Solvang (Fedje gnr 168 bnr 52)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solvang
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 52
Adresse: Grenda 4

Solvang er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Andreas Larsen Stuberg f. 1895 (gnr 168 bnr 19-19a) d. 1923 (tub.), fiskar, g. 1917 m. Lovna Jensd f. 1895 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-5d) d. 1981. Dei var både tremenningar og firmenningar, felles oldefar Mons Vika (gnr 168 bnr 28-13) og tippoldefar Ola Kopper (gnr 168 bnr 2-9). Dei budde på Stuberg hjå Andreas sin far.

Born: a. Helmina Bergitte Stuberg f. 1918 d. 1981, sjå nr 3 her. b. Dorthea Marie Stuberg f. 1920 d. 1982 g. 1944 m. Karl Berg f. 1919 (gnr 168 bnr 49- lb) d. 1977, budde der (2).

2. Enkja Lovna Jensd (1) g.2.g. 1930 m. Johan Johansen Stuberg f. 1893 (gnr 168 bnr 19-20a) d. 1961, fiskar. Dei fekk skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 19 i 1930, og sette opp hus her. Ingen born.

3. Helmina Stuberg f. 1918 på dette bruket (la) d. 1981 g. 1957 m. Tom Kasper Olsen f. 1925 Bergen d. 1983 fekk skøyte i 1969, først saman med sonen, og i 1978 på heile eigedomen.

Barn: a. Einar Andreas Olsen f. 1957, tok seinare etternamn etter bruksnamnet, neste eigar (4).

4. Einar Andreas Solvang f. 1957 (jf 3a), dataspelforskar, g. 1982 m. Grethe Olseth f. 1957 Laksevåg i Bergen, bustad Bergen. Han fekk heimel her etter faren i 1983, og selde til nr 5 same året. Ekteskapet oppløyst 2001.

Born: a. Hilde Dorthea Solvang f. 1983 d. 2004, bustad Bergen. b. Stefan Aleksander Solvang f. 1992, bustad Bergen. c. Andreas Nikolai Solvang f. 1995, bustad Bergen.

5. Johan Thomassen f. 1933 Kopper (gnr 168 bnr 4-6 a) d. 2021, elektroarb., g. 1960 m. Berit Sonja Nilsen f. 1939 Bergen, busette der, fekk skøyte her i 1983. Huset vert brukt som feriebustad.

Born: a. Beate Thomassen f. 1960 var g.m. Frode Grytten, Odda f. 1960, forfattar, busette Bergen. b. Steinar Thomassen f. 1963, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Solvang (Fedje gnr 168 bnr 52) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sjøvold (Fedje gnr 168 bnr 43) • Neste bolk: Vikarhaug (Fedje gnr 168 bnr 184)