Stuberg (Fedje gnr 168 bnr 19)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stuberg
S233.168.19.CD 11 057.jpg
Flyfoto 1963. Framme frå venstre Steinborg og Muren. I midten Sjøvoll, der som ferjekaien er i dag. Bak frå venstre Brotet, Vika og Stuberg.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Alt. namn: Nedre Stuberg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 19

Stuberg er eit av dei eldste gardsbruka i Fedje kommune. I dag er det berre jord, uthus og naust att av eigedomen.

Dette bruket vart kalla Nedre Stuberg heilt til det vart teke opp stadnamnsak på Fedje i 1996/1997. Namnet vart då endra til Stuberg, ettersom Øvre Stuberg for lengst var opphørt som eige bruk, sjå innleiinga.

1. Amund Ovesen betalte dronningskatt (sjå under innleiinga på Kopper) i 1518. «Amutt» Stuberg svarte tiendpengeskatt med 2 mark i 1522, det er truleg same mannen.

2. Lars betalte landvareavgift i 1590 og 1610, og skattegrunnlaget var ½ våg fisk. Denne landskylda heldt seg på same nivå også seinare. Samanstilt med seinare kjelder tyder det på at Lars må ha budd på Nedre Stuberg.

3. Arnfinn Nilsen er oppført i skattelistene frå 1603 til 1624.

Barn: a. Ola Arnfinnsen, fekk 3 dalar i bot i 1622 for samleie med festarmøya før giftarmålet, sjå Holmen (4).

4. Jens Jensen er ny brukar frå 1625, og er nemnd siste gongen i 1633

5. Ola Johansen er oppført i skattelistene frå 1634. Dette året har han drengen Håkon. Året etter heiter drengen Johannes. I 1640 fekk Ola 11 rdl i bot for slagsmål. Av koppskatten 1645 går det fram at kona heiter Synneva. Dei hadde dreng dette året og, men namnet hans er ikkje oppgjeve. Synneva må vera død før 1651, det går fram av ei sak i tingboka der Ola er nemnd. Presten nekta han å trulova seg, fordi Rognald i Vika (gnr 168 bnr 28-4) hadde skulda Ola for å ha lege med tenestejenta hans. Saka løyste seg, då Rognald nekta det heile, og hevda at dersom han hadde sagt noko slikt, hadde det skjedd i drukkenskap. Ola er nemnd siste gongen i 1663, men han er truleg død nokre år før, for i 1661 er enkja oppført i ei jordebok.

6. Anders Larsen, 42 år i 1666, f. Husa (gnr 168 bnr 5-4 a), brukar her frå 1664. Han er siste gong nemnd i 1668, men kan ha vore her endå i 20 år, då det manglar kjelder for denne perioden. Ved manntalet 1666 er han ved ein opplagt feil oppført på Øvre Stuberg. Han hadde drengen Mikkel Jakobsen på 15 år. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut, utsåd er ikkje nemnt. Landskylda er ½ våg fisk som før.

7. Ola Monsen f. 1662 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-4a) d. 1740 g.m. Anna d. 1746, 90 år gl. Ola er nemnd her frå 1691 til 1736. Både i 1701 og 1711 er han feilaktig oppført på Øvre Stuberg, sjå der om liknande samanblanding. Ved manntalet 1701 hadde han tenaren Halvor Asbjørnsen Risa (Lindås) 26 år. Skoskatten 1711 syner at Ola hadde kone og tenaren Morten Amundsen. Han fekk tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Nedre Stuberg: Brukar Ola, landskyld ½ våg fisk. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Ola og Anna hadde ingen born etter seg. Då det vart skifta etter Ola i 1740, var det soneborna til halvbroren Ola Olsen Muren (gnr 168 bnr 18-6) som arva, altså dei fire borna til Kristian Olsen Muren (gnr 168 bnr 18-8). I tillegg var Ragnhild Jonsd 4 år arving. Ho må ha vore ein ukjend slektning som ikkje er fødd på Fedje.

8. Jon Jonsen f. 1694 (etter alder ved død) d. 1757 g.l.g. m. Abelona f. 1668 (etter alder ved død) d. 1742. Ingen born. Brukarar her frå om lag 1724, dei første åra saman med nr 7. Jon fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1737, nemninga Sturen vart då brukt. Han vart gift 2.g. m. Brita Gudmundsd f. 1720 Rossnes, Lindås d. 1784, og dei flytta til Brotet gnr 168 bnr 16 omkring 1745, sjå nr 7 der.

