Rognsvågen (Fedje gnr 167 bnr 2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rognsvågen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 167
Bnr: 2
Adresse: Rognsvågen 70

Rognsvågen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

1. Nils Monsen f. 1765 Instebø, Sletta på Radøy d. 1818 (sjå Radøyb. V s 272) g. 1797 m. Anna Johannesd f. 1768 Bergsvika, Austrheim d. 1834 (dotter av Johannes Rasmussen f. 1740 og Gjertrud Olsd, jf Austrheimb. III s 237). Ingen born. Dei var plassfolk her utan at festesetel var tinglyst. Dei er første gongen nemnde her i 1811 då Nils var verje ved eit skifte. Plassen vart då kalla «Lille Koppen». I folketeljinga 1801 budde dei på Årås i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 370).

2. Enkja Anna Johannesd (1) g.2.g. 1820 m. Jakob Mikkelsen f. 1786 Muren (gnr 168 bnr 18-11a) d. 1862. Dei vart kårfolk då nr 3 tok over.

3. Gidske Olsd f. 1808 Kopper (gnr 168 bnr 2-9c) d. 1894 g. 1833 m. Mikkel Larsen f. 1804 Litlelindås, Austrheim d. 1881 (son av Lars Larsen f. 1777 d. 1814 og Brita Larsd f. 1780 d. 1810, sjå Austrheimb. II s 501, feil fødselsår på Mikkel). Brukarar her frå giftarmålet. Tinglyst bygselbrev 1837 frå Kristoffer Kahrs «paa en jordepart kaldet Rognsvaag som forhen har været brugt af Jacob Mikkelsen». Vilkåra var dei same som for det andre bruket i Rognsvågen, sjå gnr 167 bnr 1-2. Matrikkelen i 1838 syner at skylda vart sett til 0 ort 20 sk, det same som for gnr 167 bnr 1. Næringa var fiske og jordbruk. I 1845 hadde dei 2 storfe og 5 sauer, og sådde ½ tn både med havre og potet. I 1855 var dyretalet 4 storfe og 9 sauer, og utsådet 1 tn av begge slag.

Born: a. Lars Mikkelsen f. 1834 d. 1923, neste brukar (4). b. Kari Mikkelsd f. 1836 d. 1 veke gl. c. Ola Mikkelsen f. 1837 d. 1 dag gl. d. Ola Mikkelsen f. 1838 d. 1914 g. 1862 m. Erika Olsd f. 1836 Husa (gnr 168 bnr 5-12a) d. 1900, brukarar der (14). e. Bertel Mikkelsen f. 1841 d. 1915 g. 1875 m. Anne Marta Persd f. 1850 Åkenes i Gratangen, Troms, busette der på Hesjeberg, jf Astafjordb. III s 484.

4. Lars Mikkelsen f. 1834 på dette bruket (3a) d. 1923 g. 1859 m. Dortea Jensd f. 1819 Sulo (7d) d. 1888. Bygselbrev 1860 frå Kristoffer og Arnold Kahrs med kår til nr 3. Næringa var fiske og jordbruk. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 vart garden vurdert likt med gnr 167 bnr 1, sjå nr 2 der. I 1865 hadde dei 4 storfe og 7 sauer, og sådde 1½ tn havre og 2 tn potet. I 1875 var dyretalet 3 kyr og 9 sauer, og utsådet l⅓ tn havre og 2 tn potet. Dei hadde i 1865 tenaren Mons Monsen (Børo husmenn 3h), og i 1875 Karl Rasmussen (Moldøyna gnr 170 bnr 5-15 d). Lars var med i den første overlikningskommisjonen i Lindås herad vald i 1864. Han var med i formannskapet frå 1884 til 1891.

Born: a. dødfødd son f. 1860. b. Martina Larsd f. 1861 d. 1887 g. 1886 m. Ivar Martinussen f. 1864 Sulo (10a) d. 1930, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 12-6). c. Jens Larsen Rognsvåg f. 1864 d. 1950, neste brukar (5).

«Gamle Jens» i Varden (5) samlar gras. Det var viktig å ta vare på ressursane.
Jens og Berta Rognsvåg (5) framme. Bak frå venstre borna Mikal, Lovna, Endre og Ole.
Berta i Varden (5) bryner ljåen. Kvinnene måtte ta sin del av gardsarbeidet og vel så det - mennene var ofre borte på fiske.

5. Jens Larsen Rognsvåg f. 1864 på dette bruket (4c) d. 1950 g. 1887 m. Berta Endresd f. 1865 Vika (gnr 168 bnr 28-14b) d. 1943. Skøyte 1894 frå Fedje Torvkompagni for 920 kr og kår til Lars (4). Matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 43 øre. Dei bygde nytt hus i 1915 og reiv det gamle. Dei hadde 3 kyr, 1 okse, eit par kalvar, 15-20 sauer, og av og til gris. I 1922 skilde dei ut ei tomt til sjøbu, nytt bnr 5 Varur. Jens var fiskar og hadde saman med sønene båten «Union» (kalla «Vardane»).

Born: a. Dortea Martina Jensd f. 1888 d. 1889, 5 md gl. b. Mikal Jensen Rognsvåg f. 1890 d. 1980, neste brukar (7). c. Dorthea Marie Jensd Rognsvåg f. 1892 d. 1920, sjå nr 6 her. d. Lovna Johanna Jensd Rognsvåg f. 1895 d. 1981 g.l.g. 1917 m. Andreas Larsen f. 1895 Stuberg (gnr 168 bnr 19-19a) d. 1923, sjå der (gnr 168 bnr 52-1). e. Endre Birger Jensen Rognsvåg f. 1898 d. 1988 g. 1921 m. Borghild Ivarsd f. 1898 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-16a) d. 1987, budde der (17). f. Ole Bertin Jensen Rognsvåg f. 1899 d. 1988 g. 1923 m. Margit Hansd f. 1904 Muren (gnr 168 bnr 18-15k) d. 1992, budde i Rognsvågen (gnr 167 bnr 6).

