Strand (Fedje gnr 168 bnr 155)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strand
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 55
Adresse: Sjånesvegen 20

Strand er ein fritidseigedom i Fedje kommune.

1. Adolf Strand f. 1908 d. 1998, sjå Børhaugen gnr 168 bnr 74-1, fekk frådelt tomt frå gnr 168 bnr 33 i 1957, då familien flytta til Drammen. Dei sette opp hytte her i 1979. I 1995 fekk sønene Amund, Eilif, Aksel og Ove Strand skøyte på eigedomen. Amund og Aksel er eigarar frå 2020, sjå nedanfor.

2. Amund Strand f. 1940 (sjå ovanfor), flymekanikar, g. 1964 m. Edel Johannessen f. 1939 Salhus, Åsane i Bergen d. 2016 (jf Åsaneb. IV s 129), sjukepleiar, bustad Åsane.

Born: a. Viktor Sture Strand f. 1965, sjølvstendig næringsdrivande reklame, g. 1993 m. Elisabeth Oline Dahle f. 1968 Bergen, sjukepleiar, bustad Åsane. b. Håkon Strand f. 1967, byggmeister, g.m. Siv Veronica Samnøy f. 1974 Os, legesekretær, bustad Åsane. c. Helene Strand f. 1969, helsearbeidar, g. 2004 m. Leif Jekteberg f. 1960 Sola, bilmekanikar, bustad KleppJæren.

3. Aksel Strand f. 1950 (sjå ovanfor), kommunekasserar, bustad Øvre Eiker, Buskerud, seinare Oslo, samb. 2006 m. Olaug Rønningsdalen f. 1957 Jondal, budde der og i Kongsberg, terapeut.

Hans born frå es. m. Hilde Karin Johansen f. 1950 Hokksund, Øvre Eiker, flytta til Oslo. a. Anne Synøve Strand f. 1975, lærar, samb. 2009 m. Rolf Solbakken f. 1968 Solbergelva, Nedre Eiker, logistikksjef, bustad Hokksund. b. Inger Marie (Maia) Strand f. 1980, kommunikasjonsrådgjevar, g. 2010 m. Anders Nielsen f. 1977 Moss, lektor, bustad Oslo.


Fedje komm.svg Strand (Fedje gnr 168 bnr 155) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tune (Fedje gnr 168 bnr 137) • Neste bolk: Åsheim (Fedje gnr 168 bnr 312)