Nordhaug (Fedje gnr 168 bnr 235)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordhaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 235
Adresse: Mulevegen 23

Nordhaug er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Oddvar Nilsen Husa f. 1943 Svena (gnr 168 bnr 81-1b) g. 1969 m. Vilgerd Storset, Ålesund f. 1945. Skøyte 1972 på tomt frådelt gnr 168 bnr 6 same året. Huset vart bygd i 1973. Oddvar er fiskeskipper og kvalfangar, medeigar i m.a. fleire båtar med namnet «Feie». Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 30. Vilgerd er adjunkt, ordførar (repr. Kristeleg Folkeparti) frå 1995 til 2003.

Born: a. Beate Nilsen Husa f. 1970, sjå Kongestølen (gnr 169 bnr 8-3). b. Olav Nilsen Husa f. 1972, bustad Husa (gnr 168 bnr 426). c. Ingeborg Elise Nilsen Husa f. 1974 d. 2022, sjukepleiar, g. 2005 m. Carlos Enrique Arana Salinas f. 1965 Peru, bustad Bergen, seinare Holme i Meland, Alver kommune. d. Asbjørn Nilsen Husa f. 1977, sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 18-1 og Sulo gnr 169 bnr 165.


Fedje komm.svg Nordhaug (Fedje gnr 168 bnr 235) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Daltun (Fedje gnr 168 bnr 229) • Neste bolk: Bømark (Fedje gnr 168 bnr 243)