Moldøyskjeret (Fedje gnr 170 bnr 30)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moldøyskjeret
S436.170.30.IMG 20220127 144115.jpg
Fiskebåten H-46-FE «Olavson» ligg til kais ved Moldøyskjeret i 2020. Den driv kvalfangst om sommaren. Fremst til venstre er hytta i Moldøyna bnr 46. Bakom ligg Nord-Tangen og til høgre Børhaugen.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 30
Adresse: Skotholmevegen 22

Moldøyskjeret er ein eigedom i Fedje kommune.

1. P/R M/S «Feiebas» fekk i 1975 skøyte på tomt frådelt gnr 170 bnr 3 same året. Dei sette opp eit bygg med kai i 1976 som landbase for reiarlaget og fiskebåten. 2. etasje vart utleigt, sjå nedanfor. Eit lagerbygg vart sett opp i 1977.

2. P/R Feie Senior, Harald Horne (gnr 168 bnr 33), Oddvar Nilsen Husa (gnr 168 bnr 235) og Jan Nilsen (gnr 168 bnr 232) fekk skøyte her i 1983 med ein firedel kvar. Anlegget har vore brukt som landbase for fiskebåtane deira. Frå 1983 har hovudbygget vore utleigt, sjå nedanfor.

Leigetakarar

3. Brødrene Selstad, Måløy leigde 2. høgda i bygget frå 1976 til 1979. Det vart då drive not- og trålbøteri her med to tilsette.

4. Fedje kommune leigde lokale til lager og kursverksemd (husflid m.v.) frå 1979 til 1983.

5. Fedje Treningssenter AS starta kursverksemd her frå 1983, etter at bygget var ombygd og innreidd til kontor og undervisningslokale. Selskapet hadde tre fast tilsette, og har kjørt kurs innan førstehjelp og redning retta mot mannskap på beredskapsfarty i Nordsjøen, og tryggleikskurs for fiskarar frå 1989. Det vart bygd eit øvingsfelt for brannvern og røykdykking i 1992 i Vidnappen, Vestkanten. I 1993 vart det investert i ein overbygd livbåt. Desse investeringane har auka breidda i kurstilbodet. Sjå òg Tangane gnr 168 bnr 353-1.

6. Buksér og Beredskap AS vart etablert i 1986, og leigde kontor i 2. høgda. Selskapet vart i 1996 fusjonert med morselskapet Buksér og Berging AS. Dei bygde kontorbygg på Kremmarholmen (gnr 169 bnr 187) i 2009, sjå meir der.

7. Fedje sikkerhetssenter, frå 2013 Uniko AS, driv sikkerheitssenteret med maritime kurs, og har kontor på Mongstad i Lindås.

Fedje komm.svg Moldøyskjeret (Fedje gnr 170 bnr 30) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sjøstrand (Fedje gnr 170 bnr 27) • Neste bolk: Fjordtun (Fedje gnr 170 bnr 31)