Fjordglytt (Fedje gnr 167 bnr 13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjordglytt
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 167
Bnr: 13

Fjordglytt er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Åsmund Rognsvåg f. 1937 (gnr 167 bnr 4-lba), sjukepleiar/sjukeheimstyrar, lærar, g. 1959 m. Åshild Hellesland f. 1935 Stord, sjukepleiar. Dei budde først i Ski og så i Asker frå 1961, flytta til Odda i 1964, og til Stord i 2012. Tomta vart frådelt gnr 167 bnr 2 i 1978, skøyte same året. Dette er ein parsell utan hus. Gnr 167 bnr 16 vart seinare frådelt gnr 167 bnr 2 (bnr 16 gjekk i 2009 inn i gnr 167 bnr 15).

Born: a. Elisabeth Rognsvåg f. 1960, bygde på frådelt tomt (gnr 167 bnr 23). b. Terje Rognsvåg f. 1961, dagleg leiar, g. 1980 m. Anne Lise Eide f. 1962 Indre Djønno i Ullensvang, helsefagarbeidar, bustad Segelgjerd i Ullensvang (jf Ullensvangb. I/2014 s 453). Ekteskapet oppløyst. c. Kjetil Rognsvåg f. 1966, ingeniør, g. 1991 m. Anna Elisabet Martiner f. 1965 Falköping i Sverige, barnehagelærar, bustad Bærum. d. Birte Rognsvåg f. 1967 g. 1990 m. Terje Dregelid f. 1968 Voss, begge sjukepleiarar, bustad Stord.


Fedje komm.svg Fjordglytt (Fedje gnr 167 bnr 13) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Varås (Fedje gnr 167 bnr 9) • Neste bolk: Rognsvågen 76 (Fedje gnr 167 bnr 14)