Børhaug (Fedje gnr 168 bnr 33)
Børhaug | |
---|---|
Børhaugen i byrjinga av 1930-talet. Frå venstre: bnr 33, bnr 60 med naust, bnr 137, Brotet bnr 16, Stuberg bnr 52. | |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 33 |
Adresse: | Sjånesvegen 17 |
Børhaug er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
1. Rasmus Bertelsen Børhaug f. 1876 (gnr 168 bnr 137-1a) d. 1971 g. 1902 m. Lovise Andreasd Hjønnevåg f. 1876 Solund d. 1963 (dotter av Andreas Rasmussen f. 1839 d. 1929 og Berta Bertelsd f. 1840 d. 1887, sjå Solundb. I s 148 og Gulenb. III s 157). Lovise var søskenbarn til Ingeborg Hjønnevåg, Vågane gnr 172 bnr 28-1, sjå der. Jordstykket frådelt gnr 168 bnr 24 i 1916, skøyte til Rasmus same året. Huset vart bygd i 1910, før budde dei hjå foreldra hans. Rasmus var fiskar og fiskehandlar. Lovise hadde ei ku her. Dei flytta til Bergen i 1938, han stod på Torget og selde fisk til han var 77 år. Dei budde her hjå nr 2 dei siste leveåra. Georg Stormark (gnr 172 bnr 30-1fa) leigde her nokre år frå 1948.
Born: a. Olga Bergitte Børhaug f. 1902 d. 1994 g. 1925 m. Hjalmar Endresen Wiken f. 1898 (gnr 168 bnr 28-15a) d. 1992, bygde på Børhaugen (gnr 168 bnr 312). b. Alfred Bertin Børhaug f. 1904 d. 1988 g. 1931 m. Anna Knutsd Kulshamar f. 1906 Vaksdal d. 1975, sjå Børhaugen gnr 168 bnr 60-1. c. Elvina Marie Rasmusd f. 1905 d. 1921 (tub.). d. Ragna Lovise Rasmusd f. 1907 d. 1929 (tub.). e. Richard Børhaug f. 1910 d. 1979 g. 1933 m. Gudny Rognsvåg f. 1912 (gnr 167 bnr 4-1a) d. 2010, sjå Kopper gnr 168 bnr 61-3 og Børhaugen gnr 168 bnr 60-3. f. Elida Konstanse Børhaug f. 1912 d. 2003 g. 1936 m. Adolf Johansen f. 1908 Husa (gnr 168 bnr 90-1a) d. 1998, bygde på Børhaugen (gnr 168 bnr 74-1). g. Amanda Rasmusd f. 1914 d. 1934 (tub.). h. Karstein Børhaug f. 1917 d. 1979, bussjåfør, g.1.g. 1942 m. Margaret Dunne McCabe f. 1919 Dundee, Skottland d. 1997, es. oppløyst, g.2.g. m. Ruth Margit Haga f. 1929 Samnanger d. 1995, busette i Bergen. i. Johannes Børhaug f. 1920 d. 2003 g. 1948 m. Margot Kulshamar f. 1924 Vaksdal (sjå Vaksdalb. III s 325, ho var brordotter til Anna g.m. b.), flytta til Los Angeles, USA i 1954.
70-årsdag i 1946. Bak frå venstre (B=Børhaug, W=Wiken): Harry W, Margot B, Johannes B, Karstein B, Gudny B, Richard B, Ragna W. 2. rekkje frå venstre: Anna B, Olga W, Rita B (litt bak), Lillian B m/Jon, Konstanse Strand m/Eilif. 3 rekkje frå venstre: Amund Strand, Knut B, Rasmus og Lovise B, Alfred B m/Ingunn, Hjalmar W m/Robert. Heilt framme frå venstre: Eivind W, Magnus B, Einar B, Roald B, Leif B, Johan Strand.
2. Ragna Wiken f. 1930 (gnr 168 bnr 312-1b) d. 2012, butikkmedarb., g. 1954 m. Harald Jonvald Horne f. 1928 Svortevik, Flora i Sunnfjord d. 2006 (jf Naustdalb. I s 47), stuert, fiskar, m.a. medeigar M/S «Feiebas» og M/S «Feie», og entreprenør. Ragna er dotterdotter til nr 1. Skøyte her 1964. Skøyte 1977 på tilleggsareal bnr 286 og bnr 287 (med naust) frådelt gnr 168 bnr 23. Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 30.
Born: a. Else Berit Horne f. 1954, neste medeigar (3). b. Paul Magnus Horne f. 1957 g. 1984 m. Else Johnsen f. 1962 Stord, sjå Husøyna gnr 170 bnr 41-2. Han eig ¼, frå 2022 ⅓. c. Tore Horne f. 1964, neste medeigar (4). d. Anne Horne f. 1966, neste medeigar (5).
Dei fire borna fekk skøyte i 2013, huset vert brukt som fritidsbustad.
3. Else Horne f. 1954 (jf 2a), førskulelærar/spesialpedagog, logoped, g. 1977 m. Øyvind Asbjørn Åsebø f. 1955 Fosse i Alversund, Lindås, lege, bustad Frekhaug, Meland i Alver kommune (sjå Melandb. II s 509 og Alversundb. II s 445). Ho eig ¼, frå 2022 ⅓.
Born: a. Asbjørn Horne Åsebø f. 1983 g. 2013 m. Marit Mo f. 1985 Granvin, bustad Bergen. b. Ragnhild Horne Åsebø f. 1987, bustad Bergen.
4. Tore Horne f. 1964 (jf 2c), IT-konsulent, g. 1987 m. Bente Thomassen f. 1964 Kopper (gnr 168 bnr 189-1b), førskulelærar/spesialpedagog, bustad Knarvik, Lindås i Alver kommune. Han eigde ¼, selde sin part til søskena i 2022.
Born: a. Lena Horne f. 1990, prosessoperatør, samb.m. Arnstein Kaasa Bråten f. 1989 Norheimsund i Kvam, maskiningeniør, bustad Bergen, flytta 2021 til Hjelmås i Lindås, Alver kommune. b. Simen Horne f. 1993, byggingeniør, g. 2019 m. Veronica Wiken Moberg f. 1995 Meland (jf Melandb. III s 220), maskiningeniør, budde først der, seinare på Hilland, Alverstraumen i Lindås, Alver kommune. c. Ruben Horne f. 2000, bustad Knarvik.
5. Anne Horne f. 1966 (jf 2d), siviløkonom, bustad Bergen, var samb.m. Gjermund Havstad f. 1965 (sjå Svena gnr 168 bnr 422-2). Ho eig ¼, frå 2022 ⅓.
Barn: a. Lars Harald August Horne Havstad f. 2011.
Børhaug (Fedje gnr 168 bnr 33) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Børhaugen (Fedje) • Neste bolk: Sjøtun (Fedje gnr 168 bnr 60) |