Sjøvold (Fedje gnr 168 bnr 43)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjøvold
S240.168.43.CD 06 055.jpg
Bryllaupsprosesjon 1946 Anny og Håkon Sjøvold (1a). Stuberg i bakgrunnen, huset på Sjøvoll til venstre. Det vart rive då ferjekaien vart bygd i 1970.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 43

Sjøvold er ein tidlegare bustadeigedom i Fedje kommune. Det er no ferjekai på eigedomen.

1. Anna Larsd Stuberg f. 1903 (gnr 168 bnr 19-20c) d. 1997 g. 1922 m. Karl Johan Albert Henriksen f. 1895 Kjerringøy, Bodø d. 1979 (son av Henrik Arntsen Brennsund f. 1836 og Karen Olsd f. 1851). Skøyte 1924 for 100 kr for tomt frådelt Stuberg gnr 168 bnr 19 same året. Huset vart bygd i 1925. Dei tok etternamnet Sjøvold etter bruket. Karl var fiskar og skomakar.

Born: a. Håkon Kristoffer Sjøvold f. 1923 d. 2003 g. 1946 m. Anny Nilsen f. 1923 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-7d) d. 2021, bustad Kopper (gnr 168 bnr 112-2). b. Hilda Lovise Sjøvold f. 1928, butikkeksp., g. 1955 m. Håkon Korsøen f. 1931 Austrheim d. 2000, landbruksmekanikar, bustad Bergen (sjå Austrheimb. III s 588). c. Oliva Konstanse Sjøvold f. 1930 d. 2013, heimehjelp, g. 1955 m. Gunnar Arvid Olsen f. 1930 Bergen d. 2007, sjåfør, busette der. d. Borghild Gunda Sjøvold f. 1937, kontormedarbeidar, g. 1959 m. Alfred Hovland f. 1937 Bergen d. 2009, elektrikar, busette der.

I 1959 selde Anna og Karl huset, og bygde seg nytt hus på Kopper gnr 168 bnr 160.

2. Anna Rognaldsen f. 1900 Bergen d. 1981, ugift, fekk skøyte her i 1959. Ho var hushaldar for Ludvik Husa (gnr 168 bnr 62-2). Anna selde eigedomen då ferjekaien vart bygd i 1970, og flytta til Bergen og døydde der.

3. Statens vegvesen fekk skøyte på dette bruket i 1973. Området omfattar no ferjekai, som vart bygd i 1970, då Fedje fekk bilferja «Fedje». Sambandet var til Rossneset i Radøy og Hoplandsjøen i Austrheim fram til 1990, då det vart bygd nytt ferjeleie på Sævrøyna i Austrheim. Ferjekaien vart vald til tusenårsstaden på Fedje i 2000. Eit bygg med venterom og toalett vart sett opp i 2002. Hordaland fylkeskommune, seinare Vestland fylkeskommune, fekk skøyte i 2011. Frå 2002 var ferja «Fedjefjord», og frå 2020 trafikkerer «Fedjebjørn» ruta.


Fedje komm.svg Sjøvold (Fedje gnr 168 bnr 43) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stuberg (Fedje gnr 168 bnr 19) • Neste bolk: Solvang (Fedje gnr 168 bnr 52)