Sæltun (Fedje gnr 169 bnr 113)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sæltun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 113
Adresse: Vidnappsvegen 76

Sæltun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Fisk til tørk i Vidnappen. Huset i Langedalen bnr 31 i bakgrunnen.

1. May Bente Jakobsen f. 1956 Langedalen (gnr 169 bnr 31-2c), fiskeindustriarb., g.m. Arvid Ernst Sæle f. 1955 Øygarden, skipsreparatør, anleggsarb. Skøyte 1980 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 og gnr 169 bnr 66 (felles utmark) same året. Tomta ligg i Vidnappen, men er ført opp her under Langedalen, då den geografisk tilhører same området. Huset vart bygd i 1981. Familien selde huset i 1991 og flytta til Toft i Øygarden. Ekteskapet oppløyst.

Born: a. Hermund Sæle f. 1974 g. 2009 m. Siv Iren Olsen f. 1975 Øygarden, busette der på Toft i. b. Ann Lisbeth Sæle f. 1975 g. 2005 m. John-Endre Eide f. 1972 Vaksdal, bustad Rong i Øygarden. c. Heidi Mette Sæle f. 1976 g. 2006 m. Hermund Heimark f. 1976 Øygarden, busette der på Tjeldstø.

2. Svein Harald Stormark f. 1947 (gnr 172 bnr 22-2d) d. 2024, fiskar, matros, g. 1990 m. Ingun Ølberg f. 1955 Sola, kontormedarb. Dei fekk skøyte her i 1991.

Born: a. Unni Ølberg Stormark f. 1990, butikkmedarbeidar, bustad Bergen. b. Rune Ølberg Stormark f. 1994, skipselektrikar, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Sæltun (Fedje gnr 169 bnr 113) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Grønbakken (Fedje gnr 169 bnr 81) • Neste bolk: Vidnappsvegen 44 (Fedje gnr 169 bnr 125)