Vestborg (Fedje gnr 169 bnr 78)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestborg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 78
Adresse: Vidnappsvegen 50

Vestborg er eit småbruk, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune

1. Herman Langedal f. 1919 (gnr 169 bnr 22-la) d. 2005 g. 1952 m. Oliva Sylvesta Sævik f. 1930 HerøySunnmøre d. 2011 (sjå Herøyb. I s 311), hjelpepleiar. Skøyte 1955 på tomt frådelt gnr 169 bnr 22 same året. Huset vart bygd i 1957. Herman var i handelsflåten under krigen, seinare sjømann og fiskar, 7 år som losbåtførar til slutt. Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 27.

Born: a. Linda Vigdis Langedal f. 1953, barnehageassistent, g. 1977 m. Hans Hordvik f. 1947 Åsane i Bergen, datasjef, busette der. b. Mads Gunnar Langedal f. 1955 d. 1982, ugift, maskinist. c. Helge Otto Langedal i. 1958 samb.m. Elisabeth Matre f. 1954 Bergen, bustad Langedalen gnr 169 bnr 125. d. Gjermund Klaus Langedal f. 1967, neste eigar (2).

2. Gjermund Langedal f. 1967 på dette bruket (1d), fiskeriforskar/seniorrådgjevar, g. 2007 m. Elin Strand f. 1974 Odda, lektor, bustad Bergen. Han fekk skøyte i 2015, etter å ha vore eigar saman med søskena Linda og Helge frå 2011. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Tiril Skjold Strand f. 1999, bustad Bergen (frå 1. es. m. Asle Skjold f. 1974 Bergen, busett der). b. Mads Strand Langedal f. 2008.


Fedje komm.svg Vestborg (Fedje gnr 169 bnr 78) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Midtre Langedal (Fedje gnr 169 bnr 31) • Neste bolk: Grønbakken (Fedje gnr 169 bnr 81)