9. Jens Jensen f. 1713 Eide (gnr 168 bnr 15-6a) d. 1782 g.m. Marta Larsd f. 1714 Muren (gnr 168 bnr 18-7a). Brukarar her frå 1745, dei hadde tidlegare budd i Vika (gnr 168 bnr 28-7). Jens fekk same året tinglyst bygselbrev frå fru Gjertrud Dankertsen. Marta er siste gong nemnd fadder i 1767, dødsfallet hennar er ikkje ført i kyrkjeboka.

Born: a. Kristian Jensen f. 1739, truleg død som liten. b. Siri Jensd f. 1742 d. 1750. c. Mikkel Jensen f. 1744 d. 1810, budde i Bergen, der han var flyttmann (ferjemann), g. 1794 m. Johanne Berntsd f. 1751. d. Lars Jensen f. 1746 d. 1804 g. 1774 m. enkja Brita Olsd f. 1726 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-2 a) d. 1801, brukarar der (4). e. Kari Jensd f. 1749 d. 1787 g. 1783 i Bergen m. Jakob Persen, daglønnar, budde der. f. Siri Jensd f. 1751 d. 1766. g. Synneva Jensd f. 1755 d. 1800 g.l.g. 1784 m. em. Nils Kristiansen f. 1743 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-7f) d. 1790, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 7-9). h. Ola Jensen f. 1759 d. 1837, seinare brukar (11).

10. Amund Johannessen f. 1729 Hjertås, Austrheim d. 1803 g. 1758 m. enkja Brita Ivarsd f. 1731 Litlås, Austrheim d. 1797 (jf Austrheimb. I s 101 og II s 427). Brukarar her frå 1769, først saman med nr 9, og så med nr 11. Dei var først på Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-11).

Barn: a. Kari Amundsd f. 1759 d. 1801 g. 1799 m. em. Hans Nilsen f. 1767 Børo (gnr 168 bnr 24-13d) d. 1814, brukarar der (16).

11. Ola Jensen f. 1759 på dette bruket (9h) d. 1837 g.l.g. 1783 m. Marta Bårdsd f. 1751 Husa (gnr 168 bnr 9-le) d. 1801. Bygselbrev frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1781. Ola satt med garden i over 50 år, og klarte heile fire ekteskap. I folketeljinga 1801 budde han her som enkjemann med borna Marta og Lars. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på ¼ tn korn med same eller inga avling. Ein kunne fø to storfe. Fiskeria var hovudnæringa. Verdien av bruket vart sett til 75 rdl.

Born: a. Jens Olsen f. 1784 d. 1800. b. Marta Olsd f. 1786 d. 1849, seinare brukar (15). c. Lars Olsen f. 1789 d. 1863 g. 1817 m. Kari Olsd f. 1792 Verås, Lindås d. 1866, budde i Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16).

Skiftet 1802 etter Marta nemner arvingane enkjemannen Ola og dei to borna. Det var lausøyre for 27 rdl i buet, men gjelda til jordeigaren Kristoffer Kahrs var heile 160 rdl, så det stod dårleg til. Det var ikkje sildefiske på denne tida, det tok seg først opp att etter om lag 1807. Dei hadde m.a. tre kyr, to gryter, to skjerdingar, ein navar (bor), to ljåar, ein høvel, ei kiste med lås og jern, to andre kister, ei eikhalvtønne, to små tønner, eit barkespann, eit vasspann, ei tranhalvtønne, fire ambrar og eit par vassbøtter. Av sjøreiskapar var det to småsildegarn, ein linevad med tilhørsle, eit fiskesnøre med jernstein, eit torskegarn og ein færingbåt med segl.

12. Enkjemannen Ola Jensen (11) g.2.g. 1802 m. Anna Olsd f. 1747 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-3a) d. 1804. Ingen born.

13. Enkjemannen Ola Jensen (11, 12) g.3.g. 1804 m. Magdeli Magnesd f. 1776 Søre Njøta, Austrheim d. 1811 (jf Austrheimb. I s 525, dotter av Magne Olsen f. 1746 d. 1790 og Synneva Rasmusd f. 1747 d. 1794). Dei fekk ein dødfødd son i 1807.

