Lykkestrand (Fedje gnr 168 bnr 74)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lykkestrand
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 74
Adresse: Sjånesvegen 18

Lykkestrand er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Konstanse Børhaug f. 1912 (gnr 168 bnr 33-1f) d. 2003 g. 1936 m. Adolf Strand f. 1908 Husa (gnr 168 bnr 90-1a) d. 1998. Skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 33 i 1938. Dei sette opp hus her same året. Familien flytta til Konnerud, Drammen i 1957. På Fedje var Adolf fiskar, eigde m.a. i M/S «Feiegutt». Fabrikkarb. i Drammen. Sjå òg Børhaugen gnr 168 bnr 155.

Born: a. Johan Erling Strand f. 1936 d. 1994, bustad Ål i Hallingdal. b. Amund Strand f. 1940, bustad Åsane i Bergen. c. Eilif Strand f. 1942 d. 2002, bustad Drammen. d. Rolf Ludvig Strand f. 1947 d. 1952. e. Aksel Strand f. 1950, bustad Øvre Eiker, Buskerud, seinare Oslo. f. Raymond Strand f. 1954 d. 1970. g. Ove Strand f. 1958, bustad Drammen.

2. Augun Antonsen f. 1923 Stormark (gnr 172 bnr 31-1a) d. 2012 g. 1947 m. Birgit Værøy f. 1926 Værlandet i Askvoll, Sunnfjord d. 2020 (sjå Askvollb. IIB s 713), arb. Bjelland. Skøyte her i 1957. Same året skøyte på tilleggsareal bnr 156 frådelt gnr 168 bnr 33, 1969 på bnr 212 frådelt gnr 168 bnr 155, og 1970 på bnr 220 frådelt gnr 168 bnr 60. Augun var m.a. fyrmeister på Hellisøy fyr frå 1966 til 1991, sjå meir der (gnr 173 bnr 1-23). I tillegg var han med i sjøheimevernet.

Born: a. Jorunn Margrethe Antonsen f. 1948, arb. Posten, g. 1969 m. Svein Arne Dale f. 1947 Meland, ingeniør, busette der (jf Melandb. III s 536). b. Agnar Georg Antonsen f. 1950, maskinist, g. 1972 m. Dagny Vassenden f. 1950 Dalekvam (sjå Vaksdalb. II s 385), menighetssekretær, bustad Bergen. c. Kjell Arne Antonsen f. 1953, neste medeigar (3). d. Geir Jan Antonsen f. 1957, formann attføringsbedrift, g. 1980 m. Aud Åshild Tingvatn f. 1957 Hægebostad i Vest-Agder, sjukepleiar, busette der. e. Arild Berger Antonsen f. 1959, neste medeigar (4). f. Unni Hild Antonsen f. 1964 d. 2007, kontormedarbeidar, g. 1986 m. Arnt Erik Rognsvåg f. 1962 (gnr 167 bnr 9-1b), bustad Rong i Øygarden. – Kjell og Bjørg (2c), og Arild og Vigdis (2e) fekk i 2021 skøyte på eigedommen, som vert brukt til fritidsføremål.

3. Kjell Antonsen f. 1953 Askvoll (jf 2c), ingeniør, g. 1973 m. Bjørg Andersen f. 1952 Askøy, busette der i Florvåg. Dei eig ½.

Born: a. Tormod Antonsen f. 1975, sjåfør, samb. 2011 m. Anita Rødskar f. 1969 Leikong i Gurskøy på Sunnmøre, bustad Nesttun i Bergen. b. Eirin Antonsen f. 1976, sjukepleiar, g. 2002 m. Asbjørn Ståle Røsvik f. 1974 Valderøya i Giske på Sunnmøre, fysioterapeut, busette der på Vigra. c. Linda Antonsen f. 1980, lærar, g. 2003 m. Øystein Sødal f. 1976 Grimstad, autorisert rekneskapsførar, bustad Birkeland i Birkenes. d. Hege Antonsen f. 1981, HMSK-ansvarleg, bustad Erdal i Askøy.

4. Arild Antonsen f. 1959 på dette bruket (2e), platearbeidar/vaktmeister, g. 1989 m. Vigdis Molvik f. 1963 Lindås (jf Hosangerb. I.2 s 391), drifts- og administrasjonsleiar, bustad Bønes i Bergen. Dei eig ½.

Born: a. Veronica Antonsen f. 1990, lærar, g. 2013 m. Marius Frantzen f. 1988 Bergen, ungdomsleiar/tømrar, busette der. b. Jan-David Antonsen f. 1993, sivilingeniør, g. 2017 m. Hannah Solberg f. 1997 Lonevåg på Osterøy, lærar, busette der (jf Hausb./2019 s 121). c. Ruben Antonsen f. 1996, automatikkar, bustad Trondheim. d. Beate Antonsen f. 1998, sosionom, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Lykkestrand (Fedje gnr 168 bnr 74) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sjøtun (Fedje gnr 168 bnr 60) • Neste bolk: Turidtun (Fedje gnr 168 bnr 101)