Varås (Fedje gnr 167 bnr 9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Varås
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Adresse: Rognsvågen 54

Varås er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Anders Rognsvåg f. 1930 (gnr 167 bnr 1-6a) d. 2010 g. 1961 m. Ellinor Storemark f. 1936 (gnr 172 bnr 96-1b), butikkmedarb. Skøyte 1961 på tomt frådelt bnr 1 same året. Huset vart bygd i 1963. Anders var fiskar og medeigar M/S «Feie», losbåtførar frå 1975. Ellinor flytta til Kopper gnr 168 bnr 335-11 i 2022.

Born: a. Jan Petter Stormark f. 1956 (Ellinors son), kokk, lagerarbeidar, g. 1979 m. Åse Pisani f. 1955 Bergen (jf Sulo gnr 169 bnr 72-2b), bustad Telavågen i Sund (jf Sundb. IV s 586), seinare Arefjord i Fjell, Øygarden kommune. b. Arnt Erik Rognsvåg f. 1962, regionsjef datafirma, g.1.g. 1986 m. Unni Hild Antonsen f. 1964 Børhaugen (gnr 168 bnr 74-2f) d. 2007, bustad Rong i Øygarden. Han flytta til Kristiansand, g.2.g. 2012 m. Turid Narvestad f. 1962 Moi i Lund, Rogaland. c. Åge Rognsvåg f. 1965, bustad Bergen. Sjå òg Træsneset gnr 171 bnr 2-1. d. Anne Kristin Rognsvåg f. 1969, sosionom, bustad Manger, Radøy, seinare Tønsberg og så Laksevåg i Bergen, g.m. James (Jim) Stanley Gordon f. 1952.


Fedje komm.svg Varås (Fedje gnr 167 bnr 9) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Varhaug (Fedje gnr 167 bnr 8) • Neste bolk: Fjordglytt (Fedje gnr 167 bnr 13)