14. Enkjemannen Ola Jensen (11, 12, 13) g.4.g. 1811 m. enkja Gunvor Jansd f. 1760 Træland, Lindås d. 1827 (dotter av Jan Jakobsen og Anna Sjursd f. 1727, jf Alenfitb. I s 318 og Lindåsb. III s 111). Ingen born i lag, men Gunvor vart gift 1.g. 1789 m. Mikkel Monsen Litlås, Austrheim f. 1759 d. 1808 (sjå Austrheimb. I s 102). Med han hadde ho borna, alle fødde på Litlås: a. Mons Mikkelsen f. 1789. b. Jan Mikkelsen f. 1792 d. 1809. c. Anna Mikkelsd f. 1794 d. før 1801. d. Synneva Mikkelsd f. 1797 d. 1815. e. Johanna Mikkelsd f. 1801 d. 11 veker gl. f. Johanna Mikkelsd f. 1803, fekk med Jørgen Eriksen f. 1804 Nordanger, Radøy d. 1897 Bergen (jf Radøyb. I s 151) dottera da. Synneva Jørgensd f. 1825 d. 1898 (som enkje) g. 1851 Bergen m. Jakob Torgersen f. 1813 Misje i Fjell (sjå Fjellb. III s 327), styrmann, budde først i Bergen, flytta til Ålesund, der han var jekteskipper/skipsførar. Johanna flytta til Bergen (med dottera) i 1829.

Skiftet etter Gunvor i 1828 syner at arvingane var enkjemannen Ola og dottera Johanna, så borna a. og c. må vera døde. Dette var i buet: Ei bakstehelle, ei gryte, ein skjerding, ei øks, ei kiste, eit skap i stova, ein spinnrokk, ei furutønne, to stampar, seks mjølkekoller, ei vevgogn, to vassbøtter, to ambrar, ein seksåra båt utan segl, ei garnsetning, eit fisketau med anglar, eit færingssegl, eit fiskesnøre med jernstein, to kyr, ¼ tønne såkorn, begge sine gangklede, to trantønner og to sildefjerdingar. Det var gjeld for 24 spd, av dette 20 spd for varer. Lausøyren var seld for 23 spd, slik at det vart underdekning i buet. I tillegg var auksjons- og skiftekostnadene 10 spd.

15. Marta Olsd f. 1786 på dette bruket (11b) d. 1849 g. 1824 m. Lars Mikkelsen f. 1801 Eide (gnr 168 bnr 15-14a) d. 1849. Bygselbrev frå Kristoffer Kahrs 1834. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Nedre Stuberg var 1 ort 3 skilling. I 1835 hadde Marta og Lars 2 storfe og 3 sauer, og sådde ¼ tn av både havre og potet. I 1845 var dyretalet 1 storfe og 3 sauer, og utsådet berre ⅛ tn av kvart slag.

Born: a. Jens Larsen f. 1825 d. nokre timar gl. b. Magdeli Larsd f. 1826 d. 1849. c. Martinus Larsen f. 1829 d. 1830.

Koleraepidemien herja stygt m.a. på Fedje i 1849, men det var sjeldan at det gav så dramatiske utfall som her på garden. Lars døydde den 6. februar, dottera Magdeli den 11., og Marta til slutt den 14. februar, og då var heile familien utsletta. Det var skifte etter Marta i desember same året, og einaste arvingen var broren Lars Olsen Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16), som pga alderdomsveikskap ikkje kunne møta på skiftesamlinga. Det vart vel 12 spd i arv til han. Lausøyren vart seld på auksjon for 41 spd, i tillegg var det 6 spd i reie pengar, så økonomisk var stoda bra.

16. Synneva Larsd f. 1821 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16b) d. 1896 g. 1849 m. em. Gudmund Oddsen f. 1819 Nordøyna, Øygarden d. 1864. Synneva var brordotter til den førre brukarkona Marta, slik at det var same slekta som heldt fram her. Gudmund var først gift m. enkja Anna Marie Mikkelsd Husa (gnr 168 bnr 7-14) f. 1815 d. 1849. Dei flytta til Skotholmen (gnr 170 bnr 1-14). Anna Marie døydde òg av kolera, og så vart det til at Gudmund slo seg til her på Stuberg i sitt neste ekteskap seinare i 1849. Bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs same året. I 1855 hadde Synneva og Gudmund 2 storfe og 5 sauer, og sådde ⅛ tn havre. I 1865 var dyretalet 3 storfe og 2 sauer, og utsådet ⅜ tn havre og ¼ tn potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen ½ oppgjeven til 1,2 kyrlag og utsådet ⅛ tn havre og ¼ tn potet. Avlinga var på ½ tn havre, 1½ tn potet og 70 våger høy. Det var 0,9 mål dyrka åker og eng, og 5 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka.

