1997, bioingeniør, bustad Trondheim.

Marita samb. 2020 m. Olav Steinar Kleiveland f. 1963 Osterøy, sjåfør, bustad Åsane. Ho fekk skøyte i 2019. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Fedje komm.svg Bergheim (Fedje gnr 168 bnr 88) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stølheim (Fedje gnr 168 bnr 81) • Neste bolk: Bøtun (Fedje gnr 168 bnr 102)