Varhaug (Fedje gnr 167 bnr 8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Varhaug
S40.167.8.Rognsvågen-Varen.jpg
Rognsvågen (Varden) i 2022 med framme frå venstre bnr 7, bnr 8 og bnr 9, og bak frå venstre bnr 4, bnr 18 (gøymd) med verkstaden, bnr 2 (bakom) og til høgre bnr 20. Kisteneset stikk ut til venstre. I høgre bildekant ligg Holmengrå fyr.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 167
Bnr: 8
Adresse: Rognsvågen 50

Varhaug er ein bustadeigedom, no nytta som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Aksel Rognsvåg Husa f. 1933 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-6b) d. 1996, fiskar og mekanisk arb., g. 1958 m. Liv Thorsen f. 1937 Bergen (sjå Langedalen gnr 169 bnr 81-1a) d. 2011, kontormedarbeidar og heimehjelp. Skøyte 1961 på tomt frådelt gnr 167 bnr 1 same året. Huset vart bygd i 1964.

Born: a. Arild Ivar Husa f. 1959, telemontør, g. 1984 m. Rose Helen Sævik f. 1962 Herøy på Sunnmøre, flyplassarb. (far Trygve Sævik, sjå Smineset gnr 169 bnr 19-2ab), bustad Florø, Kinn. b. Morten Inge Husa f. 1961, elektrikar, g. 1987 m. Tove Lunewski f. 1960 Asker, hjelpepleiar, busette der. c. Lise Merethe Husa f. 1967, cateringarb., g. 1998 m. Geir Øyvind Lislelid f. 1967 Nedre Eiker, Buskerud, tømrar, bustad Oslo, seinare Solbergelva i Nedre Eiker, no i Drammen kommune.

2. Dan Storheim f. 1973 Manger på Radøy (jf Radøyb. III s 286, og Austrheimb. III s 141) g. 2008 m. Wibeche Andreassen f. 1973 Knarvik i Lindås, busette der i Isdalstø, Alver kommune. Skøyte 2013 på bnr 8, som vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Malin Andreassen Storheim f. 2000. b. Rebecca Andreassen Storheim f. 2001. c. Linnea Andreassen Storheim f. 2005.


Fedje komm.svg Varhaug (Fedje gnr 167 bnr 8) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solheim (Fedje gnr. 167/7) • Neste bolk: Varås (Fedje gnr. 167/9)