Born: a. Andrea Gudmundsd f. 1850 d. 1935 g. 1872 m. Karsten Gregoriussen f. 1840 Husa (gnr 168 bnr 6-2a) d. 1927, dei flytta i 1875 til garden Nordre Hjønnevåg i Solund (sjå Solundb. I s 164), flytta att til Fedje i 1918 då sønene kjøpte jord i Vågane, sjå der (gnr 172 bnr 9-1). b. Brita Gudmundsd f. 1852 d. 1924 g. 1880 m. Gudmund Martinussen f. 1854 Eide (gnr 168 bnr 15-17a) d. 1920, brukarar der (18). c. Marta Gudmundsd f. 1855 d. 1858 (kikhoste). d. Lars Gudmundsen f. 1857 d. 1946 g. 1882 m. enkja Berta Akselsd Nautøy f. 1841 Skarnagel, Solund d. 1920, budde først i Nordre Hjønnevåg og seinare på Husøya i Solund, sjå Solundb. I s 166. e. Inger Gudmundsd f. 1862 d. 9 veker gl. f. Gudmund Gudmundsen f. 1863 d. 1950 g. 1891 m. enkja Helene Karlsd f. 1866 Træsneset (gnr 171 bnr 1-le) d. 1961, bygde på Kopper (gnr 168 bnr 37-1).

Gudmund drukna på Fedjefjorden saman med svogeren Martinus Larsen Eide (gnr 168 bnr 15-17). Dei skulle innom fjorden for å handla og kom vekk på heimvegen, det var mørkt og vind. Det var ikkje så langt frå Rognsvågen. Dei vart ikkje attfunne. Det var skifte etter Gudmund i 1864. Som i fleire andre samanhengar vart han her skrive med farsnamnet Olsen i staden for Oddsen. Odd var eit uvanleg namn på den tida, og det kan vera grunnen til at det meir vanlege Olsen har vorte brukt. Det var lausøyre for over 22 spd i buet, men det vart ikkje meir enn 5 spd i arv. Men enkja Synneva klarte seg likevel, ho fekk eit lite kår i 1868, og livnærte seg elles av spinning og spøting.

17. Gudmund Olsen f. 1841 Husa (gnr 168 bnr 5-12 c) d. 1884 g. 1867 m. Kristiana Persd f. 1837 Rongeværet, Austrheim d. 1900 (jf Austrheimb. III s 645, dotter av Per Fredriksen f. 1794 d. 1870 (sjå Husa gnr 168 bnr 9-3ba) og Kari Hansd f. 1811 d. 1885). Bygsel frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1868. I 1875 var dyretalet 2 kyr, 1 kalv og 4 sauer, og utsådet ⅛ tn havre og ½ tn potet. Næringa var fiske og jordbruk. Kristiana døydde på Sævrøyna i Austrheim.

Barn: a. Maria Katrine Gudmundsd f. 1869 d. 1950 g. 1898 i Stavanger m. em. Bertel Severin Svendsen f. 1858 Hetland i Sandnes d. 1931, skomakar, budde i Stavanger.

Huset på Stuberg om lag 1915. Frå venstre Hilmar (20b), Anna (20c), Lars og Brita (21).

18. Lars Kristiansen f. 1862 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-17d) d. 1948 g.l.g. 1886 m. Margrete Marie Hansd Knoph f. 1841 Bergen d. 1894 (dotter av matros Hans Petersen Knoph f. 1798 d. 1841 og Anne Margrethe Knutsd f. 1809 d. 1885). Ho var tenar på Kremmarholmen i 1875. Brukarar her frå dei vart gifte. Skøyte i 1892 for 650 kr frå Fedje Torvkompagni. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 32 øre. Som sin oldefar og forgjengar Ola Jensen (11) sat òg Lars med garden i over 50 år, og var gift fire gonger. Ingen born med den første kona, men ho hadde med enkjemannen Hans Larsen f. 1852 Sulo (gnr 169 bnr 34-lc) d. 1938 sonen a. Hans Andreas Hansen f. 1877 d. 1911, ugift og sjømann.

19. Enkjemannen Lars Kristiansen Stuberg (18) g.2.g. 1895 m. Helmina Gudmundsd f. 1877 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-3g) d. 1896 (barselfeber).

Barn: a. Karl Andreas Larsen f. 1895 d. 1923 g. 1917 m. Lovna Jensd f. 1895 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-5d) d. 1981, sjå nedanfor og Stuberg gnr 168 bnr 52-1.

20. Enkjemannen Lars Kristiansen Stuberg (18, 19) g.3.g. 1898 m. enkja Hansina Sivertsd f. 1859 Krossøyna, Austrheim d. 1912 (sjå Stuberg husmenn 4e). Hansina vart oppfostra på Rognøy i Masfjorden, jf Masfjordb. I s 340. Ho vart g.l.g. 1891 m. Johan Jansen f. 1856 Nordre Hjønnevåg, Solund i Sogn d. 1893, dei hadde sonen a. Johan Herman Johansen f. 1893 d. 1961, vaks opp her, g. 1930 m. enkja (sjå ovanfor) Lovna Jensd f. 1895 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-5d) d. 1981, bygde på Stuberg (gnr 168 bnr 52-2).

