Grønbakken (Fedje gnr 169 bnr 81)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grønbakken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 81
Adresse: Vidnappsvegen 70

Grønbakken er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Anna Langedal f. 1915 (gnr 169 bnr 31-lb) d. 2005 var g.1.g. 1937 m. Arnold Øivind Thorsen f. 1912 Bergen d. 1987 Buenos Aires, Argentina, dei budde i Bergen.

Born: a. Liv Irene Thorsen f. 1937 d. 2011 g. 1958 m. Aksel Rognsvåg Husa f. 1933 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-6b) d. 1996, bygde der (gnr 167 bnr 8). b. Elmer Peter Thorsen f. 1947 d. 2014 var g. 1968 m. Mary Håkedal f. Birkeland i Kristiansand, budde der, hans seinare bustad Arna i Bergen.

Anna g.2.g. 1954 m. Ingolf Steinsland f. 1916 Sund d. 1993, budde der (jf Sundb. III s 199). Ekteskapet oppløyst. Ho fekk skøyte 1963 på tomt frådelt gnr 169 bnr 31 i 1957, og sette opp hus og flytta hit i 1974.

2. Tor Ulsmog f. 1961 Fana i Bergen g. 1982 m. Mona Mjøs f. 1961 Haugland på Radøy, bustad Bøvågen på Radøy, Alver kommune (jf Radøyb. I s 650). Skøyte i 2014. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. May-Cecilie Ulsmog f. 1982, bustad Bøvågen. b. Carl-Espen Ulsmog f. 1987, bustad Bøvågen.


Fedje komm.svg Grønbakken (Fedje gnr 169 bnr 81) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vestborg (Fedje gnr 169 bnr 78) • Neste bolk: Sæltun (Fedje gnr 169 bnr 113)