Haga (Fedje gnr 168 bnr 190)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haga
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 190
Adresse: Sjånesvegen 31

Haga er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Harald Rognsvåg f. 1939 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17i) d. 2021, sjømann, g. 1959 m. Gunvor Sivertsen f. 1939 Svena (gnr 168 bnr 88-1a) d. 2005, fiskeindustriarb. Skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 27 i 1964. Skøyte tilleggsareal bnr 281 frådelt gnr 168 bnr 27 i 1977. Huset vart bygd i 1966.

Born: a. Heidi Adele Rognsvåg f. 1961, lærar, g.m. Eyüp Akyol f. 1964 Tyrkia, bustad Bergen. b. Geir Aksel Mikal Rognsvåg f. 1963 g. 1985 m. Linda Andersen f. 1958 Bergen, bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 351-1). c. Benedikte Erin Rognsvåg f. 1968, neste eigar (2). d. Svein Harald Endre Rognsvåg f. 1970, arb. vaskeri, g.m. Melanie de Maiwat f. 1968, bustad Laksevåg i Bergen.

2. Benedikte Rognsvåg f. 1968 på dette bruket (1c), førskulelærar/barnehagestyrar, g. 1991 m. Erling Henriksen f. 1963 Bergen, busette der. Ekteskapet oppløyst, ho flytta til Askøy, og fekk skøyte i 2021. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Fredrik Henriksen f. 1992, bustad Bergen. b. Petter Rognsvåg Henriksen f. 1995, logistikk-koordinator, g. 2017 m. Tanja Olivia Mikkonen f. 1997 Bergen, helsefagarbeidar, bustad Askøy. c. Maren Henriksen f. 1998 samb. 2021 m. Trond Fyllingen f. 1998 Eikangervåg i Lindås, rivingsarbeidar, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Haga (Fedje gnr 168 bnr 190) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nytun (Fedje gnr 168 bnr 128) • Neste bolk: Midtbø (Fedje gnr 168 bnr 214)