Tune (Fedje gnr 168 bnr 137)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tune
S264.168.137.CD 12 051.jpg
Flyfoto frå slutten av 1950-talet. Framme frå venstre: Nord-Tangen, Børhaugen bnr 101, bnr 33, bnr 312, bnr 137, bnr 74 (framme), bnr 60. Så kjem frå venstre: Grenda, Stuberg, Vika, Sjøvoll, Brotet. Bak der igjen kyrkja, Uthaugen, Eide, Muren og Steinborg. Heilt bak frå venstre: Husa, Sulo og Bjelland.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Alt. namn: Knutebu
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 137
Adresse: Sjånesvegen 13

Tune er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Bertel Engelsen Børhaug f. 1853 Muren (gnr 168 bnr 18-14b) d. 1938 g. 1876 m. Olina Rasmusd f. 1853 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15b) d. 1944. Dei var dei første som bygde på Børhaugen, omkring 1880. Stova vart flytta hit frå Masfjorden, og stod først oppe på haugen der som gnr 168 bnr 33 er no. Tomta er frådelt gnr 168 bnr 23, tinglyst i 1955.

Bertel var fiskar og fiskehandler, medeiger M/K «Fisken» som førte fisk til Bergen. Olina dreiv med spinning og veving ved sida av husstellet.

Born: a. Rasmus Elias Bertelsen Børhaug f. 1876 d. 1971 g. 1902 m. Lovise Andreasd Hjønnevåg f. 1876 Solund d. 1963, sjå Børhaugen gnr 168 bnr 33-1. b. Ingeborg Bertelsd Børhaug f. 1878 d. 1931, ugift, m.a. fabrikkarb. i Bergen. c. Elvina Marie Bertelsd Børhaug f. 1879 d. 1970, ugift, budde i Bergen, strykerske. d. Bertina Olina Bertelsd f. 1882 d. 1952 g. 1911 m. Olai Bårdsen f. 1884 Sulo (gnr 169 bnr 44-1a) d. 1944, budde der (2). e. Karl Bertin Bertelsen f. 1884 d. 1936, utvandra 1904 til Minnesota, USA, bustad Seattle, ugift, dreiv laksefiske i Alaska. f. Emanuel Bertelsen f. 1887 d. 1896. g. Ingemår Bertelsen Børhaug f. 1889 d. 1977, tollbetjent, g. 1916 m. Anna Malene Stokke f. 1891 Arna, Bergen d. 1978, budde i Bergen (sjå Åsaneb. II s 223). h. dødfødd son f. 1891. i. Josefina Bertelsd Børhaug f. 1893 d. 1919 (tub.), tente i Oslo, g.m. Johan August Gustafsson Hjort f. 1892 Sundsvall, Sverige d. 1957, dei fekk sonen ia. Bengt Omar Hjort f. 1918 Alby i Ånge, Sverige d. 2019 (nesten 101 år gl.), han vaks opp her hjå morforeldra, budde seinare hjå tanta Elvina i Bergen, g. 1945 m. Klara Konstanse Kausland f. 1917 Kleppe i Sund d. 2015 (jf Sundb. II s 69 og 109), busette først der, deretter i Bergen og så på Ravnanger i Askøy, Omar var skipstømmermann. August budde i Njurunda, Västernorrland i Sverige og vart oppattgift med svensk dame Anna Kristina f. 1897 d. 1990. j. Marselius Bertelsen Børhaug f. 1896 d. 1957, bakarlærling i Bergen i 1912, seinare bakar på Sørlandet og i Oslo, der han døydde.

2. Ragna Martinusd f. 1894 Moldøyna (husmenn 3g) d. 1986 g. 1921 m. Bernhard Kristiansen f. 1884 Mellingen, Radøy (jf Radøyb. V s 310, son av Kristian Johannessen f. 1838 og Barbra Olsd f. 1843). Han reiste til USA i 1923, reisemål Winnipeg i Montana. Ragna budde ei tid med borna hjå faren på Skarvøyna (gnr 168 bnr 39-1), og elles m.a. på Eide, sjå Berge husmenn 3. Ho livnærte seg med vaskearbeid. Ho fekk kjøpt dette huset etter krigen, skøyte 1955 på tomt frådelt gnr 168 bnr 23 same året.

Born: a. Ragnvald Bernhard Kristiansen f. 1920 d. 2012 g. 1952 m. Aslaug Koppen f. 1926 (gnr 168 bnr 37-2b) d. 1995, busette Bergen. b. Kristian Birger Kristiansen f. 1922 d. 1945.

Bilde frå 2016. Framme til venstre ligg Nord-Tangen, deretter Børhaugen med Grenda, Suberg, Vika og Brotet bakom. Bakom der er kyrkja, Muren, fryseriet, Bjelland, Holmen, Kremmarholmen og Mulen. Trafikkstasjonen stikk opp i bakgrunnen. Framme til høgre er vegfyllinga over til Moldøyna.
Foto: Arne Wiken

3. Knut Anker Børhaug f. 1938 (gnr 168 bnr 60-1b) d. 2001, vaktmeister, g. 1961 m. Eldbjørg Ekeberg f. 1941 Fusa (jf Fusab. II s 486), bustad Hylkje i Åsane, Bergen til 1970, dreiv daglegvarebutikk der, bustad Knarvik, Lindås til 1987. Ekteskapet oppløyst, dei flytta til Bergen. Knut fekk skøyte her i 1986, og flytta sidan hit. Han er oldebarn til nr 1. Huset vart renovert i 1997.

Born: a. Kjetil Børhaug f. 1963, sjå 4 nedanfor. b. Espen Børhaug f. 1966, sjå 5 nedanfor. c. Agathe Børhaug f. 1968, sjå 6 nedanfor. Dei tre søskena overtok huset i 2001 og fekk tinglyst skøyte i 2011. Huset vert brukt som fritidsbustad.

4. Kjetil Børhaug f. 1963 (jf 3a), professor i samfunnsfagsdidaktikk, g. 1992 m. Frédérique Brossard f. 1967 Vaux-sur-Mer i Frankrike, bustad Bergen. Ekteskapet oppløyst.

Barn: a. Emilia Børhaug f. 1994, lege, bustad Bodø.

5. Espen Børhaug f. 1966 (jf 3b), næringspolitisk rådgjevar, g. 2003 m. Ane Elisabeth Berg-Olsen f. 1978 Bergen, journalist, busette der.

Born: a. Knut Børhaug f. 2005. b. Inger Børhaug f. 2007.

6. Agathe Børhaug f. 1968 (jf 3c), salssjef, samb. 2018 m. Kjell Morten Norstrand f. 1962 Bergen, dagleg leiar, bustad Åsane i Bergen.

Hennar dotter med Hans Jørgen Halvorsen f. 1951, busett i Bergen: a. Karoline Halvorsen Børhaug f. 2001, bustad Åsane.


Fedje komm.svg Tune (Fedje gnr 168 bnr 137) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Turidtun (Fedje gnr 168 bnr 101) • Neste bolk: Strand (Fedje gnr 168 bnr 155)