Frå venstre Søren, Bertha, Ruth og Dorthea Berg (6). Bildet er teke ikkje så lenge før Dorthea døydde.
Ruth Berg (6a) i finstasen.
Barneborn til Rognsvågen bnr 2-5, om lag 1934. Bak frå venstre: Helmina, Olav, Petra, Jens M., Ruth. I midten frå venstre: Jens E, Dorthea R., Elen, Dorthea S., Ivar, Bergith. Framme frå venstre: Astrid, Magnus, Erling, Marie, Dagfinn, Bjarne.

6. Dorthea Jensd Rognsvåg f. 1892 på dette bruket (5c) d. 1920 g. 1915 m. Søren Rasmussen Berg f. 1892 Skauo, Myking (sjå Muren husmenn 3a) d. 1955. Dei budde her saman med nr 5. Søren var maskinist på rutebåtane.

Born: a. Ruth Johanna Berg f. 1915 d. 2008 g. 1938 m. Severin Stormark f. 1916 (gnr 172 bnr 22-lc) d. 1998, busette der (2). b. Bertha Jenny Berg f. 1917 d. 1999 g. 1937 m. Ragnvald Konrad Skintveit f. 1912 Meland d. 1987, bygningsmann, busette der (jf Melandb. I s 406).

Etter at mora døydde, vaks dei to døtrene opp her hjå morforeldra, frå skulealderen budde Ruth hjå morbroren Endre.

Enkjemannen Søren g.2.g. 1921 m. Hermanda (Amanda) Karine Bekkenes f. 1903 Askøy d. 1987, budde på Ryland i Meland (sjå Melandb. I s 379).

M/S «Union» H-15-AM, byggeår 1931, 31,5 fot lang, motor 10 HK Union. Eigarane var Jens Rognsvåg (5) og sønene Mikal, Endre og Ole. Frå venstre Jens, Mikal og Endre, Ole i styrhuset. Det var vanleg med fem mann på slike båtar. Det vart drive vintersildfiske, seifiske (vinter og vår) og linefiske (sommar og haust) med desse båtane.
Ungdomsbilde av Mikal Jensen Rognsvåg f. 1890 (5b/7).
Bak Mikal og Martine Rognsvåg (7), bryllaup 29.10. 1913. Framme frå venstre Ole Mikkelsen Moldøy, Berta og Jens Rognsvåg.

7. Mikal Jensen Rognsvåg f. 1890 på dette bruket (5b) d. 1980 g. 1913 m. Martine Martinsd f. 1890 Smineset (gnr 169 bnr 19-lca) d. 1957. Skøyte 1943 til Mikal frå faren Jens for 6000 kr og kår. Mikal var fiskar og medeigar i M/S «Union».

Born: a. Jens Bertin Rognsvåg f. 1914 d. 1995, neste eigar (8). b. Petra Oliva Rognsvåg f. 1916 d. 1982, ugift, hjelpepleiar i Bergen, så heime og stelte for faren. Fekk i 1955 skøyte på halvparten av våningshuset saman med søstera Astrid. c. Olav Magnus Rognsvåg f. 1918 d. 1936, hadde sonen ca. Åsmund Rognsvåg f. 1937 med Ester Rognsvåg f. 1914 (gnr 167 bnr 4-lb) d. 1994, sjå der. d. Dorthea Marie Rognsvåg f. 1920 d. 2003 g. 1942 m. Sigurd Ophaug f. 1920 Kopper (gnr 168 bnr 294-ld) d. 2004, bygde der (gnr 168 bnr 116). e. Astrid Lovna Rognsvåg f. 1927 d. 2009, seinare eigar (9).

8. Jens Rognsvåg f. 1914 på dette bruket (7a) d. 1995 g. 1942 m. Selma Marie Stødle f. 1917 Etne d. 2005 (sjå Etneb. IV s 171). Ingen born. Skøyte i 1955 på jorda med uthus/naust og halve våningshuset. Jens var tilsett i Vestlandske indremisjon. Dei budde dels i Bergen.

9. Astrid Rognsvåg f. 1927 på dette bruket (7e) d. 2009, ugift, sjukepleiar, arb. fleire plassar i Bergen og på Austlandet, før ho vart styrar på den nyopna sjukeheimen på Fedje i 1974, frå 1979 vanleg sjukepleiar der. Ho fekk i 1955 skøyte på halvparten av våningshuset saman med søstera Petra. Hennar del vart skøytt til Astrid i 1982. Astrid fekk skøyte på bnr 2 i 1997.

10. Sue Janne Riise f. 1970 Grenda (gnr 168 bnr 216-1c), marknads- og eventsjef Feddie Ocean Distillery, frå 2023 innehavar av Øya Mi Events, g. 1998 m. Lars Selmar Alsaker f. 1971 Bergen, advokat, busette der. Skøyte i 2010 på bnr 2, som vert brukt som fritidseigedom/sekundærbustad.

           Born, alle bustad Bergen: a. Leander Alsaker f. 2000. b. Maria Sunniva Alsaker f. 2002. c. Tomas Alsaker f. 2005.


Fedje komm.svg Rognsvågen (Fedje gnr 167 bnr 2) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Rognsvågen (Fedje gnr. 167/1) • Neste bolk: Rognsvågen (Fedje gnr. 167/3)