Midtbø (Fedje gnr 168 bnr 214)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Midtbø
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 214
Adresse: Sjånesvegen 25

Midtbø er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Leif Tangen f. 1929 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-21a) d. 2022, losbåtførar, g. 1956 m. Lovise Haugen f. 1929 Fjaler, Sunnfjord d. 2012 (sjå Fjalerb. II s 374), pleiemedhjelpar. Skøyte 1969 på tomt frådelt gnr 168 bnr 26 same året. Huset vart òg bygd i 1969. Dei budde først i Midt-Tangen.

Born: a. Hans Erik Tangen f. 1957 d. 2022, telemontør, g. 1981 m. Aud Bakken f. 1958 Stord, kontormedarbeidar, busette der. Ekteskapet oppløyst. b. Bente Klara Tangen f. 1960 d. 2013, neste eigar (2).

2. Bente Tangen f. 1960 på dette bruket (1b) d. 2013 g. 1987 m. Arnfinn Espeland Karlsen, Bergen f. 1961, ingeniør, bustad Rennedalen i Fjell. Han flytta seinare til Bergen. Skøyte i 2012. Sjå òg Tangane gnr 168 bnr 439.

Born: a. Lisa Karlsen f. 1987, bustad Fjell, Øygarden kommune. b. Henrik Tangen Karlsen f. 1990, bustad Bergen. c. Ane Kristina Tangen Karlsen f. 1994 samb.m. Sindre Holm f. 1987, overtok huset i Fjell, no Øygarden kommune.


Fedje komm.svg Midtbø (Fedje gnr 168 bnr 214) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Haga (Fedje gnr 168 bnr 190) • Neste bolk: Nestun (Fedje gnr 168 bnr 218)