Lars og Hansina sine born: b. Ludvik Hilmar Monrad Larsen Stuberg f. 1900 d. 1979, seinare brukar (22). c. Anna Olina Larsd f. 1903 d. 1997 g. 1922 m. Karl Henriksen f. 1895 Bodø d. 1979, sjå Stuberg gnr 168 bnr 43-1.

Tidlegare stod huset der som ferjekaien er no. Lars bygde nytt hus på den noverande tomta i 1907.

Lars og Brita Stuberg (21).

21. Enkjemannen Lars Kristiansen Stuberg (18, 19, 20) g.4.g. 1913 m. Brita Knutsd f. 1864 Remmane, Hogsvær i Masfjorden d. 1954 (dotter av Knut Knutsen f. 1833 d. 1878 og Ingeborg Rasmusd f. 1831 d. 1913, sjå Masfjordb. II s 969). Ingen born. Næringa var fiske og jordbruk.

22. Hilmar Stuberg f. 1900 på dette bruket (20b) d. 1979 g. 1929 m. Ingeborg Marie Kårbø f. 1904 Meland d. 1994 (sjå Melandb. I s 164, dotter av Ingeborg Marie Monsd f. 1871 og Mons Palmersen f. 1861, mor hans var Kari Monsd Eide, Øygarden f. 1826, sjå Husa gnr 168 bnr 5-10da). Ingeborg var søster til Borghild Bårdsen, Sulo gnr 169 bnr 70. Skøyte i 1938 for 3000 kr og kår til nr 21. Hilmar var fiskar, og eigde m.a. i båtane «Samson», «Feiebjørn» og «Aslaug». Dei hadde eit par kyr og nokre sauer. Huset vart påbygd i 1972.

Born: a. Haldis Lydia Stuberg f. 1930 d. 2015 g. 1950 m. Norvald Moldøen f. 1918 (gnr 170 bnr 2-17a) d. 2003, busette der (18). b. Andreas Rasmus Stuberg f. 1932 d. 1944, drukna ved Gautebåen 29. juni saman med Karl Harald Uthaug, Andreas vart ikkje attfunnen, c. Ida Margrethe Stuberg f. 1933 d. 2006, reinhaldar, g. 1953 m. Sigvald Sævild f. 1929 Samnanger (sjå Samnangerb. BII s 231), sjåfør, verkstadarb., budde der, flytta 1969 til Stavanger. d. Harald Malvin Stuberg f. 1935 d. 2022 g. 1957 m. Solveig Uthaug f. 1939 (gnr 168 bnr 64-2 a), bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 184. Sjå òg nr 23. e. Bjarne Stuberg f. 1936 d. 2019, sjå gnr 168 bnr 253, som er tomta med huset frådelt i 1975. Sjå òg nr 23 her. f. Valbjørg Irene Stuberg f. 1940, sjukepleiar, g. 1962 m. Ingvar Fykse f. 1940 Nedreås i Lindås (jf Mykingb. s 237), sokneprest Lindås, TimeJæren, og frå 1996 til 2006 Manger, Radøy (sjå Radøyb. III s 193). g. Kirsten Bergit Stuberg f. 1942, sentralborddame, bustad Bergen. h. Andreas Rasmus Stuberg f. 1947, los, g. 1979 m. Ingvild Meland f. 1955 Åsane i Bergen, bustad Valestrand, Osterøy (jf Hamreb. II s 639, og Åsaneb. IV s 507). Deira son Hallvard Stuberg f. 1986, sjå gnr 168 bnr 253-2. i. Magnus Inge Stuberg f. 1949 d. 6 md gl.

23. Harald Stuberg f. 1935 (22d) d. 2022 og Bjarne Stuberg f. 1936 (22e) d. 2019 fekk skøyte her i 1975, etter at huset var frådelt med nytt gnr 168 bnr 253 same året. Bnr 19 omfattar no berre jorda samt naust og uthus. I naustet attmed ferjekaien er det lokale for sal av kvalkjøt, samt lokalet til Fedje landhandleri (sjå Kopper gnr 169 bnr 512-1).

24. Ingmar Stuberg f. 1967, bustad Uthaugen gnr 168 bnr 64-3, fekk skøyte i 2013 av faren og farbroren (23).


Fedje komm.svg Stuberg (Fedje gnr 168 bnr 19) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn på Stuberg • Neste bolk: Sjøvold (Fedje gnr 168 bnr 43)